JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Former endrar seg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5095
20230106
5095
20230106

Klok på bok-redaksjonen vonar alle lesarane kom inn i nyåret utan knall og fall. Apropos knall. Tidlegare var mitt forhold til fyrverkeri slik Arne Garborg omtalte Ole Bentsen i Bondestudentar, eg var: «likeglad som ein Sælhund». Diverre er eg ikkje ein selhund lenger. Eg estimerer ikkje rakettar. Om det var opp til meg, skulle det berre vore tillate med fyrverkeri ved feiring av hundreår som samstundes er skotår. Såleis ville me få fred fram til år 2400, og då er det vel tvilsamt om eg får med meg så mykje av feiringa. I staden for forureinande ståk og bråk med ljos- og knalleffektar vil eg føreslå at folk framover kan lese eit dikt til kvarandre på nyttårsaftan. Det ville vore ein verdig og høgtidsam inngang til det nye året. Blant personar mellom 8 og 25 år i krinsen kring meg er oppslutninga om dikt som erstatning for rakettar, tett på 0 prosent. Dei som ikkje vil, dei skal.

Så til fyrste løysinga i år. Gunder Runde skriv: «Nordiske nobelprisvinnarar er overkomeleg å gå igjennom. Eg starta med 1931, og allereie neste år (1939, Sillanpää) gav resultat. Margaret Atwood vart fødd dette året, og i 2020 kom diktsamlinga Morgon i det nedbrende huset på norsk (i ei fin omsetting/gjendikting av Anne Karin Torheim). Boka er tilgjengeleg på bokbite-sida, så då var det berre å kose seg med blading og lesing (bonus-aktivitet for oss Kpb-entusiastar). Samlinga er inndelt i fem bolkar, og diktet ’Former endrar seg vinterstid’ står under del 3. Eg fann særleg glede i dei dikta som omhandlar far til diktaren, den kjende insektforskaren. Margaret Atwood debuterte med dikt i 1961 og har gitt ut til saman 17 diktsamlingar, men berre to av dei er omsette til norsk tidlegare (og eg er faktisk eigar av ei av desse!). Men her i landet er ho nok betre kjend for romanane sine, særleg for Tjenerinnens beretning (The Handmaid’s Tale) frå 1985. Det var denne boka som gjorde meg merksam på den eminente forfattaren, og seinare har eg lese fleire av romanane hennar. Atwood har i mange år vore ein særs aktuell kandidat til Nobelprisen i litteratur, med ein annan kanadisk forfattar, Alice Munro, som sterk konkurrent. Munro gjekk sigrande ut av striden og fekk nobelprisen i 2013. Eg hadde så smått vona på at det var Atwood sin tur i år, men dessverre... Kanskje neste år, då er vel karantenetida for kanadiske forfattarar (ti år?) ute?»

Norunn Askeland skriv: «Hei, og takk for sitat frå diktet ’Former endrar seg vinterstid’ av Margaret Atwood. Det som førte meg til løysinga denne gongen, var 1939, som er fødselsåret til Atwood, det same året som Frans Eemil Sillanpää frå Finland fekk Nobelprisen i litteratur. Det biografiske leksikonet eg konsulterte, fortel at dei lesarane som oppdagar Sillanpää, ofte blir overraska og ’för lång tid alldeles betagna av sitt fynd. Förbluffade läsare uppenbarar sig världen över’. Med dette innabords var det å gå vidare og sjekke kva diktsamlingar som vart omsette til norsk i 2020. Og der dukka Atwood opp med Morgon i det nedbrende huset. Då var det berre å ta på seg broddane og traske av garde på isen til det fantastiske biblioteket i Tønsberg for å finne boka og diktet, som altså er ’Former endrar seg vinterstid’. Eit monumentalt dikt som rommar både geologisk historie, menneskeheita si historie og historia til enkeltmennesket. Så der fekk eg ein ny nordisk forfattar og ei ny diktsamling å bli kjend med. Absolutt eit godt romjulsprosjekt.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Eg har lese nokre romanar av Atwood, men visste ikkje om lyrikken, før no. Der ser du kor viktig Klok på bok er for spreiing av god litteratur til ’folket’.»

Rett svar på oppgåve 1559 fekk me frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Per Trygve Karstensen, Else Gjesdahl Sørensen, Christine og Camilla ved Åsane bibliotek, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Vigdis Hegna Myrvang, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Jan Alfred Sørensen, Camilla Høvik, Arne Thorvik, Fritjof Lampe, Lise Haaland, Gunder Runde, Eli Hegna, Reidar Birkeland, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Margrethe Berge, Petter Kristensen, Knut Einar Johannessen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Folke Kjelleberg, Kjell Helge Moe, Norunn Askeland, Audun Gjengedal, Gunnar Eide, Olav Holten, Eirik Holten, Torleik Stegane, Robert Øfsti, Sigrun Gjengedal Ruud og Ole G. Evensen. I dag går bokpremien til Christine og Camilla ved Åsane bibliotek. Gratulerer!

Klok på bok 1561

Natt etter natt går forbi i hovudet til den gamle mannen.

Vi prøver å stille nye spørsmål. Men alt det dei gamle

Diktarane ikkje klarte å seie, vil aldri verte sagt.

Sitatet er frå side 96 i ei diktsamling som kom ut på norsk i 2021. På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 2011. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein kvinneleg forfattar. Eit av dikta i samlinga er om ein forfattar som skreiv om å vere til mellom trea. Send namn på forfattaren som trivst mellom trea, namn på løysingsforfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfrist: 14. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis