JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

God latin

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4704
20230317
4704
20230317

Når dei unge i dag legg frå seg mobiltelefonane, er det særs sjeldan av di dei skal til latinundervising. Det er rett og slett ikkje god latin å påpeike for ein tenåring at å lære seg litt latin kan vere klokt. Utan omsyn til kva ungdommen meiner, eller kva Alexander Kielland ville ha sagt, skal me i dag ta føre oss ei latinsk formaning. Det er filosofen og teologen Thomas Aquinas som etter seiande er opphavsmann til uttrykket: Cave ab homine unius libri. På norsk vert tydinga: «Ta deg i akt for han som berre kjenner éi bok.»

Kan hende er det ein lesar eller fem som no trur at Aquinas med åtvaringa meinte noko negativt om personen med kjennskap til berre éi bok, men det er motsett. Teologen ville fram til at me mest sannsynleg har å gjere med ein som kan boka betre enn dei som har lese fleire bøker. Om alle visste dette frå før, ber me om orsaking.

Så skal me vidare til Moskva og til Lefortovo-fengselet. Der går ein fange til fengselsbiblioteket for å låne ei bok. Responsen frå bibliotekaren er: «Boka du vil låne, har me diverre ikkje inne, men me har forfattaren.»

Det lakkar og lid mot påske. For folk som skal til fjells, har Klok-redaksjonen laga eit supplement til fjellvitreglane, nemleg: Hugs at ti meter er betre enn ti kilometer i feil retning. Takk for takksemda.

Så vart det endeleg Laurits Killingbergtrø sin tur. Han skriv: «Nydalen er eit triveleg strok i Oslo, der det ligg inntil Akerselva og kan fungere som ein fin stoggestad på elvevandringa med sine kafear og høve til dukkertar. Men her held eg visst på og drøymer meg bort i sommaropplevingar tidleg i mars! I dag er eg da i Nydalen fordi eg fann ut at biblioteket her er av dei få i byen som har løysingsboka i Klok på bok! Rett det, eg fann den boka som eg trudde passa best med hjelpetipsa: Se en siste gang på alt vakkert, ei novellesamling av Kristin Vego. Sitatet står på ‘rett’ side, og det står i kapittelet med tittelen «Be my baby». Kristin Vego er for meg eit spennande namn, som eg måtte finne ut meir om. Trass i det supernorske namnet er ho fødd i Århus, men er rekna som dansknorsk. (Det er 44 i Noreg som har det etternamnet – snok, snok.) For Klok-boka fekk Kristin Vego i 2021 Tarjei Vesaas’ debutantpris, så ho er godt i gang, og vi ventar på framhaldet.»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Nok en gang måtte vi ut av huset for å løse ukens konkurranse, for den Tarjei Vesaas’ debutantprisvinnende novellesamlingen Se en siste gang på alt vakkert, av Kristin Vego, hadde vi – med skam å melde – ikke i egen samling. Det har vi nå. Sitatet er hentet fra den litt snodige og forbløffende novellen “Be my baby”.»

Folke Kjelleberg skriv: «Den danske utgåva Se en sidste gang på alt smukt kom i 2022 og vart same året heidra med Bogforums debutantpris. Kristin Vego er fødd i 1991, då sørafrikanske Nadine Goldimer vann Nobelprisen i litteratur. Forfattaren er busett i Oslo, og ho er mellom anna redaktør i Vagant og kritikar i Dagbladet.»

På oppgåve 1569 var alt vakkert i svara me fekk frå desse klokingane: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Paul Henrik Hage, Vigdis Hegna Myrvang, Nils Farstad, Torhild Bru, Inger Anne Hammervoll, Per Trygve Karstensen, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Inger Margrethe Berge, Jarle Fanebust, Jan Alfred Sørensen, Bjørn Myrvang, Turid Tirevold, Ole Husby, Else Gjesdahl Sørensen, Gunder Runde, Arne Thorvik, Fritjof Lampe, Ragnhild Eggen, Audun Gjengedal, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Reidar Birkeland, Jorunn Øxnevad Lie, Olav Holten, Knut Einar Johannessen, Lise Haaland, Camilla Høvik, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Hegna, Inge Strand, Dei kvasse på Fana, Folke Kjelleberg, Geir Nævdal, Sigrun Gjengedal Ruud, Anne Berit Skaarer, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Robert Øfsti, Eirik Holten, Tove Skoghaug Skrede, Gunnar Bæra, Ole G. Evensen og Torleik Stegane. Bokvinnaren denne gongen heiter Vigdis Hegna Myrvang. Gratulerer!

Klok på bok 1571

– Og du, kva driv du med? Kvar skal du? Adresse? Alder? Foreldre?

Den skitne mannen står ved puta mi og vætar ein blyant med tunga.

– Kjende du den kvinna?

– Eg trefte ho for tre minutt sidan.

Ikkje eingong Knut Hamsun ville vel ha vorte utsett for noko slikt!

Sitatet er frå side 29 i boklækjarutgåva (2021). Me skal fram til ei bok som på originalspråket kom ut fyrste gong i 1930. Forfattaren var både fødd og døydde i år då Nobelprisen i litteratur gjekk til nordiske forfattarar. Heilt til sist i boka får me vete kva forteljaren skal ete til kvelds ein dag i februar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva rett det er snakk om. Send namn på matmål om kvelden, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 25. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis