Takk for takken
I dag vil Klok-redaksjonen sende ut takk til fleire. Men før me kjem dit, vil eg presentere ei røvarhistorie frå røynda. Ein gong, då du og eg var mykje yngre enn me er i dag, var eg til stades da filosofen Arne Næss heldt eit fantastisk føredrag i Trondheim. Kjapp som eg var på den tida, var eg fyrstemann opp på scenen for å seie takk for førelesinga til Næss. Eg fekk eit sterkt handtrykk frå han Arne, men då dei andre ulvane kom opp på podiet og flokka seg kring filosofen, tusla eg attende til plassen min. Men Arne Næss hadde ikkje tenkt at eg skulle få siste ordet mellom oss, han brøyta seg veg ned i salen og kom bort til bordet der eg sat. Der la han ei hand på skuldra mi og kviskra meg i øyret: «Takk for takken. Det er godt å få en takk.» Eg vart bergteken der og då. Eg er framleis bergteken.
No er det min tur til å seie takk for takken til alle innsendarane som uttrykte takksemd for Hamsun-kvissen. Det vart ny rekord denne gongen, nesten 50 namn er på lista over dei som løyste dei krevjande oppgåvene. Dessutan vil eg seie takk til Hamsun-Selskapet, som nok ein gong presenterte Kviss med Knut på selskapet si heimeside i høgtida.
Så til svara me etterlyste i Klok på Knut:
1. Frå Sult: Johan Arendt Happolati er namnet på oppfinnaren av den elektriske salmeboka.
2. Frå Mysterier: Det forvrengde førenamnet Johan Nilsen Nagel gjev Dagny Kielland, er Dangni.
3. Frå Pan: Hamsun på sitt mest erotiske: «Klokken blev fire.» Gjetarjenta Henriette vart verande til seint i hytta til Thomas Glahn.
4.Frå I Æventyrland: Det var kåpa Bergljot gløymde på stasjonen i Sankt Petersburg. «Ikke noget andet».
5. Frå Stridende liv: Novella me skulle fram til, heiter Alexander og Leonarda.
6. Frå Benoni: Fyrvaktaren avslører at skildringa er frå Malta, av di det står skrive på biletet.
7. Frå En vandrer spiller med sordin: Sitatet om «Teatervæsen» var frå denne boka.
8. Frå Markens grøde: Lensmann Geissler skal til Västerbottens län.
9. Frå Men livet lever: August er det rette namnet til Altmulig.
10. Frå Paa gjengrodde stier: Store-Knut skriv at han har sett eld på dikta sine i Bodø og Hønefoss.
Kari Vevatne skriv: «Også denne romjulen ble det å bla og å lese i bøker av Store-Knut den viktigste aktiviteten for meg! Tusen takk for det! Dårlig vær ute – de som ville det, kunne jo gå ut – jeg ble inne, ved bokhyllen. Jeg blir litt mer kjent med bøkene til Hamsun for hver romjul som dette er mulig. Og det er fint! I år fortsatte jeg (igjen) med nærlesning av Markens grøde når oppgavene var løst. Den blir jeg aldri lei av, og jeg oppdager stadig noe nytt i den. Det må være en av verdens beste bøker – den inneholder jo alt!»
Hallgeir Dale skriv: «Eg takkar Medikus Libri for dette påskotet til å bla i Hamsun att! Det har vorte ein juletradisjon så god som nokon.»
Dag Skarstein skriv: «Takk for fine oppgaver. Så ble det tradisjonen tro en lærerik romjul i år også.»
Fleire oppgåveløysarar hadde ein slengarfeil eller to, men nesten alle innsendarane kom fram til minst åtte godkjente svar. På oppgåve 1656 var det desse som kunne sin Knut: Per Trygve Karstensen, Eli Winjum, Terje Solbakk, Kristian Djuvsland, Paul Henrik Hage, John Dag Hutchison, Gunder Runde, Skeisebibliotekaren i LASK, Svein Skarheim og Harald Gjørtz, Gunnar Sanderud, Hallgeir Dale, Laurits Killingbergtrø, Eli Hegna, Roy Mesics, Reidar Birkeland, Ingebjørg Sogge, Ole G. Evensen, Signar Myrvang, Reidar Bringedal, Dag Skarstein, Sissel Gunnarshaug, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunnar Eide, Gunn Bull-Berg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Vigdis Hegna Myrvang, Viggo Østebø, Thana Rongen, Ragnhild Eggen, Folke Kjelleberg, Hege Faust, Jorunn Øxnevad Lie, Kari Vevatne, Sjur Joakim Fretheim, Brita Lundeland, Inger Anne Hammervoll, Eva Stordal Havnerås, Gunnar Bæra, Inger Margrethe Berge, Kjell Helge Moe, Tiril Bonnevie og Ingerid Skarstein med god hjelp frå far sin. I år heiter bokvinnaren på Hamsun-kvissen Per Trygve Karstensen. Gratulerer!
Klok på bok 1658
En selvmedlidende mann kan aldri få nok oppmerksomhet.
Sitatet er frå side 215 i ei bok som kom ut i fjor. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Du treng ikkje vere matematikar for å ha glede av romanen. I boka får me lese om ei lettkledd dame som svingar tauet og hoppar over det, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne dama. Send inn namn på lettkledd dame med hoppetau, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. januar.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.