Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

«Indianar» ut av språket

| Den 17. november 2017

«Indianar» ut av språket

Foto: Jan Pitman / AP Photo / NTB scanpix

Ordet «indianar» skal ryddast ut av sidene i Store norske leksikon.
– Termen har ein rasistisk undertone, seier ekspert på amerikanske urfolk, Lars Kirkhusmo Pharo.

Kvite europearar har gjeve urfolket i Amerika mange namn gjennom hundreåra. Namna endra seg etter kva oppdagarar urfolket kom i kontakt med.

Dei norrøne oppdagarane kalla dei innfødde dei møtte i Vinland, skrælingar. Det tyder skrale folk – altså tunne og skrøpelege menneske. Skrælingar brukar vi sjølvsagt ikkje lenger. Det er ein term som no berre vert nytta i historiske samanhengar.

For om lag fem hundre år sidan kom det atter europeiske oppdagarar til det amerikanske kontinentet. Christofer Columbus sette fot på Bahamas-øyane i Karibia i oktober 1492. Vi kjenner soga godt. Columbus tenkte han hadde funne snarvegen til India, opphavslandet til krydder og andre rikdomar; han gav dei innfødde namnet «indianarar».

Sidan har det dukka opp andre namn òg på dei innfødde, som «raudskinna» og «raudhuda».

Men no har Store norske leksikon fått nok. Det skal ryddast opp i oppslagsverket: Namn vi vestlege har gjeve på urfolket, skal fjernast frå sidene.

Les heile saka i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp