Bøker frå Sprakje Forlag
Naturen inspirerar mang ein forfattar. Og få forlag kan skilta med meir frå naturen enn tradisjonsrike Sprakje Forlag frå Harabotn.
Lista i år er imponerande, slik det plar vera frå den gjengen.
Det mange nok var spente på i år, var om nestoren Halbein Kolve kom med ny roman.
Og det gjorde han. Kritikarane har vore heilt over seg. Knapt nokon pensjonist i Noreg har ei så produktiv liste å visa til.
Forutan den nye romanen, «Gaupa skrik i Vassbygdgjelet», har Kolve levert to bygdebøker – «Kveitvik gjennom 150 år» og «Bygdebok for Bjorstad og omegn» – og ei bok om geitavl i Kalvsmørsfjorden.
Innsida hyllar gamle Kolve med ei liste over det ein her i huset meiner er dei viktigaste verka hans.
Jervtida I, II og II 1957-59
Døden i kram sno, krim 1971
Fjelloppsynsmann sakna i Tverråsberget, krim 1973
Elgoksen Svein, barnebok 1977
Reingjetar Sigve Fjauset, biografi 1979
Tolv dagar ved Haugdalsvatnet, 1980
Der Dagfinn otra, minnebok 1984
Det skreik ein tiur på Vangsmosæter, 1985
Så fekk dei storbukken til slutt, 1987
Ei løe der kjærleiken ikkje bur, roman 1990
Utanom Kolve kan Sprakje Forlag skilta med tre bøker om slakting, nyteikna Kartbok for Øystre Slide volum 3 og 4, ei bok om fjelloppsynsvesenet og ein serie om sylting.
Fleire skilt, naturlegvis
Innsida køyrer vidare med gode skilt. Tilfanget er godt og Innsida er verkeleg nøgd med at dette er så populært hjå lesarane våre at det strøymer på med gode døme.
Frå Einar Sveen har me fått bilete av bilen til serviceverksemda Bagge Broos. Sveen peikar på at dei kanskje skulle ha starta servicen hjå seg sjølv.
Monrad Svingen har sendt oss bilete av ein parkeringsautomat i Karenslyst Alle i Oslo. Der kan ein putta på pengar eller betala for å parkera, men i heile området er det parkering forbode. Ikkje i tråd med gode retningslinjer for skilting, poengterer Svingen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»