Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Innovative pilegrimsvandrarar

| Den 11. august 2017

Innovative pilegrimsvandrarar

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Konkurrerande forteljingar om Olav Haraldsson er meir enn eit spel for den forkledde statskyrkja.

På armlengds avstand skal kulturminister Linda Cathrine Hoftstad Helleland (LCHH) føra tilsyn med den norske folkekyrkja. Til jul sende ho ut eit trøystande brev om skilsmålet mellom stat og kyrkje: Folk flest skal ikkje merka noko. Der er ho eit ekko av bispekollegiets preses, Helga Haugland Byfuglien: «Den norske kirke forblir en stats- og kommunebudsjettkirke.»

Ved olsoktider la LCHH ut på berrhovda pilegrimsvandring under mottoet: «Pilegrimsvandring handler om å bryte opp og legge ut på vandring mot et større mål.» Undervegs rasta ho hos Ola Borten Moe for å sjå barne-TV og samtala om det norske over kaffi og vaffel med brunost. Ho fekk kanskje dusj og badstove også, for Borten Moe er god på det.
Kommunal- og moderniseringsminister Sanner var med på slep, men han juksa litt og tok buss; han tykte vel det blei for mange små og lite robuste kommunar å vandra gjennom.
Innovasjon Norge var rimelegvis med på den heilage ferda som passande reisefølgje. LCHH sa lite om ettertanke og fromheit, men uttalte seg viljug vekk til Aftenposten om kulturisme og «potensialet pilegrimsledene gir, både til turister, næringslivet, frivillige og kulturlivet». Moderniseringsminister Sanner slo eit slag for «verdiskapning i utmark» med nye arbeidsplassar innan servering og overnatting.

Før LCHH blei norsk kulturminister, var ho leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, så ho kan vegpolitikk. I fjor blei det brukt to millionar til merking av pilegrimsleia, som også går innom Klæbu, heimbygda til kulturministeren. Langs hovudvegane mellom Oslo og Stiklestad står det eit par dusin vegskilt med P, som viser til parkeringsplass for pilegrimar. Slik går det når Statens vegvesen blir pålagt ei oppgåve, som med nasjonale turistvegar. Då gjer dei det så skikkeleg og grundig at dei i neste runde får reduserte løyvingar.

Vertinna kan ikkje noko med desse pilegrimsgreiene og helgendyrkinga, men ho ser med blide augo på alt som kan føra med seg fleire turistar som legg att pengar: Tyskarar som vandar til fots, er betre enn dei som kjem i bubil.
Byråsjefen vil ikkje blanda korta, men skilja mellom regimenta: Gje Gud det som Guds er, og turismen og kulturlivet det som deira er.

DET ER EI slags arbeidsdeling i Olavsdyrkinga. Nidaros har religiøse marknadsdagar for Olav den heilage, medan Stiklestad meir skal ta for seg den nasjonssamlande krigarkongen Olav Digre. Det er ulike og konkurrerande forteljingar, og det er meir enn eit spel.
Fortida kan skrivast og skrivast om og friserast for å bli gode, nyttige og autoriserte narrativ. Men det som er luka ut, kan alltid stikka seg fram, anten det er katolsk helgendyrking og Olavsteinen eller Wilhelm Rasmussens NS-bauta i sagastil, som blei riven ned og gøymd i mold etter krigen.
Tyskarane har eit strålande omgrep for dette, fordi dei treng det: Vergangenheitsbewältigung. Ein skal analysera, fordøya og læra seg å leva med alle sider av fortida. Men ikkje fornekta, fortrenga og gløyma.

PÅ STIKLESTAD er spelet om Heilag-Olav det sjølvsagde høgdepunktet. Den tradisjonsrike førestillinga er imponerande og fartsfylt, med mektige masseopptrinn og velregisserte amatørar. Sjølve teksten er ei merkeleg og banal blanding av folkeepos og sanktifisering. Moralen er at den falne helgenkongen vinn over den brutale krigarkongen han var, men også over trønderhovdingane, og blir «vårres Olav».
Etter spelet var det artig og ølvåt inntrøndersk bygdefest på tunet til det nasjonale kultursenteret. Det er norsk å syna ansikt, eta svinepølse og drikka alkohol. Dei levde livet med mykje lys og mykje varme i den uvanleg tørre og vakre sommarnatta, til det tona ut i ei høglydt og ikkje heilt prudent hylling av Sankt Åge:
Æ e trønder æ,
Å hærregud kor tøff æ e.
Æ e trønder æ,
Det e itj då’li bærre det.

DEN TRØNDERSKE kulturministeren er på vandring mot nye og støtteverdige mål etter at den norske majoritetskyrkja er blitt eit trus- og livssynssamfunn på lik line med alle dei andre. Men som historisk statskyrke er ho også ein del av vår felles forteljing om Noreg, og ein sentral del av norsk minnekultur og kulturforvaltning. Den lutherske guden er blitt norsk ved osmose. Her står me og kan ikkje anna, for å vera norsk er å ha luthersk protestantisme med i pakka. Same kor vantru me er, så er me sekulære protestantar som ber individualisme, personleg ansvar, arbeidsmoral og dårleg samvit med oss.
Gud veit kvar det ber av i oppbygginga mot 1000-årsjubileet for helgenkongen i 2030 og 500-årsjubileet for det danske kongekuppet i 1537. Ved 500-årsjubileet for Luthers reformasjon er folkekyrkja i spennet mellom forsiktig snik-katolisering og ein persontilpassa serviceinstitusjon for åndeleg mangfald og tru-kva-du-vil. LCHH kunne bruka Vanguards parodiske suksess «Mot ukjent sted» som passande tonefylgje:
Ingen vet mitt mål med reisen
eller hvor jeg trår min sti,
under flukten fra et minne og
en ring.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

knapp knapp