Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.11.2018

Gå til toppen

Toppen

Ivar Aasen om Aasen-mytane

| Den 2. august 2013

Ivar Aasen om Aasen-mytane

 

Ein humorist har lagt ut ein stil om Ivar Aasen på nettet. Han forklarer oppkoma til nynorsken på denne måten: Aasen var forelska i Jørgen Moe. Men han var alt i eit forhold til Asbjørnsen. For å kunna møta Moe, utan at Asbjørnsen oppdaga det, fann Aasen på at han kunne samla inn ord, medan Moe samla eventyr. Så kunne dei møtast utan å skapa mistankar. Aasens homofili ser han prova i at språkgranskaren skal ha strikka. Og heterofile menn strikkar jo ikkje.

Denne historia om Aasen skil seg positivt frå andre mytologiar om Aasen, ved at den ikkje tek seg sjølv alvorleg. Ingen trur på dette, heller ikkje han som skriv. Andre som har skrive om far til nynorsken, har skapt mytar utan humoristisk distanse. Aasen sjølv var klar over at han var i ein sårbar situasjon. Når nokon frå «Almuen» søkte akademisk kunnskap, må han ha «tykke Ører», og ikkje ta seg nær av folkesnakket, skriv han i teksten «Lærelystne Ynglinges Skjæbne» frå 1836. Han skriv dette i huslærartida si på Solnør, same året som han formulerer den viktige programteksten «Om vort Skriftsprog» – som han klokleg nok ikkje trykkjer nokon stad. Han er 23 år, han veit kva han vil, og noko om kva det vil kosta. Ein av kostnadene er at folk vil skapa ei mengd rare historier om han.

Skriv for å løyna seg

Aasen etterlét seg ein stor forfattarskap. Det største og tyngste, i fagleg og historisk forstand, er dei språkvitskaplege arbeida. Det skaper framleis undring at éin person kunne gjera så mykje – samla inn så mykje materiale, skapa kategoriar å ordna det etter, grunnleggja ein ny, tid-høveleg språkvitskap på same tid som han samla inn og definerte eit norsk språk. Han måtte skapa reiskapane (grammatikken) på same tid som han fann materialet (ordboka). I tillegg skreiv han dikt, sette om, samla inn ordtak og skreiv dagbok. Men han skriv meir for å løyna seg enn for å blotta seg. Det er meir krimsjuke enn kjensler i dagbøkene hans, og språkarbeida er upersonleg vitskaplege.

Skal ein finna Aasens eiga røyst, må ein leita i det upersonlege. Det eg kjenner som det ekte aasenske framfor noko, er tekstar han samla inn: ordtaka. Kanskje fordi det finst Aasen-appar og kalendrar, der fyndorda blir dryssa ut kvar dag, som bibelvers i ei andaktsbok. Det skaper ei trygg og sikker kjensle: Her talar meisteren sjølv. Han er nærast når han siterer andre. Han er ingen Knausgård, som diktar om det sørgjelege livet sitt. Han er heller målaren som går inn i sitt eige kunstverk og blir borte. Vil du snakka med han, så svarar han med sitat. Skryter du av hans lærdom, svarar han: «D’er ingen for stor til å læra». Sukkar du over det kalde huset hans i Teatergata, svarar han: «Di større stova, di verre å verma.» Fester du deg ved den tidvis harde oppveksten hans (foreldrelaus som trettenåring), svarar han: «Store Ting skulo byrja smått».

I den skattkista som heiter Norske Ordtak eller Norske Ord-sprog, første gong i 1856, seinare i 1881 og 1892, kan ein også finna dei fyndigaste kommentarane til mytemakeriet om Ivar Aasen.

Mytar med tolugt Mod

Og mytar måtte det bli.

Frå «Om vort Skriftsprog» av har Aasen tenkt på arbeidet sitt både som filologi og som politikk. Det språkvitskaplege var naudsynt for politiske føremål: å skaffa den nye nasjonen sitt eige språk. Tesen hans var at språket alt fanst og berre skulle samlast inn og systematiserast. Det politiske prosjektet var å få dette godkjent som det norske språket, av demokratiske grunnar. Slik vart han motviljug leiar av ei folke-rørsle. Slike posisjonar skaper identifikasjonar mellom rørsla og leiaren, Aasen vart målsaka, slik Gerhardsen vart Arbeidarpartiet. Og mytologien polariserer; ein blir helt og heilagmenne for sine eigne og barbar og troll for motstandarane. Dette doble biletet av Aasen kom på plass så snart rørsla hans fekk politisk gjennomslag. Biletet av måltrolla, orangutangen på «de malebarske Strande» i Peer Gynt var starten på fiendebileta. Det kan verka som Aasen skjøna dette på førehand og budde seg på det stoisk: «Til lags aat alle kann ingen gjera, det er no gamalt og vil so vera». Derimot kan ein ta det alt «med tolugt Mod». Når eg no siterer dikta hans, merkar vi at tonen er den same som i ordtaka. Det er ei røyst med oppsamla røynsle og visdom som talar, ikkje ein individuell kloking.

På den positive sida vart Aasen kanonisert. Hovdens vesle minneskrift frå 1913 om Ivar Aasen i kvardagslaget underviste i inkarnasjonsteologi. Aasen blir den nynorske Kristus, med sin ringe fødsel og si stille gjerning. Hovden sparer seg ikkje, men brukar den eine rekvisitten frå jule-evangeliet etter den andre. Eit høveleg Aasen-ord kunne vera dette: «Høgferd kostar meir enn det er verd.»

Prøv Dag og Tid Les e-avisa