JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Fred og forsoning

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5001
20221216
5001
20221216

På med setebeltet, denne gongen har me mykje me skal nå i spalta du les no. Fyrst lyt me konstatere at omgrepet «å hoppe etter Wirkola» med åra har tapt litt glans og farge. Ikkje av di me har mista respekt for kjernekaren og krafthopparen Bjørn Tore Wirkola, men sanninga er jo at mange av dei som for tida hoppar etter Wirkola, flyg vesentleg lenger gjennom lufta enn det Bjørn Tore gjorde. Landar gjer dei òg. Så fekk me det på plass og kan sprette vidare.

No og då, mest no, kan det vere interessant å lytte til kva filosofane seier om tidbolken me er inne i. Diverre er det ikkje alle tenkjarane som har vore så opptekne av julehøgtida og fenomenet ferie. Bertrand Russell er eit unnatak. Han hevda: «Eit av symptoma på å nærme seg nervøst samanbrot er trua på at arbeidet ein gjer, er så frykteleg viktig, og at å ta ferie vil føre med seg alle slags katastrofar. Om eg var lækjar, skulle eg ordinere ferie til alle pasientar som reknar arbeidet sitt som viktig.» Boklækjaren meiner omtrent det same.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Denne boka hadde vi i lesesirkelen vår så seint som i februar i år. Og sitatet kjende eg att, det er å rekne som vendepunktet i denne nydelege romanen, som altså er Forsoningen av Fred Uhlman. Det er ikkje mange bøker som har oppnådd like stor grad av samstemmig ros i gruppa vår som denne. Takk til Rita som gjorde oss merksame på boka! Handlinga i romanen startar i 1932 i Stuttgart. Den jødiske ungguten Hans Strauss blir kjend med adelsætlingen Konradin von Lothenburg, og det utviklar seg til eit nært og varmt vennskap mellom dei to unggutane. Men noko skurrar. På operaframsyninga som er nemnd i oppgåva (Fidelio av Beethoven) er begge gutane i operaen. I pausen vil Hans ta kontakt med Konradin, men han berre går forbi utan å reagere (han er saman med foreldra sine). Når Hans seinare konfronterer Konradin med dette, vedgår han at foreldra er Hitler-vennlege, og at særleg mora ber på eit intens hat mot jødane. Dette er starten på slutten av vennskapet. Fred Uhlman var fødd i 1901, og døydde i 1985. Boka vart først utgitt på eige forlag i 1960, før Arthur Koestler gjenoppdaga henne, og fekk henne utgitt på nytt. ’Eit meisterverk’, skreiv Koestler om boka. Litteraturgruppa vår var unisont samd i dette.»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «En av de sterkeste leseopplevelsene jeg har hatt var da jeg for mange år siden slukte Forsoningen av Fred Uhlman. Verken før eller siden har siste setning – enn si siste ord – i en fortelling gitt meg en så umiddelbar reaksjon at jeg i befippelse mistet boken på gulvet. Sterk virkning hadde den også nå, selv om jeg aldri så mye visste hvordan siste setning lød. En sterk og troverdig historie fra maleren som gjorde det hans romanfigur alltid hadde villet, han skrev én god bok!»

John Olav Johnsen skriv: «Boka er eit lite meisterverk. Godt å bli mint på at denne boka finst. Slik fekk eg høve å lesa ho endå ein gong. Minne om venskap, natur og kultur i det vakre Schwaben er skildra med vemod og lengsel sett gjennom auga til ein kunstmålar. Takk for denne påminninga!»

Anne Berit Skaarer skriv: «Takk for et godt leseforslag!»

For å få godkjent svar på oppgåve 1557, var det ein føresetnad at både Fred og forsoning var med. Boklækjaren har ratifisert løysingane frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Fritjof Lampe, Bjørn Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Farstad, Lise Haaland, Ole G. Evensen, Ragnhild Eggen, Jan Alfred Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Sigrun Gjengedal Ruud, Laura Killingbergtrø, Camilla Høvik, Gunder Runde, John Olav Johnsen, Petter Kristensen, Arne Thorvik, Eli Hegna, Gunn Bull-Berg, Per Trygve Karstensen, Audun Gjengedal, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Anne Berit Skaarer, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Marta Kløve Juuhl, Gunnar Bæra, Ole Husby, Inger Margrethe Berge, Robert Øfsti og Torleik Stegane. Bokvinnaren i dag heiter Laurits Killingbergtrø. Gratulerer!

Til sist ei lita retting. På lista over flinke folk med rett svar førre veka, skulle sjølvsagt Torleik Stegane vore med. Dit kom Torleik ikkje, og for den inkurien tek Klok-redaksjonen det fulle ansvaret.

Klok på bok 1559

Dette er vintersolkverv, solas stille

spiss, vendepunkt og midnatt,

årets dørstokk

og inngang, der fortida

slepper taket og blir framtid;

staden for å få igjen pusten, eit forsvunne hus

forlate med døra på gløtt.

Sitatet er frå side 114 i ei diktsamling som kom ut på norsk i 2020. På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1995. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Norden. For at julebaksten ikkje skal bli svidd og gå til skogs, er tilleggsspørsmålet enkelt denne gongen: Kva er tittelen på diktet sitatet er henta ifrå? Send tittel på dikt, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 23. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis