JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Hissig Hemingway

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4967
20230324
4967
20230324

I ei anna tid, det vil seie før tida me er inne i no, var boklækjaren på vitjing i huset der Ernest Hemingway budde på Key West. Eigedomen vart i 1964 gjord om til eit museum og framstår framleis som ein standsmessig bustad. Hemingway skal saman med den dåverande kona, Pauline Pfeiffer, ha hatt postadresse 907 Whitehead Street frå 1931 til 1939.

Det bur om lag 60 kattar i hagen til Hemingway på Key West, men røvarhistoria me skal fram til denne gongen, har ikkje noko med dei å gjere. Det er ein katt i keramikk, laga av Pablo Picasso, eg vil trekkje fram i dag. Ifylgje omvisaren på museet vart figuren funnen under ei utgraving på tomta på 1970-talet. Katten var knust, men vart lima i hop og utstilt i heimen til Hemingway. Historia bak fajansekatten skulle vere at i Paris på 1920-talet, hadde Pablo gjeve skulpturen som ein presang til Hadley Richardson, den fyrste kona til Ernest. I takksemd for gåva til kona, skal ein rasande Hemingway ha sendt ei kasse med handgranatar til Picasso.

Frå eksplosive tilstandar i Paris til sindige svar på oppgåve 1570. Norunn Askeland skriv: «Amerikanske forfattarar kan ofte vere svært skravlete og ordrike. Men det gjeld ikkje denne forfattaren, som er Joyce Carol Oates, ein av yndlingsforfattarane mine. Bilmerket er Toyota, svart til og med. Tittelen på verket som sitatet er henta frå, er Black Water (1992) og Svart vann (2020). Forfattaren er fødd i 1928, det året amerikanske Pearl S. Buck fekk Nobelprisen i litteratur. Boka handlar om ein senator som er ute og køyrer med ei ung, velutdanna kvinne. Senatoren er påverka av alkohol, køyrer utfor vegen og bilen hamnar i ei elv. Senatoren greier å sparke seg ut av bilen og komme seg på land, mens passasjeren, den unge kvinna, vert liggande att i bilen for å vente på den grusame drukningsdøden. Vi lærer mykje om både drukning og dødsstraff mens vi les, ikkje minst om korleis kroppen reagerer på ulike måtar å døy på. Då boka kom ut, var det mange som tenkte at dette handla om senator Edward Kennedy, som var involvert i ei liknande bilulykke. Den naive, idealistiske og sårbare kvinna er tiltrekt av ein eldre, rik og mektig mann, men det kjem ikkje noko godt ut av det, for å seie det mildt. Metoo var til stades både då og no. Så det er kanskje tryggast og best for godtruande og velutdanna kvinner å halde seg til sine eigne, både i stand og alder, og la dei eldre, rike og mektige segle sin eigen sjø.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Toyota er bilmerket. Havariet i svart gjørmevatn vart endelikta til senatoren sin leigebil. Vi har nett vinka farvel til vår 23 år gamle Toyota, ein trufast slitar i 575.000 km som møtte ein brutal EU-kontroll. Vi trur at han likevel kan leve vidare, for han dreg framleis vitalt på alle fire. Sjølv om Joyce Carol Oates har lagt hendingane 20 år nærare oss i tid, tenkjer vi uvilkårleg på Edward Kennedy og hans fatale biltur med Mary Jo Kopenche 18. juli 1969. Kennedy køyrde uti ein dam ved Chappaquiddick-øya med Oldsmobilen sin og Mary Jo omkom. Massachusetts-senatoren si handtering av ulykka etterpå blir rekna for det som hindra han i å bli president i USA. Hadde senatoren i Svart vann køyrt vår Toyota, hadde nok Kelly også overlevt.»

John Olav Johnsen skriv: «Fascinerande lesing.»

Desse klokingane gjekk ikkje i svart på oppgåve 1570: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Torhild Bru, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Ingebjørg Sogge, Fritjof Lampe, Lars Krogvold, Arne Thorvik, Inger Anne Hammervoll, Ole G. Evensen, Paul Henrik Hage, Bjørn Myrvang, Ole Husby, Jorunn Røyset, Gunnar Bæra, Jan Alfred Sørensen, Eli Hegna, Inge Strand, Jorunn Øxnevad Lie, Turid Tirevold, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Reidar Birkeland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Oddny Indrehus, Norunn Askeland, Olav Holten, Anne Berit Skaarer, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Kjell Helge Moe, Gunnar Eide, Torleik Stegane, Anne Siri Strand, Per Trygve Karstensen, Camilla Høvik, Dei kvasse på Fana og Gjertrud Fanebust. Bokvinnaren denne veka heiter Olav Holten. Gratulerer!

Klok på bok 1572

Eller en stor bygning langs et jernbanespor, hvor kasser og konteinere lastes og losses før de skal videre. Ordet tar hensyn til den som må bruke det, ved å antyde at toget kan gjøre et kort stopp der og så kjøre videre. Man trenger kanskje ikke å dø fullt ut. Hvem har sagt at det må være endestasjonen? Skinnene fortsetter jo.

Sitatet er frå side 333 i boklækjarutgåva (2023). Fyrste utgåva kom i fjor. Me skal fram til ein debutroman av ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur vart delt mellom to forfattarar. Hovudpersonen i boka veks opp i same hus som besteforeldra, og som naboar har dei ein grandonkel og kona hans. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namna på desse to naboane. Send namn på gamleonkelen og kona hans, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 1. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis