JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Høna og egget

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4866
20230331
4866
20230331

Eit uttrykk som med åra har mista glans og farge er: Egget vil lære høna å verpe. Tydinga er liketil, nemleg at den urøynde vil ta den røynde i skule. Men kan hende står ikkje røynsla til dei røynde så høgt i kurs hos dei urøynde no for tida. Her om dagen såg eg ei jente i 8-årsalderen som sykla i fin fart, utan å halde i styret på sykkelen. Hendene brukte ho på mobiltelefonen, mest sannsynleg var ho på TikTok. Kva kunne eg lære henne? Ikkje har eg TikTok, og i beste fall ville eg hamna på hospitalet om eg sykla utan å halde i styret.

I En vandrer spiller med sordin skreiv Knut Hamsun noko eg trur mange av dei unge i dag er samde med han i, nemleg: «Alder skjænker ingen modenhet, alder den skjænker intet andet end alderdom.»

Forfattaren Nils Henrik Smith hadde i helga eit innlegg på Twitter som eg synes folk kan tenkje over i den stille veka. Han skreiv: «Agnes Ravatn sa ein gong at det som provoserte henne mest i det norske samfunnet var den rådande tankegangen om at rike berre kan motiverast av å få meir pengar, medan fattige berre kan motiverast av å få mindre pengar. Ho traff som så ofte spikeren på hovudet.»

Så til løysinga me skulle fram til i dag. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte. Som vanleg kjende eg ikkje att sitatet. Søk på Wiki på ‘litteraturåret’ for 1930 og 2021 gav ikkje resultat. Men på mi kjære nettside Oria vart det vellykka. Eg valde ut søkjeopplysningane ‘1930 2021 nynorsk’ og fekk seks tilslag, mellom annna Gamalnorsk ordbok og Nynorsk salmebok. Men sist av dei seks står boka Lausgjengar – notat frå eit ustadig liv, av den japanske forfattaren Fumiko Hayashi. Ho levde frå 1903 til 1951 og gav med desse årstala ufriviljug ære til dei to store skandinaviske nobelprisvinnarane Bjørnstjerne Bjørnson og Pär Lagerkvist, årstal som ligg inne i tipsa frå Medikus. Som ofte elles måtte eg på byen for å låne denne boka, men berre bort på næraste Deichman denne gongen. Så no har eg lese i boka på den lettvinte måten, med å lese slutten først, ‘for å sjå korleis det går’. Der blir eg-personen så hoppande glad fordi ho har fått på prent nokre barneforteljingar ho har skrive, og fått 23 yen for dette. Dette må ho feire. ’I kveld skal eg ete sushi!’ er det siste ho ropar ut i boka. Ja, lykke til, Fumiko! Sjølv ville eg heller ha valt lettsalta torsk med steikt flesk, men eg er no trønder, da. Men no har eg boka i hende og skal på ære og tru kose meg med ho i helga.»

Gunder Runde skriv om omsettaren: «På heimesida til Skald forlag ligg mellom anna eit intervju med omsettaren til denne boka, Ika Kaminka. Ho les litt frå boka, og ifølgje henne er dette ’det kjekkaste omsettingsoppdraget eg har hatt på mange, mange år’. Det kan ein også sjå av omsettinga, ei frodig og munnleg attgjeving av tankane til hovudpersonen i boka.»

Camilla Høvik skriv: «Denne veka er løysinga Lausgjengar – notat frå eit ustadig liv av Fumiko Hayashi, og eg vil på det varmaste tilrå denne boka frå Skald sin fantastiske klassikarserie på nynorsk.»

Nokre av innsendarane las ikkje menyen heilt nøye på ekstraspørsmålet denne gongen, men sidan boklækjaren er i eit strålande påskehumør, får alle amnesti på den biten i dag. Godkjende svar på oppgåve 1571 fekk me frå: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Farstad, Jan Alfred Sørensen, Ragnhild Eggen, Jorunn Røyset, Fritjof Lampe, Eli Hegna, Gunder Runde, Torhild Bru, Camilla Høvik, Audun Gjengedal, Ingerid Skarstein, Reidar Birkeland, Inge Strand, Ingar Sveen, Inger Anne Hammervoll, Kjell Helge Moe, Folke Kjelleberg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Bjørn O. Bjørnsen, Tove Skoghaug Skrede, Sissel Gunnarshaug, Anne Berit Skaarer, Gunnar Bæra, Sigrun Gjengedal Ruud, Ole Husby, Per Trygve Karstensen, Dei kvasse på Fana, Arne Thorvik, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Lise Haaland, Egil Nysæter, Geir Nævdal, Iver Røssum, Olav Holten, Gunnar Eide, Torleik Stegane, Eirik Holten og Ole G. Evensen. Bokvinnaren bur i Tønsberg, og han heiter Arne Thorvik. Gratulerer!

Klok-redaksjonen ynskjer alle lesarane ein praktfull påske. Gløym no ikkje at mange av dei finaste turane finst i litteraturen.

Klok på bok 1573

Å være full i Moskva er som å ha en ganske vanlig hårfarge. Kan man bebreide et menneske for hårfargen det har? Neppe.

Sitatet er frå side 106 i boklækjarutgåva (2022). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1993. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit skotår då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Ein stad i boka finn hovudpersonen plutseleg ein fisk i veska si, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva for slags fisk det er snakk om. Send namn på fiskeslag, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 8. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis