JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Eplesider

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4906
20230303
4906
20230303

Sanneleg var det fort gjort å verte ferdig med februar. No ventar våren. Her i bokstova er me overtydde om at ein gamal hugseregel som me nyss har funne på, er ein god peikepinn på når våren kjem: Straks lesarane kan seie il i ted tsavual on, radnul i ted ranvil oN baklengs, då er vårvêret på veg.

No vil me gjere merksam på omsetjaren av løysingsboka denne veka, nemleg Tommy Watz (1958–2019). Han var ikkje akkurat nokon kven som helst i det norske omsetjarmiljøet, og han omsette over 70 skjønnlitterære verk. Mellom prisane Watz mottok, vil me nemne Bastianprisen for omsetjinga av Alberto Moravias debutroman De likeglade. Frå Italia fekk han ordensteiknet Cavaliere dell’Ordine della Stella della Solidarietà Italiana.

Så står det høne og eplesider på menyen. Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Blind høne finn også korn, var ordtaket som boklækjaren analyserte 17. februar. No trur eg det må bli litt meir hønseprat, sidan eg meiner å ha ei høne å plukke med boklækjaren. I Klok på bok 1567 får vi ei oppgåve som ikkje er enkel å løyse. Sjølv om vi etter kvart kan pense oss inn på at dette kan vere ein italiensk forfattar, trøflar står omtala, må vite. Vi veit også at boklækjaren er begeistra for det italienske, så vi jobbar vidare med denne tanken og finn snart ut at Stefano Benni er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Han gav også ut ei novellesamling i 1987 som i 2008 vart gitt ut på norsk, nemleg Baren under havet.

Men så var det dette med å sjekke om sporet vårt har ført fram, og det er her den omtalte høneplukkinga kjem inn: Boka finn vi ikkje på B-Bok, det lokale biblioteket har ho heller ikkje, men tenestevillege som dei alltid er, kan dei gjerne bestille ho til oss. Vel vitande om at vi nok ikkje vil få boka tidsnok til å finne svar og sende inn, er ikkje dette ei god løysing heller. Vi bur ikkje så langt utanfor Trondheim storkommune, og lukkelege ser vi at dei har boka på Trondheim hovudbibliotek, og vi får ho raskt reservert for så å ta bytur dagen derpå. Då syner det seg at ein eller annan (Dag og Tid-lesar?) sjølvsagt hadde vore på biblioteket og fått lånt boka før vår reservasjon nådde fram, og boka finst berre i eitt eksemplar i heile storkommunen og omkringliggjande strok. (Det er her høna er – dei som bur i storbyen har fortrinn!)

Hos Ark Trondheim kan dei fortelje at jo, boka skal finnast i eit eksemplar hos Ark City Syd. I løpet av dagen kjem vi oss også dit, men vi finn inga bok. Så til ekspeditøren for å få hjelp, ho finn ho heller ikkje, men kanskje den meir erfarne ekspeditøren veit kvar boka er å finne, kanskje på lageret? Jau, der lukkast det å finne boka, men for skams skuld kan vi ikkje lese meir i boka enn side 31, så vi endar altså opp med å kjøpe boka, reise heim etter ein lang dag på bytur for å lese dei merkelegaste historier. Og i forteljinga «Akilles og Hektor» finn vi svaret på spørsmålet: Dei som krangla, krangla om ein racersykkel. Hektor døydde fordi kappestriden i sin siste fase var ein duell om kven som kunne ete mest pølse som kunne skyljast ned med vin. Der skjedde det fatale at Hektor i staden for å drikke vin tok feil glas, eit glas med eplesider, som landsbyen si einaste fråhaldskvinne hadde sett frå seg. Kroppen til Hektor var van med ’alskens eksesser, men dette plutselige nye, rene og uvante ble fatalt’. På grava i Sompazzo står ein racersykkel på toppen av minnesteinen med følgjande tekst: ’Til minne om Hektor Baldi, en kjær venn og syklist, død av eplesider i altfor ung alder’.»

Med alkoholhaldig eplesider frå Ulvik kan desse klokingane feire at dei fann rett svar på oppgåve 1567: Eli Winjum, Ole G. Evensen, Ragnhild Eggen, Eli Hegna, Laurits Killingbergtrø, Per Trygve Karstensen, Ellen Lian, Reidar Birkeland, Skeisebibliotekaren i LASK, Audun Gjengedal, Knut Einar Johannessen, Sigrun Gjengedal Ruud, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Torhild Bru, Paul Henrik Hage, Gunnar Eide, Ingebjørg Sogge, Arne Thorvik, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Margrethe Berge, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kjell Helge Moe, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Fritjof Lampe, Torleik Stegane og Robert Øfsti. I dag er Bjørn Myrvang bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1569

Ved postkassen stopper hun opp. Med to biter teip fra skrivebordsskuffen fester hun en liten papirlapp på ruten i høyre hjørne av postkassen. Først står navnet hans skrevet med kulepenn, og nedenunder står hennes.

Sitatet er frå side 82 i boklækjarutgåva (2022). Me skal fram til ei novellesamling som kom ut på norsk før ho kom ut på originalspråket. Forfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete tittelen på novella som sitatet er henta frå. Send tittel på novelle, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 11. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis