Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 26.06.2017

Gå til toppen

Toppen

Ja, vi lyg for dykk

| Den 20. januar 2017

Ja, vi lyg for dykk

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Samstundes som media lyfta fram Trumps lygner i valkampen i USA, senka dei krava til sanning når det gjaldt seg sjølve.

«Yes, I’d lie to you» var tittelen på ein mykje omtala artikkel i The Economist 10. september 2016. Artikkelen handla om ei ny omdreiing av lygn som verkemiddel i politikken. Den fremste representanten for denne nye epoken av post-truth politics skulle vere Donald Trump, ein mann som ifylgje Politico lyg gjennomsnittleg ein gong kvart femte minutt når han snakkar.

I denne artikkelen vil eg ikkje svara på spørsmålet om Trump lyg meir enn andre politikarar. Eg vil ikkje ta opp politikken hans. Eg vil heller ikkje handsama vulgariteten, personlegdomen eller sexlivet hans. Men eg vil sjå nærare på pressa som skreiv om Trump. For då kommentatorar, journalistar og politikarar tok til å nytta omgrepet post-truth, sette dei uvilkårleg opp eit moralsk skilje mellom seg sjølve og dei som lyg. Eit slikt skilje kan gjera det lettare å vera usann for den som er vorten plassert på den rette sida, medan den som står på feil side, vanskeleg vert trudd òg når han snakkar sant. Såleis er omgrepet post-truth i seg sjølv noko som undergrev sanning i ålmenta, fordi det stemplar somme politikarar og medium som lygnarar, og lettar på sanningskravet for dei som stemplar.

I det fylgjande vil eg undersøkja nokre døme på korleis pressemedium som under den amerikanske valkampen lyfta fram Trumps lygner, senka krava til sanning når det gjaldt seg sjølve. Men før eg ser nærare på artikkelen i The Economist, vil eg kasta eit kort blikk på Trump.

Sanne lygner og løgnaktige sanningar

Som The Economist skriv, har vestleg publikum mista tiltrua til både vanlege politiske parti og vanleg presse, samstundes som nye internettmedium formidlar kunnskap utanom akademiske og redaksjonelle filter. Ei undersøking gjort av Gallup i juni 2016 synte at berre 9 prosent av amerikanarane hadde «stor» eller «ganske stor» tiltru til Kongressen; berre 20–21 prosent stolte på pressa og nyhenda på fjernsyn. Det opnar ikkje berre for ein breiare opposisjon, men òg for alternative røyndomar og fantastiske soger.

Her kunne ein òg ha nemnt at politikarar og presse gjennom lang tid unnlét å ta omsyn til folks uro for at innvandring og det å gje frå seg nasjonal suverenitet gjekk for fort og for langt. Dermed opna det seg ein ny politisk marknad der Donald Trump fekk avsetting for nett ein ny innvandringspolitikk og ein ny nasjonalisme.

Salsmetodane hans var prega av eit alternativt verdsbilete der mange godtekne sanningar vart sett på som tvilsame, og der det var mogeleg å presentera usanningar som sanne, berre dei fall innanfor det nye verdsbiletet.

Til dømes påstod Trump at han i 2001 hadde sett ein fjernsynsreportasje som synte arabarar som i New Jersey jubla over åtaka på World Trade Center den 11. september – ei hending som lét til å vera bygd på rykte om at muslimar hadde feira terroren på hustak i New Jersey, saman med fjernsynsreportasjane frå Vestbreidda, der tusenvis av palestinarar feira i gatene.

Denne oppfatninga, som plasserte Vestbreidda i New Jersey, tviheldt Trump på, sjølv om det ikkje kunne dokumenterast. Som The Economist skriv, er usanning mindre å lyge medvite enn å lita på opplysingar som kjennest sanne, framfor å sjekka dei med risiko for å finna ut at dei er falske.

Eit anna døme på eit svakt trekk ved Trump når det gjeld underbygging av kva han trur, er vidaresendinga hans på Twitter den 22. november 2015 av ein falsk grafikk over amerikansk mordstatistikk, og konfrontasjonen hans med Bill O’Reilly på Fox News 23. november 2015, der han forsvara utsendinga av falsk statistikk med at han ikkje hadde tid til å sjekka alle mogelege kjelder.

Alternativt verdsbilete

Mange Trump-utspel som i massemedia vart oppfatta som katastrofale og sjølvdestruktive, var ikkje mynta på journalistane i dei store avisene og fjernsynskanalane, men på veljarar som ikkje fylgjer med på det som vert slått opp i New York Times eller CNN, og kor det som vart oppfatta som skandaløst og usant i danna krinsar, fall i god jord.

Dette skjedde ikkje berre fordi Trump var ein dyktig salsmann, men òg fordi han deler den folkelege oppfatninga av Det demokratiske partiet og etablerte medium som ein mafia. Det som vert oppfatta som Trumps «lygner», kan ofte førast attende til dunkle offentlegheitssirklar. Med alle sine milliardar er Trump ein av folket når det gjeld trua på at den moderne overklassa herskar gjennom bedrag, løyndommar og drap, som i ein okkult roman.

I årevis kjempa han for å vinna fram med overtydinga om at Barack Obama ikkje var fødd i USA og truleg var skjult muslim. I 2012 ymta han om at ein byråkrat frå Hawaii som døydde i ei flyulykke, eigenleg var myrda for å skjula at han hadde ferda ut ein falsk fødselsattest til Obama. I 2016 meinte han at omstenda kring dødsfallet til den konservative høgsterettsdommaren Antonin Scalias måtte granskast, underforstått at nokon kunne ha myrda han for å opna for liberalt fleirtal i høgsterett.

Slik tenkjemåte finn ein i amerikanske understraumsmedium som til dømes endetids- og konspirasjonsteoretikaren Alex Jones’ InfoWars, som skal ha seks millionar vitjarar i månaden. Under dei republikanske primærvala gav Trump eit stort intervju til Alex Jones og nettsida hans. I ein artikkel i The New Yorker framheva William Finnegan nettopp InfoWars som ei kjelde til mange av Trumps påstandar.

Alex Jones er radiovert og filmskapar, forutan at han sel produkt for overleving i krig og krise, som jodtilskot og mirakelvatn som fjernar radioaktiv stråling. Dei mest drastiske videoane hans, no nyleg om faren for eit attentat mot Trump, vert innleia med flysirener.

Til dømes hevda Alex Jones tre dagar etter valet at det hadde vore gjeve tre millionar røyster frå personar utan lovleg opphald i landet. Ingressen var: «Trump kan ha vunne nasjonalt fleirtal», det vil seia at tre millionar av Hillary Clintons røyster hadde vore ulovlege. Nokre dagar seinare tvitra Trump: «(…) eg vann nasjonalt fleirtal om ein trekker frå millionane av menneske som røysta ulovleg».

Typisk for denne reportasjen i InfoWars og Trumps etterfylgjande twittermelding er at dei byggjer på eit element av sanning som vert blåsne opp til proporsjonar det ikkje finst dekning for. Det er ei kjend sak at personar som har opphald i USA, men ikkje er amerikanske statsborgarar og derfor ikkje har rett til å røysta ved vala, kan gjera det likevel om dei registrerer seg ved hjelp av til dømes eit førarkort.

Slik ulovleg røystegjeving går for det meste til Demokratane. Professor Jesse Richman fann i 2014 at meir enn 14 prosent av innbyggjarar med opphald, men utan statsborgarskap, hadde registrert seg som veljarar – eit tal som kanskje er overdrive, men som Trump tok opp att i ein valtale i oktober.

At det kan dreie seg om «millionar av røyster», er det få som trur utanfor InfoWars’ publikum, men Trump trudde på det. Sjølv om han ikkje står med begge beina innanfor Alex Jones’ konspirasjonsverd, er det hellinga den nye amerikanske presidenten har mot det irrasjonelle, som skremmer mange, òg forfattarane av «Yes, I’d lie to you» i The Economist.

«Grunnleggjaren av ISIL»

Som døme på at Trump som politikar representerer noko heilt nytt når det gjeld å lyge, nytta The Economist ein samtale mellom Trump og radioverten Hugh Hewitt om president Barack Obamas rolle i ISILs oppkomst og framgang i Irak etter at amerikanarane trekte seg ut av landet i 2011.

I august hadde Trump skapt overskrifter med å kalla Obama for «grunnleggjaren av ISIL», og i intervjuet med Hewitt, ein svoren Obama-kritikar, oppstod ei meiningsutveksling mellom radioverten og presidentkandidaten om ordbruken.

«Eg veit kva du meinte», seier Hewitt. «Du meinte at (Obama) skapte vakuumet, (at) han tapte freden». «Nei», svarar Trump. «Eg meinte at han var grunnleggjaren. Han var den viktigaste aktøren.» Hewitt syner då til at Obama hatar ISIL og freistar å drepa dei. «Det bles eg i», seier Trump: «Han var grunnleggjaren. Det viset han kom seg ut av Irak på, det var grunnlegginga av ISIL, ok?»

Stikk i strid med denne siste setninga som The Economist altså sjølv siterer, trekkjer bladet den konklusjonen at Trump hadde snakka om Obama som «grunnleggjaren av ISIL» i bokstaveleg meining, at denne påstanden innebar at Obama med vilje skulle ha oppretta ISIL, og at dette var endå eit teikn på at verda verkeleg var gått inn i ein epoke av post-truth politics.

Om ein les heile utskrifta av samtalen mellom Hewitt og Trump, der dei held fram etter at The Economist bryt av, ser ein endå klårare at Trump med omtalen av Obama som «grunnleggjaren av ISIL», nett ikkje meiner at Obama sjølv skulle ha oppretta terrororganisasjonen, men at USAs tilbaketrekking frå Irak opna opp for at ISIL kunne erobra store område i Irak og Syria.

Det er rett som The Economist skriv, at Trump fyrst lèt til å avvisa denne tolkinga, men at han straks kjem attende til definisjonen av «grunnleggjar» og seier: «Eg meiner, med (Obamas) dårlege politikk, det var den som gjorde at ISIL oppstod», og han held fram: Viss Obama hadde «gjort tinga sine skikkeleg, så ville vi ikkje ha hatt ISIL».

«Sant nok», svarar Hewitt. «Derfor var han grunnleggjaren av ISIL», presiserer Trump. «Og det er (…) eg ville berre ha nytta eit anna språk til å formidla dette», svarar Hewitt. «Men med språket ditt ville ikkje nokon ha snakka om det», repliserer Trump: «Med språket mitt vert det snakka om.» «Vel vel, godt poeng, godt poeng», avrundar radioverten.

Den venstreliberale nettavisa Vox oppfatta straks at Trump nytta omtalen av Obama som «grunnleggjaren av ISIL» i overført meining, og kommenterte Trumps utsegn slik: «Det høyrest sanneleg ut som om Trump skuldar Obama for å ha skapt ISIL i all løyndom. Men det Trump eigenleg meiner, noko han forklara i eit seinare intervju med radioverten Hugh Hewitt, er at ISIL var det direkte resultatet av den tilbaketrekkinga av amerikanske troppar frå Irak som Obama sette i verk.» Dette er òg den korrekte tydinga av Hewitts intervju med Trump. Det vil seia at artikkelen «Yes, I’d lie to you», som er vorten ståande som programartikkel for omgrepet «postsanning» i politikken, vert innleia med eit amputert Trump-referat som ikkje gjev att korrekt det han har sagt og meint.

Faktasjekk som debattinnlegg

The Washington Post, som deler ut Pinocchio-trofé til politikarar som «lyg», gav Trump 59 trofé i 2015, mot berre sju til Hillary Clinton. Men mange Trump-utsegner som avisa rekna som lygner, er uklåre. Det gjeld til dømes utsegna om at han alltid har vore mot George W. Bushs invasjon av Irak i mars 2003, som amerikansk presse har avvist på grunnlag av eit radiointervju frå 11. september 2002 som Vox kalla både «scoop» og «jarnslått, knallhardt prov» for at Trump laug.

Men i radiointervjuet drog Trump på svaret og gav ei tvisynt og langt ifrå «jarnslått» godkjenning. I eit anna intervju med Fox frå januar 2003, òg før krigen, sa han at det kunne vera for tidleg å gå inn i Irak, at USA kanskje laut venta på FN og at Bush laut tenkja meir på økonomi enn krig.

I august 2004, vel eit år etter invasjonen, sa Trump til Esquire: «Sjå på krigen i Irak og det kaoset vi er hamna i der». Han heldt fram med å seia at ikkje noko ville gjera Irak til eit vestleg, fredsælt demokrati, men at landet ville verta teke over av den verst tenkjelege diktatoren straks amerikanarane trekte seg ut att. Heilskapsinntrykket er at Trump såg med vaklande skepsis på invasjonen både før og etter 2003. Washington Posts konklusjon – «Ja, Trump støtta Irak-krigen» – er like usannferdig som Trumps utsegner.

Same type uklårleik gjeld Trumps påstand frå slutten av oktober 2016 om at mordraten i USA no er den høgaste på 45 år, medan raten ifylgje statistikken er den lågaste sidan 1964. Men som Washington Post skreiv, lèt ikkje dette å ha vore noko Trump fann på, men heller ei gliding frå den rette opplysninga som han nytta i presidentdebatten den 9. oktober, nemleg at talet på mord i 2015 auka med 10,8 prosent, noko som var den største auken på 45 år. Etter at Trump var gjort merksam på dette, gjekk han attende til å nytta den fyrste, korrekte opplysninga.

Avisa rangerte òg Trump-utsegna om at Hillary Clintons e-postskandale er «større enn Watergate» som ei «bisarr» usanning, noko som må vera ei overdriving. Òg Trumps påstand i den fyrste presidentdebatten om at praksisen til politiet med å stansa og ransaka folk etter våpen utan vidare, var i strid med grunnlova, vart gjeve fire Pinocchio-trofé, medan ein annan faktasjekk hos FactCheck.org konkluderte med at Trump her hadde hatt rett på sine premiss.

Politikk og lygn

Då det mest kjende amerikanske prosjektet for sanningssjekking av politiske utsegner, PolitiFact, undersøkte Trumps klage om at Obama grunnla ISIL, valde dei den bokstavelege tydinga av utsegna som eg ovanfor har synt er usann. I samband med ei anna av Trumps utsegner om Obama og ISIL, nemleg at USA på eit tidleg tidspunkt i Syria-krigen aktivt skulle ha støtta opprørsgrupper som seinare vart til ISIL, gav dei han òg domen «pants on fire», det vil seia at utsegna vart forkasta som «latterleg grunnlaus».

Trump hadde då lenge ymta om at det var noko uklårt i Obamas forhold til syriske opprørsgrupper, og 13. juni tvitra han at det no var prova at ymta om Obama var sanne, med ei lenkje til eit oppslag i Breitbart om ein frigjeven etterretningsrapport som skulle syna at Obama-administrasjonen for å svekkja Assad-regimet hadde støtta al-Qaida, som seinare vart til ISIL.

Trump kunne òg ha lagt inn ei lenkje til Al-Jazeeras revolverintervju med Michael Flynn, som no er utpeikt som Trumps tryggingsrådgjevar, der Flynn seier at det ikkje ville ha eksistert noko ISIL i Irak i dag om ikkje USA hadde invadert landet i 2003, og at CIA i 2012 visste om og tillét framveksten av salafistiske ekstremistgrupper i Syria for å råka Assad-regimet.

USAs rolle i Irak og Syria er opplagt noko som lèt seg diskutera, og Flynns utsegner er vortne kritiserte. Men kallar ein Trumps utsegn «latterleg grunnlaus», råkar dette òg The Guardian og den venstreorienterte skribenten Seumas Milne, som på grunnlag av den same etterretningsrapporten som Breitbart skreiv om, hevda at amerikansk etterretning i 2012 såg på framvoksteren av ein islamsk statsliknande struktur i Irak og Syria som ein fordel i kampen mot Assad.

«Dette vil ikkje seia at USA skapte ISIL», skriv Milne, «(…) men det fanst ikkje noko al-Qaida i Irak før USA og England invaderte, og USA har med visse utnytta ISIL mot andre krefter i regionen, som del av ein større aksjon for å halde oppe vestleg kontroll».

Det vil seia at Trumps påstandar om at USA som ledd i ein større strategi i Irak og Syria, har støtta grupper som seinare er gått inn i eller er vortne til ISIL, er legitime som påstandar og høyrer med i det offentlege ordskiftet. Men PolitiFact flytter slike uavgjorde spørsmål ut or ordskiftet. Dermed vert det faktasjekkarane som «lyg». Faktasjekking står då fram som ei særleg usannferdig verksemd, fordi ho leverer eit partsinnlegg og kallar det ei domsutseiing.

Mange Trump-utsegner som PolitiFact rubriserer som usanne, gjeld meir politisk skjøn og overdriving, og lèt seg ikkje utan vidare kallast sanne eller usanne. Laug Trump i ei twittermelding der han hevda å ha «stor støtte frå kvinner», noko som PolitiFact avviste som falskt på grunnlag av meiningsmålingar, men som så synte seg å vera rett på grunnlag av valet, der 53 prosent av alle kvite kvinner stemte på Trump?

Meinte Trump verkeleg at USA ikkje har stormeistrar i sjakk, eller var dette berre meint som ein analogi? Skal ei utsegn om at fullstendig opne grenser og fri innvandring kunne ha tredobla folketalet i USA på ei veke, reknast som «latterleg grunnlaust», slik PolitiFact meinte, eller heller som ei spissformulering? Lyg Trump når han seier at Hillary Clinton har teke imot 100 millionar dollar i valkampstønad frå Wall Street, når PolitiFact kan rekna ut at det berre er 64 millionar dollar?

Politisk teater

I den fyrste presidentdebatten mellom Hillary Clinton og Donald Trump tok Clinton heim sigeren med hjelp frå overraskingsåtaket med forteljinga om Alicia Machado som hadde vunne Miss Universe-tittelen i 1996, på ei tid då Donald Trump eigde Miss Universe-prosjektet.

Ifylgje ein reportasje i CNN frå 1997 hadde Alicia Machado etter at ho vann tittelen, lagt på seg «nesten 30 kilo». Trump hadde då sett henne på eit treningsprogram for å få vekta ned, slik at ho kunne halda fram i arbeidet sitt ut kontraktperioden. Etter kva ho fortalde pressa nokre månader før presidentdebatten, hadde Trump i denne tida gjeve henne kallenamn som «Miss Piggy» og «Miss Eating Machine». Denne forteljinga vart gjeven att i presidentdebatten.

Det kom då ikkje samstundes fram at Alicia Machado var ein politisk person som hadde teke del i Clinton-kampanjen før dette. Sommaren 2016 arbeidde ho for organisasjonane People for the American Way og Casa in Action med å «lansera ein anti-Donald Trump-kampanje» for å «oppmuntra latinamerikanarar til å registrera seg og røysta for Hillary Clinton».

Rolla hennar i presidentdebatten var ein godt planlagt politisk aksjon, som Washington Post kalla «Hillary Clintons listigaste trekk sidan starten på valkampen». Clinton-kampanjen hadde førebudd Machado-trekket godt. Ein video med forteljinga hennar var filma og klypt og låg klar. Materialet om Machado, med eit fotografi kor ho var sveipt i eit amerikansk flagg, var i boks hos Cosmopolitan, som køyrde det rett etter debatten. Clinton-kampanjen organiserte ein pressekonferanse kor Machado fortalde at ho hadde «gråte» då Hillary i debatten fortalde kva Trump hadde utsett henne for tjue år tidlegare.

Suksessen var enorm, kanskje mest fordi Trump ikkje heldt munn og lét som ingenting, slik ein drilla politikar kunne ha gjort. Naivt peikte han på at ein så stor vektauke hadde vore eit kontraktbrot og ville gjort det umogeleg for Machado å utføre arbeidet sitt. Samstundes freista han å svekkja truverdet hennar ved å trekkja fram mindre heldige innslag frå den fargerike fortida hennar.

Clinton-kampanjen kunne jubla. Trump hadde brote det eine tabuet etter det andre: Han hadde mobba ei kvinne for eteforstyrring, mobba ein overvektig person, fortalt på Twitter om Machados rolle i ein sexvideo, etc. Medan Hillary stod fram som forsvararen for den svake og traumatiserte, hengde Donald seg sjølv ut som overgripar.

Som Washington Post indirekte skreiv, var alt saman reint politisk teater, der både Alicia Machado, Hillary Clinton og pressa spela rollene sine nett etter den regien som Clinton-kampanjen hadde utarbeidd i detalj på førehand. Merkeleg nok reflekterte ikkje pressa over si eiga iakttaking av at ho hadde spela på lag med eitt politisk parti for å råka eit anna.

Vox gjorde det klårt at Clinton-kampanjen hadde samarbeidd med Cosmopolitan om stuntet i minst ei veke. Debatten gjekk måndag 26. september. The New York Times og The Guardian publiserte ferske intervju med portrett tysdagen og onsdagen 27. og 28. september, «perfekt tima til debattsamanstøyten», skreiv Vox.

Det var i praksis ei undergraving av pressa som uavhengig samfunnsmakt, og dermed ei undergraving av sjølve det moderne demokratiet, som ikkje kan overleva utan ei uavhengig presse. Det godt preparerte «nyhendet» om Alicia Machado, som slett ikkje var noko nyhende, men hadde vore overalt i pressa før utan å vekkje særleg oppstuss, vart etter planen spela ut av Hillary Clinton i den fyrste presidentdebatten, og i samarbeid med Clinton-kampanjen bles pressa dette ut av alle proporsjonar.

Umedvite sjølvironisk skreiv Washington Post at affæren var eit «bondefangarknep som vanlegvis ikkje får stor merksemd, men dette (knepet med Machado) dominerte dekninga av debatten i alle nyhendemedium dagen etter».

Den aktøren som hadde plikt til å analysera dette overtrampet, nemleg den uavhengige pressa sjølv, var ikkje der, men feira i staden den vellukka rolla si som forlenga arm for det makthavande partiet, i eit skodespel arrangert som røynd, ikkje for å informera veljarane, men for å føra dei bak ljoset. «Ikkje berre ein rå bølle, ein rasist, ein lygnar eller ein kvinnehatar – dette er Donald Trump som bondefanga tapar», jubla Vox-redaktøren Matthew Yglesias.

Twitter(r)omanen

Etter Machado-saka i den fyrste fjernsynsdebatten med Hillary Clinton vart Trump driven på defensiven og sende ut twittermeldingar kor han gjorde framlegg om at Machado hadde vorte betalt med eit amerikansk statsborgarskap for å la seg nytta i valkampen.

Han vart no framstilt som ein hemngjerrig mann som hadde stått opp midt på natta, «fortært av raseri», for å tvitre krenkingane sine til all verda, idet han undergrov sin eigen kampanje og gjorde seg umogeleg hos veljarane. «Den som spør etter strategien bak Trumps twittermeldingar, eller stiller spørsmål ved klokskapen i denne strategien, går glipp av poenget: Det er ikkje nokon strategi i dette, berre knerefleksar», skreiv David A. Graham i The Atlantic.

Men Donald Trumps bruk av sosiale medium i valkampen var truleg heilt medvite. I eit intervju med CBS etter valet sa han at Facebook og Twitter var nøkkelelement i valsigeren hans. På ymse sosiale plattformer har Trump no nesten førti millionar følgjarar og legg til hundre tusen nye dagleg. Videoar av mellom anna Trumps valkamptaler på Facebook oppnådde til saman 1,3 milliardar visingar.

Etter valsigeren har medie-analytikarar skildra Trump-kampanjens bruk av sosiale medium som «ekstremt vellukka». Det var òg Trump-kampanjens overordna strategiske idé å sjå vekk frå kva dei kalla «mediekorporasjonen», og venda seg direkte til veljarane gjennom sosiale medium. I lys av ein slik medviten mediestrategi må ein gå ut frå at Trumps innlegg på Facebook og Twitter var meir gjennomtenkte enn impulsive «knerefleksar».

T-eksperten David Robinson, som har analysert Trumps twittermeldingar, skreiv at dei vart sende frå både ein iPhone og ein Samsung Galaxy, og at Samsung-meldingane kom om morgonen, var meir personlege («argare») med fleire adjektiv som «badly», «crazy» og «weak», og utan meir sofistikerte innslag som hashtags, retweets og lenkjer, medan iPhone-meldingane nesten alltid hadde slike innslag, kom om ettermiddagen og kvelden, verka meir profesjonelle og inneheldt all informasjon om Trumps valkampprogram osb. Robinson meinte at Trumps eigne meldingar måtte komme frå Samsung-apparatet, og meldingane til staben frå iPhonen.

Det vil sjølvsagt ikkje seia at Trump tvitra utan rådslaging. Det er meir truleg at rådgjevarane rekna det for å vera føremålstenleg at bodskapane til millionane av følgjarar fekk behalda det personlege preget sitt, sjølv om dei vart vurderte og redigerte. Andrew McGill i The Atlantic gjekk likevel ut frå at det var eit skarpt skilje mellom stabsmeldingar og private Trump-meldingar, og stilte seg spørsmålet «om Trumps kampanje har stengt han ute frå hans eigen Twitter-konto for å verna han mot seg sjølv» og unngå øydeleggjande tabbar mot slutten av valkampen.

MacGill fekk rekna ut at i tida frå januar til august kom om lag halvdelen av Trumps meldingar på Twitter frå Samsung-apparatet, medan denne delen i dei fyrste dagane av august fall til 24 prosent: «Det er vanskeleg å tyda denne auken (av iPhone-meldingane) annleis enn at (Trumps dåverande) kampanjeleiar Paul Manafort har teke eit fast grep om taumane og endra passordet til kontoen».

Her la McGill inn ei lenkje til ei twittermelding frå journalisten Christopher Hayes, som skreiv at «ein kan alltid vite når Manafort har lukkast i å stengja Trump ute frå Twitter-kontoen hans, og når Trump har gjetta det nye passordet».

På grunnlag av ein feilaktig oppfatning av at Trump skada seg sjølv gjennom sosiale medium, medan han i røynda vann valet mykje på grunn av den ufiltrerte stilen som openbert råka så mange veljarar heime, byrja det no å danna seg ein fiksjon i journalistmiljøet om at Trump og kampanjeleiaren hans stadig kjempa om Twitter-kontoen som heile tida fekk nye passord som Trump på overmenneskeleg vis igjen og igjen «gjetta» før han på ny vart stengd ute – alt saman sjølvsagt fri fantasi. Den eine journalisten hadde slått ein vits, den andre tok han alvorleg, og konturane av eit falskt nyhende tok til å avteikna seg.

Den 6. november, berre fem dagar før valet, vart anekdoten om Trumps Twitter-konto plukka opp av New York Times i ein artikkel om «kaotiske» tilstandar i Trump-kampanjen, som for å verna sjefen mot dei «mest sjølvdestruktive impulsane» hans skulle ha teke frå han Twitter-kontoen og «berøva han for denne usensurerte kanalen for aggresjon».

Stafetten gjekk vidare til president Barack Obama, som på eit valmøte vende seg til publikum slik: «De har kanskje høyrt at, dette vart nettopp kjend, eg har nett lest det, så eg kan ikkje seia sikkert om det er sant, men det ser ut til at (Trumps) kampanje har teke frå han Twitter-kontoen. Dei siste par dagane har dei hatt så liten tiltru til sjølvkontrollen hans at dei berre sa: ‘No tek vi rett og slett Twitter-kontoen frå deg.’ Vel, den som ikkje kan handtera ein Twitter-konto, kan heller ikkje handtera atomvåpenkodane. Viss du tek til å tvitra klokka tre om morgonen fordi (Saturday Night Live) har gjort narr av deg, kan du ikkje handtera atomvåpenkodane.»

Etter Obamas bruk av det «falske nyhendet» spreidde det seg som eit virus over heile verda. I Aftenposten vart det servert som «nyheten».

Falske nyhende

For å hindra denne typen «falske nyhende» i å spreia seg treng vi ei uavhengig presse og frie journalistar som ikkje slepper seg over grensa til å operera som partifunksjonærar med ein løynd agenda om å styra ein umyndig folkesetnad.

Etter Donald Trumps valsiger, som overraska heile pressa, stila New York Times eit brev til lesarane der avisa reiste spørsmålet om kvifor ho hadde undervurdert støtta hans hos veljarane. Avisa «fornya forpliktinga» si på «journalistikkens fundamentale oppgåve», nemleg å «rapportera ærleg frå Amerika og verda, og alltid freiste å skjøne og gje att alle politiske perspektiv og livsrøynsler i forteljingane vi legg fram for dykk», og dessutan «trekkje makta til rekneskap, upartisk og ubøyeleg».

Men korleis kan ein realisera slike ideal om journalistane saman med politikarane går inn i eit sosialt lag som misser kontakten med den røynda som skal skjønast og skildrast, slik at pressa sjølv glir i eitt med den makta ho vil trekkja til rekneskap? Ifølgje ei undersøking frå Shorensten Center tok alle store amerikanske massemedium Hillary Clintons parti under presidentvalet, med ein omtale av Donald Trump som var frå 80 til 89 prosent negativ; sjølv Fox News’ omtale av Trump var 73 prosent negativ.

Samstundes har altså tiltrua til pressa i USA sunke frå eit historisk høgdepunkt på rundt 70 prosent i 1950-åra til rundt 20 prosent idag.

Ei av årsakene til denne massive mistrua kan vere at pressa alt for lenge ikkje har sett det som si oppgåve å reflektera mangfaldet av røynd og røynsler, men heller styre røynda og røynslene i den leia dei sjølv finn rett.

Medieforskaren Jonathan M. Ladd meiner at mistrua til media i høve til den høge tiltrua på 1950- og 60-talet heng saman med konkurransesituasjonen som driv nyhendereportasjar bort frå seriøs og uavhengig journalistikk og inn i partistandpunkt og sensasjonar. Ser ein denne marknadsverknaden saman med ei viss flokktenking i mediemiljøa, får ein lett ein kampanjejournalistikk som satsar på skandalar, kjensler og polarisering, slik at store delar av folket og røynda ikkje får plass eller vert skikkeleg handsama i vanlege medium. Ein får då nye medium som opptrer som platt–former for dei som kjenner seg oversette.

Sett på spissen kan ein seia at Trump vart vald til president i USA fordi politikarane, finansfolka og journalistane hadde forspilt folkets tiltru. Den rolla dei skulle ha spela for folkesetnaden, vart overlaten til den fyrste og beste som såg at hovudrolla var ledig og visste korleis ho kunne fyllast, nemleg med eit anna verdsbilete enn det makta, som hadde mista alt truverd, hadde.

Om den etablerte pressa vil styrke det liberale demokratiet og hindra at dei populistiske straumdraga vert til politiske utskeiingar, så gjer pressa dette best ved korkje å lata seg drive inn i sensasjonar eller drive fram særstandpunkt, men etterleva sine eigne ideal om ikkje å gli i eitt med dei politiske maktene og ikkje å skrive i flokk.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

RETTINGAR:

24. januar 2017: I setninga «Til dømes påstod Trump at han i 2001 hadde sett ein fjernsynsreportasje som synte arabarar som i New Jersey jubla over åtaka på World Trade Center den 11. september» er ordet «tusenvis» teke ut i nettutgåva.

Under avsnittet med tittelen «Twitter(r)omanen» vart dei ulike mobiltelefontypane bytte om i originalartikkelen.

knapp knapp