JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Kurt og Knut

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4935
20230113
4935
20230113

I dag vil Klok-redaksjonen ynskje velkommen med eit underfundig råd frå den amerikanske forfattaren Kurt Vonnegut. Han skreiv: «Ver varsam med kven du gjev deg ut for, av di du er den du gjev deg ut for.»

Der trur eg nok me fekk noko å tenkje på. Mykje å tenkje på var det òg for oppgåveløysarane på oppgåve 1560. Den vidgjetne Hamsun-kvissen ser ut til å vere noko fleire og fleire lesarar set pris på. Ein stor takk til innsendarane for alle lovorda om Store-Knut. Dessutan er det triveleg at me får merksemd frå Hamsun-Selskapet, som også i år presenterte Klok på bok-spalta på heimesida til jul.

No kan me ikkje vente lenger, og det er Gunder Runde som får æra av å avsløre dei rette svara på oppgåve 1560. Han skriv: «Julefeiring i Oslo-gryta: Der er utgangspunktet for Klok på Knut best lagt til rettes i Fetsund-avdelinga: Eldstedottera har alt på stell: abonnement på Dag og Tid, i tillegg til Hamsuns verk i samling. Når det i tillegg er her julekveldsmåltidet skal inntakast, er det enkelt: besten på plass i armlengds avstand til Hamsun, med Dag og Tid på fanget. Også i år er ambisjonen 10 av 10, og før pinnekjøtet er kome på bordet, har eg plassert 8 av dei 10. Her kjem lista:

1: Den uheldige skipper Skåro er førar for båten «Måsen».

2: Eg bladde og bladde i I Æventyrland, og sjølvsagt kom løysinga på absolutt siste side. Konjakkflaska kom frå byen Odessa, dessverre eit namn som gir utrivelege assosiasjonar i dag.

3: Hovudpersonen i Sult finn i halvsvevn fram til eit ord ’av stor grammatikalsk betydning’, nemleg kuboå. Og ’hvem har sagt at det skulle bety dyrskue?’

4: Lensmann Geissler er ein viktig biperson i Markens grøde. I samband med rettssaka om eit barnedrap gir han døme på to viktige personar som var fødde utanom ekteskap, nemleg Erasmus av Rotterdam og Leonardo da Vinci.

5: Nagel vil kunne ’drepe en eskimo(= inuitt) og flå skinnet av ham’, og av dette skinnet ville han lage ei brevmappe til Dagny Kielland.

6: Dette punktet måtte eg vente til 1. juledag for å finne svaret på. Eg finn inga novelle som høver i Hamsun i samling. Men eit så elegant sitat som det som her er gjengitt, må vel finnast blant ’Hamsun-sitater’? Eg blar opp på Hamsun-sitat-sida, og finn tilvising til boka Livsfragmenter – ni noveller frå 1988. Og der står denne novella, med den ikkje uventa tittelen Synd.

7: Plankekøyring etter hjernetrimmen på spørsmål 6. Det er Edvarda Mack som får overlevert liket av hunden Æsop.

8: Den ’fine’ frøkna som avslår alle frieri og vert verande i heimbygda, heiter Fia Johnsen.

9: Endå ei problematisk oppgåve, blading og leiting utan resultat. Eg var heilt på grensa til å akseptere 9 av 10, men då greip barnebarn Eivor inn – her står familieæra på spel! Med stor entusiasme gjekk ho laus på Hamsun 1–15, og jammen gjekk det ikkje langt tid før ho kunne slå i bordet med Den siste glæde, og ’madame’, som viser seg å vere ei mus. Godt å ha gode hjelparar, takk og takk til Eivor!

10: Det er vel kapteinsfrua Louise som kanskje kjem frå diverse eksotiske stader – berre ein av dei er utan a, nemleg Honolulu. Og dermed vart det målgang også i år, takka vere Eivor!»

Godkjente svar på Klok på Knut 1560 fekk me frå: Skeisebibliotekaren i LASK, Arne Thorvik, Eli Winjum, Brith Stensen, Laurits Killingbergtrø, Ingebjørg Sogge, Signar Myrvang, Petter Kristensen, Hege Faust, Ragnhild Eggen, Gunn og Jacob Bull-Berg, Eli Hegna, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, John Olav Johnsen, Reidar Birkeland, Kristian Djuvsland, Per Trygve Karstensen, Ellen Lian, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Gunder Runde, Eivor Runde Barlaug, Tiril Bonnevie, Hallgeir Dale, Camilla Høvik, Ingerid Skarstein, Lise Haaland, Bjørn Øyvind Engh, Laura Killingbergtrø, Gunnar Eide, Eva Stordal, Kari Vevatne, Folke Kjelleberg, Kjell Helge Moe, Sjur Joakim Fretheim, Nils Farstad, Erik Aamlid, Anne Siri Strand, Inger Anne Hammervoll, Per Sletten, Inger Margrethe Berge, Ole G. Evensen og Gunnar Bæra. Bokvinnaren på Hamsun-kvissen 2022 heiter Ole G. Evensen. Gratulerer!

Klok på bok 1562

Var det kanskje dette siste som var mitt sanne ansikt?

Nei. Alle disse ansiktene var riktige: jeg hadde ikke som hyklerne et sant ansikt og andre ansikter. Jeg hadde flere ansikter fordi jeg var ung og ikke selv visste hvem jeg var og hvem jeg ville være.

Sitatet er frå side 31 i boklækjarutgåva (1988) av ein debutroman som på originalspråket kom ut i 1967. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein tysk forfattar. Fødselsdagen til løysingsforfattaren har ikkje nødvendigvis noko med tittelen på boka å gjere. Hovudpersonen i romanen nemner ein russisk politikar i eit postkort, noko som viser seg å vere eit lagnadstungt feilgrep. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne historiske politikaren. Send namn på russisk politikar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 21. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis