JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Peer, Povl og Anna

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4579
20220909
4579
20220909

Denne gongen er spalta her skriven i Roma. Det finst folk som påstår at alle vegar fører hit, men eg har mine tvil. Som ein test på sanningsgehalten i postulatet vil eg no på fredag gå til fots langs ein gamal veg frå Mjølfjell stasjon i Voss herad, med håp om å kome fram til fruktbygda Ulvik. Om eg frå glissen vegetasjon på Mjølfjell plutseleg skulle stå framfor Peterskyrkja, vil lesarane av Dag og Tid verte dei fyrste som får vete det.

Når eg er i Roma, gjer eg ting slik eg ser dei gjer dei her. Nesten alltid. Unnataket er at eg ikkje køyrer bil, eller Vespa, med livet som innsats i hovudstaden. Kan hende er eg ein feiging, men i valet mellom livsfarleg leik med lagnaden og å vere trygg fotgjengar, vil eg heller vere ein feiging. Ein feiging som framleis er i live.

Ein som ikkje er i live meir, men som var det i 1877, er Oscar Wilde. Då vitja han gravplassen til John Keats (1795–1821) her i den evige staden. Wilde utropa straks grava til Keats som «den heilagste plassen i Roma».

På gravsteinen til Keats står det: «Here lies One Whose Name was writ in Water», noko som fekk Oscar Wilde til å skrive ein sonett til grava og til Keats. I mi omsetjing vert eit lite utdrag frå «The Grave of Keats» sjåande slik ut: «Namnet ditt var skrive i vatn – det stend. – Og tårer som mine vil halde minnet ditt grønt.»

Så til løysinga denne veka. Laurits Killingbergtrø skriv: «Eg var ganske heldig med å finne fram til rett bok og med å få tak i boka på næraste Deichman. Boka er Byen og verden av danske Peer Hultberg. På siste sidene står det om den litt vemodige romansen mellom Povl og Anna. Etternamnet til Povl er Hestlund; det står greitt lenger framme. Anna var tvillingsyster til Anton Rasmussen, så da må vel ho ha same etternamnet. Det er rett nok ei Anna Knudsen lenger framme i boka, men det må vere ei anna Anna. Peer Hultberg er fødd i 1935. Eg lurte veldig på kvifor det ikkje vart delt ut nokon litteraturpris det året; det var da eit stykke unna verdskrigen enno. Eg fekk forklaringa på nettet, og ho var på bokmål, orsak meg: ’Journalist og fredsarbeider Carl von Ossietzky, også han fra Tyskland, fikk Nobels fredspris for 1935. Fem år tidligere ble han dømt for landssvik og forræderi etter å ha protestert mot Tysklands opprustning. I 1933 ble han sendt i konsentrasjonsleir, og tildelingen fikk Adolf Hitler til å tenne på alle plugger. Etter tildelingen la han ned forbud mot å motta Nobelprisen for tyske borgere.’ – Ja, den Hitler’n, du.»

Eli Hegna skriv: «Den danske forfatteren Peer Hultberg (1935–2007) mottok i 1993 Nordisk råds litteraturpris for romanen Byen og verden: roman i hundre tekster. En kompromissløs roman, rik og underholdende i sin spenning mellom stoff og form, mente nominasjonskomiteen den gangen. Innbyggerne fra ulike sosiale lag i byen Viborg beskrives i 100 miniromaner fra fødsel til død. Forfatteren var både filolog (slavist) og psykoanalytiker – begge deler må ha hatt betydning for hans skjønnlitterære virke.»

Desse klokingane var gode i geografi og leita opp både byen og verda me skulle fram til i oppgåve 1543: Signar Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Arne Thorvik, Jan Alfred Sørensen, Nils Farstad, Petter Kristensen, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, John Olav Johnsen, Lise Haaland, Gunnar Eide, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Olav Holten, Eli Hegna, Ragnhild Eggen, Per Trygve Karstensen, Jan Erik Røed, Fritjof Lampe, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Laurits Killingbergtrø, Skeisebibliotekaren i LASK, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Kjell Helge Moe, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Eirik Holten, Gunnar Eide, Torleik Stegane, Jorunn Øxnevad Lie, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen.

I dag heiter bokvinnaren Ingebjørg Sogge. Gratulerer!

Klok på bok 1545

Nokre dagar er det vanskeleg å vite om det er sommar eller haust. Dette er ein slik dag. Det er kanskje sommar. Det er kanskje haust. Men skodda heng lågt. Kva minner skodda meg om? Røyk frå eit bål? Skyer over ein fjord med badande menneske? Dampen frå ein dusj, der ei kvinne med handduken rundt kroppen stig ut og går inn på soverommet? Eg veit ikkje.

Sitatet er frå side 171 i ein roman som kom ut i 2021. Me skal fram til ein forfattar som ikkje er psykiater, og som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Sentral-Europa. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på mora til forteljaren i romanen. Send namn på mor til forteljar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 17. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis