JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Fyrsteinntrykk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5041
20230414
5041
20230414

Det er godt å få rett, ikkje minst når ein prøver seg som profet. I februar kom boklækjaren med ein dristig spådom om at verda kom til å stå til påske. No er me langt inne i påsketida, og som vellukka sannseiar, vil eg takke alle lesarane som trudde på meg.

Det vart litterær italiensk påske på boklækjaren i år. Eg fylgde fotefara til forfattarar som Goethe, Byron, Shelley, Keats og Ibsen, og sånn hamna eg i Sorrento i Napolibukta. Der har dei ikkje gløymt at Ibsen budde i byen i fleire periodar. I tillegg til ein park med namn etter diktaren, Parco Ibsen, er det gjort stor stas på Enrico Ibsen på standsmessige Hotel Tramontano. Dramatikaren var gjest på hotellet i seks månader i 1881, og det var der han skreiv Gengangere. Av frykt for spøkjelse overnatta eg ikkje på Tramontano, men eg kosta på meg eit glas i baren på hotellet. Mest sannsynleg har Ibsen sete på same plass og i same stolen som eg sat i, det kjendest slik.

Så til løysinga me skulle fram til i dag. Laurits Killingbergtrø skriv: «Nesten rekord i dag, Medikus: Boka som du fekk meg til å lese denne gongen, er nemleg på 357 sider. Men for å ta starten på boksøket, så leitte eg først på lista over nobelprisvinnarar i litteratur. Der skulle fødselsåret til forfattaren vår vere eit år da det var to vinnarar. Eg fann berre 1966 og 1974 som slike aktuelle år. Når vi attåt visste at boka er ein debutroman som kom i utgåver 2022 og 2023, lykkast eg med å drible meg fram til den norske forfattaren Lars Elling og boka Fyrstene av Finntjern. Eg kjøpte boka og gav meg til å lese, og det har eg ikkje trega på. Rett nok er ikkje oppveksten til hovudpersonen Filip berre lysteleg skildra – til dels i jeg-form – der han bur saman med mor og far og besteforeldra. Bestefaren Arnstein er berre ‘Den gamle’ og kan vere noko av ein surpomp. Men forteljinga kviknar utruleg til når Arnstein fortel om sine eigne gutedagar i Oslo saman med broren Truls. Sjølv for ein innflyttar som meg, er det nesten nostalgisk å lese om det som dei er med på i byen, på fjorden og i marka, på kjende og kjære stader, med masse friluftsliv. Og brørne er gode vener. Derfor er det så synd at dei skulle bli bitre uvener seinare i livet. Så var det namna på granneparet da, Medikus. Eg fann tidleg ut at det er Truls og Rakel. Men når eg veit kor utkropen du kan vere, så tenkte eg at vi kanskje også måtte ha etternamna, og las vidare. Eg fann ikkje nokon etternamn, men fann ei knakande god og fengslande forteljing som eg las til endes. Så takk likevel, da.»

Gunder Runde skriv: «Denne boka var ein svir å lese. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at Elling er biletkunstnar (eg minnest spesielt ei strålande utstilling han hadde i Galleri Ismene i Trondheim for nokre år sidan). Boka er full av visuelle element, og at Elling samstundes er poet, er like sjølvsagt (les opp att innleiingskapitlet!). At hovudpersonen i boka, Filip, på mange måtar er i slekt med forfattaren, synest eg er lett å sjå. Hans uavklara forhold (og eiga misnøye) til utviklinga si som kunstnar, får si forløysing då bestefar Arnstein døyr, og Filip teiknar han etter at han er død. Me som har følgt Lars Elling si utvikling som kunstnar, vil hugse oppstyret det skapte då han teikna sin eigen far etter døden. Elling vart kritisert for dette, men fekk mellom anna støtte frå sjølvaste Håkon Bleken, som også har gjort det same i samband med sin eigen far.»

John Olav Johnsen skriv: «Enda ein av desse målarane som meistrar både penn og pensel.»

Om alle desse har fyrstehandskunnskap om løysingsboka, veit me ikkje, men rett svar på oppgåve 1572, fekk me frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Øxnevad Lie, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Jorunn Røyset, Gunder Runde, Eli Hegna, Jan Alfred Sørensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Audun Gjengedal, Magne Mæhle, Reidar Birkeland, Kjell Helge Moe, Thana Rongen, Fritjof Lampe, Folke Kjelleberg, Anne Berit Skaarer, Sigrun Gjengedal Ruud, Inger Anne Hammervoll, Torhild Bru, Ingjerd Helleland og Jens Olafson, Olav Holten, Bjørn O. Bjørnsen, Gunnar Bæra, Inge Strand, Camilla Høvik, Per Trygve Karstensen, Gunnar Eide, Dei Kvasse på Fana, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane, Ole G. Evensen og Eirik Holten. Denne gongen går bokpremien til Bergen og til Skeisebibliotekaren i Lask. Gratulerer!

Klok på bok 1574

«Kva gjer folk som ikkje har nokon stad å gøyme seg bort?»

«Dei komponerer, skriv dikt, plukkar sopp og går på fisketur.»

Sitatet er frå side 256 i boklækjarutgåva (2003). Fyrsteutgåva kom i 2002. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit skotår då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Etter mykje om og men finn hovudpersonen i boka endeleg fram til far sin, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne karen. Send førenamn på far til hovudperson, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 22. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis