JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Gjestebok

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4860
20221125
4860
20221125

Det går mot vintertid, og i brevkassa her i bokstova er det tydeleg at folk no skal ruste seg til kaldvêr og faren for å snø inne. I år er det påfallande mange av dei fiktive lesarane som vurderer å ynskje seg gamasjar til jul, og spørsmålet som fleire vil ha svar på, er: Er det moderne med gamasjar no?

Motviljug lyt me medgje at boklækjaren ikkje er særleg sakkunnig når det dreier seg om klesplagg til å spenne over ankel og legg. Me har difor rådført oss med ein spesialist i gamasjefaget, nemleg Knut Hamsun. Han gjer fyrst merksam på at han ikkje estimerer ordet gamasjar, då ordet snesokker er meir presist og kling betre.

Det er i Fra det moderne Amerikas Aandsliv me får høyre om då Store-Knut gjekk omkring med snesokker i Sambandsstatane: «Om jeg havde været et vandrende Teater, kunde jeg ikke vakt større Oppsikt, og jeg følte meg slet ikke tryg for et Engagementstilbud fra et eller annet Varietéemusæum. Tilsidst blev den Opmærksomhed, jeg paadrog mig ved mine Snesokker, lidt betænkelig. Selv Politibetjentene stod og saa på dem, og spekulered paa om de kunne undgaa at arrestere de Snesokker. Følgen var at jeg gav dem bort, det gjorde jeg – gav dem bort til min værste Uven, en Tømmermann fra Texas, med hvem jeg saaledes sluttet et hjærteligt Forlik.»

Frå snøsokkar til svaret me skulle fram til denne veka. Gunder Runde skriv: «Når du no har gått inn på systemet med gjenbruk, var det truleg ingen betre å starte med enn Agnes Ravatn og årets bok frå hennar hand: Gjestene. Agnes Ravatn er ein kjend og kjær penn for oss som har vore Dag og Tid-abonnentar nokre år. Artiklane hennar i avisa for nokre år sidan er ei rein glede å minnast – nokre av dei er heldigvis komne i bokform etterpå. Eg såg med stor glede fram til å lese årets bok av Ravatn, og passa på å vere tidleg i køen på ’bokbitane’, og dermed har eg for lengst lese boka, og sjølv om eg ikkje kjende att dette sitatet, så var eg i alle fall ikkje i tvil når eg såg namnet Kai og las om hans evner som bryggebyggar. Men sjølvsagt hugsa eg ikkje etternamnet, og sidan det no er lange ventelister på boka på både bokbitar og -samlingar, måtte eg snikblade på bokhandelen i Ulsteinvik. Det tok si tid, men med hjelp av ein betre halvdel (vi tok kvar vår bok, éin bladde bakfrå og éin framanfrå) fann vi til sist, på side 112, etternamnet, som er Braaten. Det er ikkje så verst å ha ein samarbeidsvillig ektefelle i slike situasjonar! Hovudpersonen i boka, Karin, er ein typisk Ravatn-figur, ei kvinne med ein god del sjølvinnsikt, men som ikkje heilt klarer å styre kjenslene sine, spontant set ho i gang ei lang rekkje med lygner som ho har problem med å vikle seg ut av. Det er hyttenaboane som er ’skurkane’ i forteljinga, og heldigvis har ho (tilsynelatande) stødige Kai ved si side til hjelp i lygeprosessen. Mot slutten av boka skjer det ei uventa vending i handlinga, men dette får dei som står i kø til å lese boka, finne ut av sjølv. Ravatn skuffar ikkje denne gongen heller! Glitrande framstilling av Karin sine sprell, med hennar eigne refleksjonar av sine litt negative sider.»

Petter Kristensen skriv: «Bokhandleren på Ark i Sandakersenteret hadde lest boka uka før og kunne ikke få fullrost den nok.»

Ole G. Evensen skriv: «Stor takk til kona mi som let seg overtale til å opne bokgåva (frå meg) lenge før jul.»

På oppgåve 1554 var det ei fin blanding av stamgjester og nye innsendarar som fann fram til løysinga. Me nemner i fleng: Skeisebibliotekaren i LASK, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Else Gjesdahl Sørensen, Anita Ovidie Villa, Jan Alfred Sørensen, Hanne Birgitte Sødal Tveito, Signar Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Arne Thorvik, Eli Søyland, Eli Hegna, Gunder Runde, Eli Winjum, Liv Merete Tilseth, Laurits Killingbergtrø, Fritjof Lampe, Petter Kristensen, Audun Gjengedal, Camilla Høvik, Folke Kjelleberg, Vigdis Hegna Myrvang, Yngve Skjæveland, Gunnar Eide, Pål Amdal, Bjørn Myrvang, Jakob Gullberg, Ståle Ritland, Sigrun Gjengedal Ruud, Ragnhild Eggen, Gunnar Bæra, Kari Vevatne, Marta Kløve Juuhl, Erik Aamlid, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Ragnhild Mjør, Olav Holten, Inger Anne Hammervoll, Ole G. Evensen, Robert Øfsti, Torbjørn Ohnstad Skaim, Inger Margrethe Berge, Robert Øfsti, Ingrid Amundsplass, Tvillingene, Torleik Stegane og Sjur Joakim Fretheim. Bokvinnaren i dag heiter Ragnhild Mjør. Gratulerer!

Klok på bok 1556

her er kunnskap subjektiv,

tannbørster smarte,

ærligheten eksotisk og

alminneligheten en heltedåd

Sitatet er frå side 75 i ei diktsamling som kom ut i 2021. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå eit land i Sør-Europa. Boka er delt i tre delar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete tittelen på del tre. Send tittel på del tre, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis