Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Intellektuelle og det internasjonale gjennombrotet

| Den 6. april 2018

Intellektuelle og det internasjonale gjennombrotet

Den norske modellen var kjenneteikna av eit spesielt tett samarbeid mellom forsking og statsleiing. 

Dag og Tid har bede meg skriva om mottakinga av boka eg gav ut i fjor, Det internasjonale gjennombruddet, som ein fyrste artikkel i del 2 av serien «Noreg i verda». Det er grunnen til at eg no på nytt sit og les eit amerikanske essay frå 1948, «A herd of independent minds», skrive av kunstkritikaren Harold Rosenberg.

Mytar

Rosenberg skreiv at ein av mytane i det moderne samfunnet var førestillinga om den sjølvstendige og kritiske rolla til intellektuelle. Det var, meinte han, ei oppbyggjande forteljing, men basert på eit kollektivt sjølvbedrag. Noam Chomsky har på same måte hevda at dei intellektuelle i USA har vore prega av flokkmentalitet: dei er ein bøling uavhengige sjeler. Dei er, seier han òg, «a herd of independent minds».

Kritikken til Chomsky og Rosenberg er særs krass, og han er overdriven. Men perspektivet kan likevel vera fruktbart, av di det normaliserer og kastar ljos over eit ålment fenomen: intellektuell konformitet.

Eg las essayet til Rosenberg om att no av di få av dei som har skrive om boka mi, har vore opptekne av eit av dei viktigaste funna: den historiske rolla til dei intellektuelle og forskarmiljøa i dei prosessane som skulle koma til å forma det internasjonale gjennombrotet.

Eg trur det Rosenberg viser til, òg kan vera med på å kasta ljos over at ei bok som korkje er for eller mot bistand, for eller mot innvandring, for eller mot islam eller for eller mot den nye eliten, likevel vert kontant avvist av nokre forskarar og intellektuelle på eit reint normativt og politisk grunnlag: boka er «etnonasjonalistisk», mot internasjonal solidaritet eller islamofobisk, eller ho er berre eit debattinnlegg om norsk politikk.

Denne reaksjonen må skjønast historisk og sosiologisk, og difor enda eg altså med å lesa opp att essayet frå 1948 til ein amerikansk kunstkritikar.

Brot og konformitet

Boka Det internasjonale gjennombruddet set søkjeljos på nokre sentrale endringsprosessar. Noreg vart som stat frå 1960- og 1970-åra stilt overfor heilt ukjende utfordringar. Landet hadde ikkje vore med i Europas rivalisering om koloniar i ikkje-europeiske område, men tok mål av seg til å verta «verdsmeister» i bistand og proklamerte seg etter kvart som ei humanitær stormakt overfor Afrika, Asia og Latin-Amerika, og landet hadde historisk hatt ein særs homogen folkesetnad då den politiske leiinga alt frå slutten av 1970-åra slo inn på noko heilt nytt: ein multikulturell statsbyggingsideologi.

Normalt skulle ein tru at slike endringsprosessar ville gje støyten til omfattande, opne og pluralistiske diskusjonar om verdsutviklinga, Noregs rolle i den, handsaminga av reell kulturell og religiøs variasjon og korleis Noreg skulle utvikla multikulturalisme. Men svært få forskarar og intellektuelle stilte spørsmål ved den historiske bakgrunnen og dei konstituerande omgrepa til bistandspolitikken og fredspolitikken, eller korleis han vart grunnleggjande endra i meir militær retning i kjølvatnet av at «det internasjonale samfunnet» og FN gjekk inn for humanitære intervensjonar (Libya, til dømes).

Nesten ingen var oppteken av korleis det internasjonale bistandssystemet forma ideane dei intellektuelle og nasjonen hadde om utvikling, global rettferd og Noregs rolle, og såleis vart ein del av samtidshistoria vår.

Der debatten hadde rasa i England om kolonialismen og i USA om utanrikspolitikken, var det i Noreg i lange periodar ingen verkeleg diskusjon om Noregs nye rolle i verda, og korleis denne rolla påverka utviklinga av landet.

I tiåra då menneskerettsideologien vart ein sekulær statsreligion, var «alle» samde om det sentrale dogmet den nye ideologien var bygd på: ideen om at menneskerettane i historisk forstand på ein eller annan (om enn uklar) måte var universelle.

Det norske forskarsamfunnet slutta unisont opp om den offisielle forståinga av kva menneskerettane var. I heile perioden var det nesten ingen som drøfta kva det hadde å seia for politikken at menneskerettane i realiteten var eit vestleg sivilisasjonsprodukt. Ein drøfta ikkje skiljet mellom på den eine sida å meina at verdiar låg som frø som berre venta på å spira i alle samfunn, og på den andre sida å søkje å spreia visse positive verdiar til heile verda.

Dei intellektuelle har på same måte i særs liten grad diskutert realitetane i kva norsk multikulturalisme er og skal vera, sjølv etter at Merkel og Cameron erklærte at multikulturalisme som ideologi var ferdig. Særs få har diskutert korleis Noreg skal handsama det faktum at innvandringa frå EØS-land og særleg frå Afrika og Asia førte til at folketalet relativt sett voks omtrent tre gonger så raskt som i Danmark og nesten to gonger så raskt som i Sverige i perioden mellom 1995 og 2015. Eller at mange av dei nye innbyggjarane lett fell utanfor arbeidsmarknaden i det moderne samfunnet, og at det finst store miljø blant innvandrarane som er sterke motstandarar av verdiar som har dominert dei moderne sekulære samfunna.

Det fanst sjølvsagt unntak, og her nemner eg berre nokre, som Ottar Brox når det gjeld innvandring, Øyvind Østerud når det gjeld fredspolitikken, Sigurd Skirbekk når det gjeld menneskerettane, og Walid al-Kubaisi når det gjeld islam. Men til saman var dei så få at dei snarare understrekar kor dominerande konsensusen var.

Men altså: Kvifor var intellektuelle og forskarar så sameinte i synet på desse overordna spørsmåla – i eit av verdas mest demokratiske og liberale samfunn?

Kompleks og makt

Det er sjølvsagt mange årsaker til denne semja. Boka set søkjeljoset på nokre av dei, til dømes at særs mange forskarar og intellektuelle vart ein del av det som utvikla seg til eit politisk-kulturelt miljø med tusenvis av menneske som dreiv med utvikling, menneskerettar og fred, og etter kvart òg integrering og innvandring.

Alt dette vart halde saman av statlege finansielle ressursar (nesten alle pengar til forsking om ikkje-europeiske område og Noregs rolle i verda kom frå Utanriksdepartementet, så alle vi som dreiv slik forsking, vart i større eller mindre grad, og over lengre eller kortare periodar, støtta av dei) og av eit felles språk for korleis verda og Noregs rolle i ho skulle fortolkast, reelt og rituelt stadfesta i tusenvis av søknader og rapportar til departementa.

Den særeigne makta til dette komplekset botna ikkje minst i at særs mange deltok i det friviljug, og ofte med entusiasme. Det gav økonomiske fordelar, men òg kulturell og moralsk kapital av di det organiserte og representerte ei udiskutabel «god handling» i samtida; det var den einaste arenaen i samfunnet der ein skaffa seg og vart tilskriven ein slags aura av å vera god berre ved å delta.

Eit sentralt døme på det tette tilhøvet mellom statsleiing og forsking er at sjølve grunngjevinga til den politiske leiinga for at Noreg kunne verta ei humanitær stormakt, var det politikarane kalla «den norske modellen». Den var, sa dei, kjenneteikna av eit spesielt tett samarbeid mellom forsking og statsleiing.

Forskinga vart med kollektiv entusiasme skildra som ein integrert del av politikken til staten. Til og med Det norske universitets- og høgskulerådet inngjekk i 1991 ein avtale med Utanriksdepartementet som førte til at hundretals av forskarar på universiteta byrja å rapportera til UD.

Poenget mitt er sjølvsagt ikkje å kritisera Utanriksdepartementet, politikarane eller forskarane, men å peika på at desse omfattande, og av aktørane ynskte, økonomiske og politiske relasjonane, måtte føra til konformitet. Å vera uavhengig vart ikkje berre økonomisk vanskeleg, men det vart oppfatta som ein trussel mot den grunnleggjande sjølvoppfatninga og den eksterne legitimiteten på feltet.

Forskarpolitikarar

Det er i ein slik samanheng artiklane om boka mi av Arve Ofstad, tidlegare forskar, mangeårig Norad-byråkrat og no pensjonert ambassadør (Vårt Land), og Gunnar Sørbø, i om lag to tiår direktør ved det største oppdragsforskingsinstituttet i landet på feltet, Chr. Michelsens Institutt (CMI) (Morgenbladet), vert interessante.

Eg vil her konsentrera meg om artikkelen til Gunnar Sørbø. Sørbø avviser at spørsmålet om uavhengig forsking i det norske samfunnet i denne perioden er relevant. Han skriv: «Tvedt tviholder på et samrøre-argument der aktører som får penger fra Utenriksdepartementet, har oppgitt selvstendigheten sin.» Underforstått: Det boka peikar på og dokumenterer, er ikkje ein realitet i samfunnet, og berre det at eg er oppteken av spørsmålet, er ein insinuasjon mot andre forskarar. Det er difor naturleg at Sørbø parkerer forfattaren på eit moralsk grunnlag: Eg juksar nærmast, er einsidig, motivet mitt er eigentleg å setje folk i eit «latterlig lys ved bruk av stråmenn».

I boka freista eg å summera opp danningsfunksjonen i dette forskingssystemet historisk, òg av di eg meiner at om ein ikkje kan reflektera over tilhøvet mellom posisjon og perspektiv, vil ein gjera seg sjølv og forskinga inkapabel til å gjera det samfunnsvitskapen er til for. Eg skjønar at mange ikkje liker tematikken av di han trugar det som kan vera illusjonar om eigen autonomi og sjølvstende, men tematikken er sentral for å forstå samtidshistoria.

Ifølgje årsrapporten til Forskingsrådet for 2016 skal CMI «frembringe og kommunisere forskningsbasert kunnskap» som bør ha «innvirkning på politikk og praksis», og «dyrke tett samhandling med brukerne» (min kursiv). Dette er naturlege og gode målsetjingar for eit oppdragsinstitutt, men dei set på andre sida sjølvsagt rammer for pluralisme og autonomi.

Sørbø sjølv var ein av dei fremste representantane for nettopp den typen forskarpolitikarar som det internasjonale gjennombrotet ikkje berre produserte, men gjorde dominerande. Han har vore med i ei rekkje offentlege utval, og instituttet han leidde, var sentralt i å skrive mange av stortingsmeldingane til ulike regjeringar. Heilt frå 1970-åra var han talsmann for det han kalla «engaged anthropology»: forskinga skulle søkja politiske løysingar.

Sørbø fylgde denne lina konsekvent. Eitt av fleire døme: Då Utanriksdepartementet i byrjinga av 1990-talet spurde Senter for utviklingsstudiar ved Universitetet i Bergen om vi ville bruke vår Sudan-kompetanse til å driva fredsmeklinga i Sudan, var eg imot, medan Sørbø blei med og seinare drog til Carter-senteret i USA saman med utanriksminister Johan Jørgen Holst.

Det historisk interessante er ikkje at ein forskingsdirektør går inn for å driva oppdragsforsking og ha tette kontaktar med den politiske leiinga. Eg er sjølvsagt ikkje mot oppdragsforsking. Dessutan: Vi har alle våre blindsoner, som vi ikkje kjenner, for då hadde dei ikkje vore blindsoner.

Det er når slike blindsoner blir eit samfunnsfenomen, at dei får historisk tyding. Når sjølv sentrale forskarar, som driv forsking som om ho ideelt skal vere «politikkens framhald med andre middel», ikkje er opptekne av korleis slike tilhøve mellom leiinga i staten og forskingsmiljøa påverka perspektiv, omgrep og autonomi, snakkar vi om ei blindsone som vi må forstå om vi skal forstå samfunnet. I heile perioden har nesten all forsking på desse felta nemleg vore definert ut frå om ho hadde relevans og nytte for politikarar og «brukarar».

Autonomi?

Det er velkjent at Sørbø (sjå til dømes boka til Halle Jørn Hansen om Sør-Sudan) hjelpte UD i ein hemmeleg operasjon i Sudan: Sørbø og CMI ordna betalinga for ein satellittelefon som UD gav John Garang, leiaren for geriljahæren i Sør-Sudan, noko staten sjølv ikkje ope kunne gjera av diplomatiske grunnar. Sørbø deltok såleis i eit hemmeleg oppdrag på vegner av statsleiinga medan han, og dette er det sentrale her, samstundes skreiv om Sudan som om han sjølv ikkje var ein politisk aktør.

Det er òg eit tilsynelatande paradoks at medan CMI og Sørbø sjølv har vore med på å formulera politikken til regjeringar i ei lang rekkje samanhengar, skriv Sørbø, når boka mi no analyserer kva dei skreiv, at slike dokument ikkje må takast på alvor, og at ingen meiner det som står der.

Det er på dette grunnlaget Sørbø avviser påpeikinga i boka av at menneskerettsideen i Noreg av regjering og storting og i det offentlege har vore forstått som ein slags fellesmenneskeleg idé. Han fordømer det som «stråmann-argumentasjon», av di han kjenner «ingen» som meiner dette.

Poenget mitt er at uavhengig av kva den einskilde meinte privat, fanst det eitt tilgjengeleg språk som systemdeltakarar måtte nytta, om dei skulle vera med i det og få tilgang til dei ressursane og den legitimiteten det hadde. Denne særeigne relasjonen mellom å stadfesta den grunnleggjande legitimiteten i politikken og bli stadfesta som både aktverdig aktør og person, bidrog til at konformitetspresset som det humanitær-politiske komplekset utøvde, vart så sterkt.

Konsensusen ryk?

Gjennomgangen i boka av korleis norsk bistand, menneskerettstenking og multikulturalisme dei siste tiåra forma Noreg, gjer det klart at dei fleste intellektuelle slutta seg til den store konvoien av likesinna som sette segl i same retning. Dei kom til å dela dei same grunnleggjande oppfatningane og nytta mange av dei same kodane for politisk-moralsk avvising av syn som stridde mot deira eigne.

Rosenberg syner at dette ikkje er historisk eineståande, men i Noreg er det sentralt å forstå den spesielle relasjonen mellom dei intellektuelle og den statlege politiske leiinga, og framveksten av det humanitær-politiske komplekset.

Terje Tvedt er historikar og geograf ved Universitetet i Bergen.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa