Holub og Helena
Boklækjaren har nok ein gong vore på tur for å seie takk, denne gongen til den tsjekkiske diktaren Miroslav Holub. Og det var ei varm mottaking som møtte Medikus i Praha. 26 varmegrader og ikkje eit vindpust. Bussen ut til Šeberov, der Holub er gravlagd, var utan klimaanlegg, så heller ikkje der var det fare for å fryse.
Miroslav Holub var ikkje kjend for å vere ein pratmakar i levande live. Han var heller ikkje vidare taletrengd i det salige. Eg fekk sagt dekuji, som tyder «takk», og det kan ikkje utelukkast at poeten takka for takken og samstundes sende ei helsing til lesarane.
Å knyte kontaktar kan vere ein god ting. Seinare på dagen viste det seg nemleg at mor til ei venninne av meg hadde forska saman med Holub på 60-talet, og ho ville gjerne møtast for å fortelje litt om kollegaen.
Professor i immunologi, Helena Tlaskalová-Hogenová, er ei nydeleg jente på 84 år. Me fekk to uforgløymelege timar saman på Café Savoy i Praha, og Helena hadde mykje interessant å fortelje om forskinga ho og Holub hadde gjort saman. Om personlegdomen til poeten og vitskapsmannen sa ho at han var ein venleg, snill og imøtekomande kar med ein herleg humor. Innanfor immunologisk forsking var han ein føregangsmann som framleis vert framheva, også i universitetsmiljø utanfor Tsjekkia. At diktinga til Miroslav Holub stadig blir lesen og sett pris på, tykte Tlaskalová-Hogenová var særs triveleg. Til sist fortalde Helena at ho var i gang med å skrive eit essay om Holub i samband med hundreårsdagen for fødselen hans 13. september i år.
I bokstova vil me varmt tilrå folk å lese seg opp på Miroslav Holub. Ein stad å starte kunne vere Den forsvinnande lungas syndrom, gjendikta av Arvid Torgeir Lie. Elles er Holub mellom anna gjendikta til rett norsk av Arnljot Eggen og Olav Rytter.
Så til løysinga i dag. Robert Øfsti skriv: «Leoparden bør vi lese, ikkje berre ein gong, men to gongar. Først må vi lese utgåva frå 1960 på grunn av det fine forordet om forfattaren, grev Giuseppe Tomasi di Lampedusa. Så må vi lese Den norske bokklubben si utgåve frå 1975 – på grunn av illustrasjonane. Bokklubben fekk den glimrande ideen å sende Nils Aas til Sicilia med tusj, pensel og tegnepapir, og Nils leverte! Ikkje illustrasjonar i tradisjonell tyding, ikkje ei einaste tegning av bulldoggen Bendicò. Men scener frå Sicilia, landskap, bygningar, bygningar i landskap, perfekt tilpassa boksidas høgdeformat eller dobbeltoppslaget breiddeformat. Eg møtte desse illustrasjonane i originalformat i gamle Galleri Strømmen i Trondheim midt på 70-talet. For ein ungdom med kunstnarnykker, som syntest alt han gjorde vart grått og flatt, var det skjelsetjande å sjå kva Nils Aas kunne få til med svart og kvitt og eit perfekt utval av gråtonar imellom. Hadde det vore ein Nobelpris i bokillustrasjon, hadde Nils Aas fortent han for denne boka.»
Nina Korbu skriv: «Så gøy! Dette er jo fra Leoparden av Giuseppe Tomasi di Lampedusa. Jeg så filmen før jeg leste boka – på kino i Roma i august 1981 i et røykfylt kinolokale, og filmen hadde selvfølgelig ingen undertekster. Boka ble kjøpt på italiensk dagen etter, men den italienske utgaven ble aldri lest fra perm til perm. Men det er et koselig minne fra ungdommen, og jeg hentet den fram fra bokhylla i går kveld sammen med den utgaven jeg har lest fra perm til perm – et hyggelig gjensyn.»
Desse leita fram leoparden og bisken Bendicò som svar på oppgåve 1580: Eli Winjum, Fritjof Lampe, Jon Grepstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Nils Farstad, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Turid Tirevold, Signar Myrvang, Per Trygve Karstensen, Bjørn Myrvang, Ole Husby, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Brita Lundeland, Jorunn Røyset, John Olav Johnsen, Jorunn Øxnevad Lie, Eli Hegna, Inge Strand, Reidar Birkeland, Olav Holten, Ragnhild Eggen, Audun Gjengedal, Laura Killingbergtrø, Lise Haaland, Roar Øvrebust, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Bjørn O. Bjørnsen, Gunder Runde, Folke Kjelleberg, Torleik Stegane, Kjell Helge Moe, Anne Berit Skaarer, Sigrun Gjengedal Ruud, Thore Desserud, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Nina Korbu, Sissel Gunnarshaug, Ole G. Evensen og Gunnar Eide. Bokvinnaren denne veka høyrer heime på Høvik og heiter Nils Farstad. Gratulerer!
Klok på bok 1582
Det er berre anonyme ringeklokker ved inngangsdøra, ingen vil innrømme at dei bur her. Eg tar opp telefonen, ringer til mamma, men ho tar den ikkje. Etter ei stund ser eg det lyse håret inne i gangen, i eit par sekund ser eg henne som ho er, ei tynn dame på hospits. Ho har ikkje for vane å seie hei.
Sitatet er frå s. 119 i boklækjarutgåva (2022). Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. I forteljinga får hovudpersonen etter kvart ansvaret for to kattar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på pusane. Send namn på to kattar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 17. juni.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.