Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 23.06.2017

Gå til toppen

Toppen

I eigne fotefar

| Den 10. februar 2017 http://www.dagogtid.no

I eigne fotefar

Foto: Danmarks Radio

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

I likskap med Hans Egede forlét Kim Leine Grønland etter 15 år. Saman med eit fjernsynsteam  frå Danmarks Radio drog Leine til Nuuk for å gå i sine eigne fotefar 25 år etter.

Dette er ein velkjend situasjon med ein ny vri: Eg går opp trappesjakta til blokk 4 på «Sletten» i Nuuk. Ho liknar seg sjølv, 25 år seinare. Veggene er fulle av graffiti teikna med tusjpennar, litt søppel ligg og flyt, trappa er skiten. Eg går opp til fjerde etasje, kjem ut i svalgangen og går bort til 304. Ingen heime. Eg flytta herifrå i 1992 og drog til Aust-Grønland. No er eg tilbake.

Eg står og lenar meg mot gelenderet og ser ned på parkeringsplassen og over mot blokk 3. Her er stille. Det er sundag føremiddag, men sjølv for ein sundag er det ei nesten spøkelsesaktig ro. Bilane kviler under eit lag nyfallen snø. Ikkje ein einaste bebuar viser seg ute. Ingen ungar leikar på parkeringsplassen eller i gangane. Ingen jeger med børsa over skuldra, på veg til jakt. Ingen husmødrer hengjer opp klesvask. Ingen stereoanlegg spelar dundrande grønlandsk rock med fullt volum klokka fire. Ikkje ein einaste eg kan helse på og seie «gudaa, kammak, maani najugaqarnikuuvunga».

Les heile artikkelen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp