JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Bursdagsbarn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4940
20221209
4940
20221209

Løysingsforfattaren denne gongen er ikkje fødd i går. Ho kan nemleg feire fødselsdag i dag, og Klok-redaksjonen vil varmt gratulere Sumaya Jirde Ali med 25-årsdagen.

Utmerkingane som er tildelte Ali, utgjer etter kvart ei lang liste. I 2017 vart ho kåra til «Årets bodøværing», og i 2018 fekk ho Natt&Dag-prisen «Årets stemme». Dessutan har ho mellom anna motteke Zola-prisen, Ord i grenseland-prisen, Den norske Forfatterforenings ytringsfrihetspris og Amalie Skram-prisen.

I sakprosaboka Ikkje ver redd sånne som meg skriv Sumaya Jirde Ali om ei oppleving ho hadde som sjuåring i Noreg: «Den dag i dag hugsar eg kor forvirra eg var første gong eg såg snø. Vi var i klasserommet. Utanfor dalte det kvite flekker som la seg oppå kvarandre. Eg gjekk mot vindauget, forskrekka, men samtidig fascinert. Eg spurde ein somalisk kompis om kva det kvite var. Det er snø, sa han med eit smil. Dei kvite, dalande flekkene var noko sjølvsagt for han.»

Me skulle til Bodø for å finne dagens løysing. Dit kom Skeisebibliotekaren i LASK, og han skriv: «Ikke mange holdepunkter denne gang, nei. Får gå rett på egen samling først. Aller først bokkarusellen med utvalg av den nyeste lyrikken vi har i dette bitte lille biblioteket. Trodde det var bingo med det samme – Ketil Bjørnstads Båt på fjorden var boken jeg hadde i hendene, inndelt i tre bolker! Så var det ikke den – ble nesten litt paff. Den ene efter den andre ble så veiet og funnet for lett – flere av dem avsluttet før side 75! Men ikke den helt nederst der, den har tykkelsen, tyngden – er den fra 2021? Ja… Når jeg ser havet, slokner lyset av – Sumaya Jirde Ali. Selvfølgelig – Medikus Libri vet å være aktuell! Selvsikkert slo jeg opp på side 75, og om mulig ble ansiktsuttrykket enda mer overlegent med sin hva sa jeg-mine, da jeg så sitatet lyse mot meg. Del 3 har den enkle tittelen ‘Bodø’, etter han i Stompa.»

Jorunn Kleppe skriv: «Tysdag, einaste dagen biblioteket på Skei har ope, fann ikkje bibliotekaren boka på ’nettet’. Men boka kunne koma torsdag, og som avtalt fekk eg SMS, som stadfesta at denne veka er løysingsboka: Når jeg ser havet, slokner lyset av Sumaya Jirde Ali. Bibliotekaren er stundom på jobb utanom opningstida, heldigvis. For nokre år sidan skreiv ein innsendar her i spalta at bibliotekarar måtte vera den mest tenestevillige og hjelpsame yrkesgruppa han visste om. Eg hadde den avisa med på ei lesestund på ’gamlebiblioteket’ og las det høgt. Takk for hjelpa, gode nye bibliotekar, Reidun.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk igjen, Medikus, for ei ny utfordrande oppgåve. Tipsa var få, men til så bra hjelp at eg fann fram. Men eg fekk litt tramping fram og tilbake mellom bibliotek og bokhandlarar før eg fekk boka i eigne hender og kunne sjekke sitatet og løyse tilleggsspørsmålet. Og boka er Når jeg ser havet, slokner lyset av Sumaya Jirde Ali, fødd i 1997, det året italienske Dario Fo vann Nobelprisen i litteratur. I boka av Sumaya har tredje og siste delen tittelen ‘Bodø’, med nokre glimt (med liten g) frå denne byen.»

Gunnar Eide skriv: «Ein fin gest frå boklækjaren overfor Ali at boka hennar vart løysingsboka i Klok på bok rett etter at Antonsen-saka såkalla ’sprakk’ i media!»

Ingebjørg Sogge skriv: «Her har Medikus verkeleg slått til! Dagens forfattar er Noregs mest omtalte poet i det siste, dessverre av feil grunn.»

Robert Øfsti skriv: «Aktuelt namn og fin poet: Sumaya Jirde Ali. Heiar på ho.»

Desse såg lyset og kom fram til rett svar på på oppgåve 1556: Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Ole G. Evensen, Per Trygve Karstensen, Ingebjørg Sogge, Signar Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Fritjof Lampe, Jorunn Øxnevad Lie, Erik Aamlid, Gunder Runde, Reidar Birkeland, Petter Kristensen, Eli Hegna, Arne Thorvik, Sissel Gunnarshaug, Pål Amdal, Else Gjesdahl Sørensen, Folke Kjelleberg, Magnhild Reisæter, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Jan Alfred Sørensen, Olav B. Larsen, Gunn Bull-Berg, Jorunn Kleppe, Solrun Haukedalen, Robert Øfsti, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen. Denne gongen er Robert Øfsti bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1558

Vi skulde ha levet sammen som venner, det vilde ha været nok til at gjøre os lykkelige; vi skulde ha glædet os sammen og seet hinanden ind i øinene; saaledes skulde vi ha levet og dersom du havde elsket en anden, nu vel, lad gaa, lad saa være!

Sitatet er frå side 85 i ei lita forteljing som på norsk kom ut i 1885. På originalspråket kom teksten ut fyrste gong i 1876. Me skal fram til ein av dei verkeleg store forfattarane i litteratursoga, men av naturlege årsaker kom det aldri på tale å tildele forfattaren Nobelprisen i litteratur. Ho som har tittelrolla i forteljinga, har eit helgenbilete med seg når ho døyr, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva for helgen som er på dette biletet.

Send namn på helgen, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 16. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis