Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 14.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Ingeniørar og politikarar kostar oss mest

| Den 18. mai 2018

Ingeniørar og politikarar kostar oss mest

Foto: Ås campus webkam1

Veterinærhøgskulen på Ås skulle kosta vel to milliardar, no er kostnadene komne opp i sju milliardar. Men det finst metodar for å hindra slik galningskap.

Då underskrivne var ung og studerte statsvitskap, laga ein professor i offentleg planlegging – han skal få vera namnlaus her – ein formel for offentlege prosjekt. Ein tok det fyrste budsjettet, gonga det med to og la så på 40 prosent. Då fekk vi den reelle kostnaden. Eit godt døme er Veterinærhøgskulen på Adamstuen i Oslo. Han er no på veg til Ås. Senterpartiet og leiaren som kom frå Ås, hadde trong for ein siger etter at Erik Solheim hadde fått lov til å verna Trillemarka i Buskerud.
Då regjeringa la fram stortingsproposisjonen om flytting i januar 2008, var optimismen stor om vi jamfører med dei seinaste utrekningane: «Overslag på investeringskostnadene ved ei lokalisering på Ås er rekna til å vere 2147 mill. kroner for ein utdanningskapasitet for opptak av 60 veterinærstudentar og 2359 mill. kroner for opptak på 90 veterinærstudentar.» Stortinget vedtok planen om å byggja for 90 nye. Å byggja nytt for 90 på Adamstuen vart rekna til 1145 millionar.

Ås var dårlegast
Regjeringa sa at det var faglege grunnar til å flytta til Ås, men ei eiga utgreiing i regi av Kunnskapsdepartementet synte at det berre var for landbruksproduksjon det fanst særleg positive faglege effektar av flytting. Når det galdt fiskehelse, mattryggleik, fritids- og familiedyr, utdaning og forsking, var lokalisering til Oslo og eit samarbeid med Universitetet i Oslo det beste faglege alternativet.
Så byrja Statsbygg å rekna, og for kvar gong dei rekna, gjekk tala opp. Regjeringa hadde ei von om å koma i gang med bygginga i 2013. I den siste budsjettproposisjonen om nybygging på Ås frå 2012 synte det seg at kostnadene vart på minst 5,2 milliardar. Om ein no går inn på heimesida til prosjektet, står det at totalramma er på 6,9 milliardar. Det er nokså presist etter den formelen som professoren sette opp for oss studentar for 30 år sidan. Etter den formelen er prosjektet på Ås berre 300 millionar for dyrt om ein tek utgangspunkt i at Oslo tok opp 60 studentar per år. Perfekt etter inflasjon.
No vert nok prosjektet endå dyrare, sidan det ikkje er ferdig. Dansken Bent Flyvbjerg ved universitetet i Oxford er truleg verdas fremste på kostnader ved såkalla megaprosjekt. Han har synt at det er ein jarnregel verda over at offentlege megaprosjekt i gjennomsnitt hamnar på 47 prosent over siste budsjett før oppstart. Den norske professoren tok utgangspunkt i fyrste budsjett.

Randi Flesland
Men på Ås kjem det i det minste noko vi kan vona fungerer. Det offentlege har det med å laga ting som ikkje fungerer òg, særleg innanfor det vi før kalla EDB. Som regel kjem slike prosjekt av di ein eller annan leiar kjem på ein stor idé, som vedkomande så forlangar skal fungera. Eit lite, men på ingen måte utypisk døme, er Matportalen til Forbrukarrådet, eller «Peiling», som appen vart heitande då han vart lansert under Arendalsveka i fjor.
Førre veke kunne leiaren i Forbrukarrådet, Randi Flesland, fortelja at satsinga vart lagd ned. Dei fekk ikkje nok og rett informasjon i sann tid frå matvarekjedene, dessutan vart det så vanskeleg å samanlikna tilsvarande produkt. Nokre matvarekjeder har First Price som billigaste produkt, så har vi Eldorado og så har vi… Lista over alt som skar seg, var lang. Dessutan var det knapt brukarar av tenesta. Men, kunne Flesland fortelja, prisen «er ikke et stort beløp». Vel, somme vil nok meina at all skatt frå 185 gjennomsnittlege skattebetalarar er litt pengar. Men nei, appen kan ikkje samanliknast med utanlandssatsinga til Statoil eller utbygginga på Ås.

Vi er optimistar
Men kvifor skjer ting seg, for det gjer dei, gong på gong på gong? Det er i hovudsak to grunnar. Og her vantar vi norske ord og omgrep. Det fyrste er optimism bias – altså overdriven sjølvtillit eller optimisme. Det andre er manglande skin in the game, at dei som står bak noko, ikkje sjølv tapar pengar eller andlet om dei set i gang noko.
Ni av ti menneske lid av, eventuelt nyt, optimism bias, dei trur at ting ordnar seg, at alt skal gå bra. Dag og Tid er eit like godt døme som noko anna. Kvar måndag lover vi journalistar å levera før klokka 12 på onsdag. Det gjer vi aldri, og dimed vert desken sitjande utover kvelden for å få avisa ferdig.
Litt enkelt sagt, ingen liker ein pessimist. Om du er politikar og vil verta attvald, må du lova langt meir enn du kan halda. Og om nokon protesterer og seier at dette og dette ikkje går, kan politikaren berre seia at «du er så negativ». Den som får stempelet negativ, har tapt.
Men eit endå større problem i politikken og i det offentlege generelt, er vantande skin in the game. Den i verda som har skrive mest, i alle høve best, om risiko, er libanesaren Nassim Taleb, som føresåg både finanskrisa i 1987, dotcom-bobla i 2000–2001 og den store finanskrisa i 2008.

Hald deg unna
Han har eitt hovudråd til investorar: Lytt aldri til ein person som ikkje sjølv har investert i det han sel. I tillegg seier han at du ikkje må lytta til råd frå personar som tener på det dei rår deg til. Politikarar og offentleg tilsette har ikkje eigne pengar i det dei vil ha gjennomført. Politikarar får i tillegg fleire røyster om dei maktar å få eit storprosjekt til heimregionen.
Åslaug Haga kan i alle år kasta eit blikk bort på den nye veterinærhøgskulen og vita at det var ho som fekk desse bygningane til Ås. No står ho ikkje på val, men om ho det hadde gjort, ville ho framleis ha vore populær i Akershus for å ha skapt så mykje offentleg vekst der. Det hjelper heller ikkje å ringja og kjefta på henne, pengane er borte.
Men det som de no har lese, er i grunnen banalt. Det vi må spørja oss om, er kva vi kan gjera for å hindra desse overskridingane og feilprosjekta. I USA har dei fått ein metode som ser ut til å vera lovande, så lovande at det amerikanske forskingsrådet ikkje gjev støtte til ny teknologi utan at prosjektet det vert søkt om pengar til, har vorte utsett for denne metoden. Metoden heiter lean startup, som kanskje kan omsetjast med noko så enkelt som «fornuftig byrjing».

Finn ut risiko
Det fyrste du må innsjå, er at risikoen er høgst i byrjinga av eit prosjekt. Ja, også det er banalt, men det er i starten det meste kan gå gale. Difor må du køyra på med maksimal pessimisme. Du skal stilla deg dette spørsmålet: Kva er den viktigaste tingen som må vera sann for at ideen din skal verka. I tilfellet Ås vil det vera: «Treng vi ein veterinærhøgskule her til lands?» Svaret er ja. Då vil neste spørsmål vera: «Har vi ein som fungerer i dag?» «Ja, den på Adamstuen har tent oss godt, og Noreg har alt i dag ei særs god dekking av veterinærar. Vi treng ikkje ein ny.»
Når det gjeld denne appen til Forbrukarrådet, vert spørsmålet dette. «Kven kan gje oss sann tid-informasjon om prisar ute i butikkane?» Svaret er sjølvsagt «matkjeda». Då vert det andre spørsmålet: «Vil dei gje oss denne informasjonen?» «Sjølvsagt ikkje, kjedene vil ikkje dela konkurransesensitiv informasjon, for då kan andre setja prisane rett under deira eigen pris.»
Men om no nokon likevel ville gå vidare med desse vedtaka, er det andre dei måtte gjera etter lean startup-prinsippet, å byrja å undersøkja korleis det heile skal skje. Her er det viktigaste at desse undersøkingane skal vera billige. Flesland skulle ha fått nokon til å ringja rundt til kjedene og spørja om dei ville dela på informasjonen. Det hadde berre kosta nokre telefonsamtalar. No kan det vera at kjedene hadde loge og sagt at dei ville ha delt denne informasjonen. Difor burde Flesland òg ha ringt tidlegare tilsette, som meir truleg ville ha sagt at den informasjonen deler kjedene ikkje.

Kost–nytte
Når det gjeld Ås, måtte undersøkinga vera ein kost–nytte-analyse. Men denne analysen må koma frå folk som er skeptiske til prosjektet, og som samstundes har røynsler frå liknande prosjekt. Dette er sjølvsagt ikkje politikarane som vil ha prosjektet, interesserte i når dei lanserer eit konkret prosjekt. Difor bør Stortinget vedtaka dette som ein generell regel: Alle nye prosjekt skal ha ein samfunnsøkonomisk vinst. Ja, etter at Veterinærhøgskulen på Ås vart vedteken utbygd, har faktisk Stortinget vedteke at alle store prosjekt skal ha ei samfunnsøkonomisk utgreiing. Men Stortinget har diverre ikkje vedteke at Stortinget skal fylgja desse råda. Dessutan er det som regel fagetatane sjølve som står for utrekningane. Folk som arbeider med jarnbane, har ein tendens til å vilja ha meir jarnbane.
Ja, lean startup er også banalt. Det gjeld å overlata utgreiingar til pessimistar og halda alle som har interesse av at noko vert sett i gang, langt utanfor prosjektutgreiinga. Er det nokon grunn til å tru at Stortinget kjem til å vedtaka noko sånt? Truleg ikkje. Men Sverige har langt betre samferdsel enn Noreg. Der borte vedtek politikarane ein generell pott til samferdsel, og så prioriterer dei underliggjande etatane det mest effektive fyrst. Manglande skin in the game er det truleg umogleg å gjera noko særleg med. Vi vil ikkje ha politikarar som investerer i offentlege prosjekt.

Ugrunna optimisme
Før nemnde Flyvberg har kome til at 6 til 8 prosent av verdas verdiskaping går til megaprosjekt. Han meiner at innsparingspotensialet er minst ein tredel. Men diverre, seier han, har det synt seg ganske så umogleg å få ned kostnadene. Dei som vil ha prosjekta, nektar å lytta til fornuft. Ved sida av politikarar er ingeniørar verst. Dei vil alltid har den dyraste og i deira auge mest moterette løysinga. Sjølv om Steinar Strøm fekk stogga lyntog i Sør-Noreg, må altså dei som trur at samfunnsøkonomar styrer alt, tru om att.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa