Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 21.03.2017

Gå til toppen

Toppen

I denne søte listetid

| Den 30. desember 2016 http://dagogtid.no

I denne søte listetid

Frå filmen Mustang. Regi: Deniz Gamze Ergüven

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Dag og Tid-filmmeldarane Brit Aksnes og Håkon Tveit har mange og lange diskusjonar om film. Dei endar til slutt opp med å ha fire av ti like filmar på listene over dei beste i år.

FILMÅRET
Brit Aksnes

Kring tre hundre filmar har ordinær premiere i Noreg kvart år. Av desse har eg sett kring ein tredjedel. Og av desse hundre er det denne lista vert til. Er eg redd eg kan ha gått glipp av noko? Strengt tala ikkje, for det er sjeldan Hollywood-maskina leverer noko som kjem opp mot det ørvesle me vert eksponerte for av det beste frå resten av heile verda. At det ikkje samsvarar med kva som vert sett mest, har slutta overraska meg for lenge sidan.

Balanse
Det eg meiner, er at verda er full av god film. Ein av dei som tronar høgast i år, er den koselege, viktige, rørande Mustang (regi: Deniz Gamze Ergüven). Det står ikkje så bra til i Tyrkia, men filmar som kastar lys over problema, kan dei, på elegant og forståeleg vis. Og nettopp det å kunna ta opp problem er ein av dei kvalitetane eg set høgast ved film. Min elskede (regi: Maïwenn) og American Honey (regi: Andrea Arnold) handsamar begge maktbalanse i eit forhold, på vidt ulike måtar, den eine i Overklasse-Frankrike, den andre mellom utstøytte ungdomar i USA. Det gjer at eg får innblikk i situasjonar som nok er reelle, men som eg ikkje nødvendigvis støyter på sjølv. Også Mine beste dager merkar seg ut med sine fine betraktningar om oppvekst, kjærleik og venskap.

Du store verda
Den mest majestetiske filmen på norske kinoar i år er Human (regi: Yann Arthus-Bertrand). Tre timar med hakesleppfine foto av menneske og natur gjer godt for sjela. Som den arge motstandaren av lange filmar som eg er, så har både denne, før nemnde American Honey og Min pappa Toni Erdmann (regi: Maren Ade) snike seg inn på lista (alle om lag tre timar lange), så alltid unnatak for reglane. Sistnemnde er provet på at tyskarane kan laga komedie med laustenner og parykk som fungerer, mykje grunna alvoret i botn.
Alvor manglar det ikkje på i år, heller ikkje på kino. I Markedets lov (regi: Stéphane Brizé) ser me dagens arbeidarklasseslit på sitt verste, noko som likevel blir småtteri opp mot helvetet på dei danske strendene under den andre verdskrigen i Under sanden (regi: Martin Zandvliet). Det er heller ikkje lystig på dei vesle deltabankane i Georgia, som vist i den vakre Corn Island (regi: George Ovashvili). Og for å summera opp verda, samfunnet og sjelsliv mellom oss alle, så skulle det ein film om mayafolket til, med Ixcanul (regi: Jayro Bustamante). Alle filmane bør absolutt sjåast på stort lerret, men lat oss prisa verdsveven som med tid og stunder vonleg tillèt at du får sett dei i det heile.

Årets norske film
Ja, det blir med ein merknad på slutten, for norsk film nådde ikkje opp for min del i år, men eg tillèt meg heiderleg omtale til både Alt det vakre (regi: Aasne Vaa Greibrokk) og Kong­ens nei (regi: Erik Poppe).

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid

 

FILMÅRET
Håkon Tveit

Det er noko i slagordet om at det alltid går ein film på kino som du ikkje bør gå glipp av. I 2016 har godbitane vore varierte og talrike. Konkurransen om plass på lista over dei ti beste er hard i år.

Moroa
Mykje er sagt og skrive om den morosame og enormt smarte tyske komedien Min pappa Toni Erdmann (regi: Maren Ade). Han held. Vonleg vil Sandra Hüllers skodespel vekkje skratt godt inn i 2017. Ein annan favoritt eg lo godt av, var The Lobster (regi: Giorgios Lanthimos). Grekarens første film på engelsk var elegant, lur og lumsk. Det sosiale spelet til folk blir blotta flott.

Menneska
Mustang (regi: Deniz Gamze Ergüven) engasjerte meg som få filmar gjer. Fantastiske tyrkiske tenåringar spelar systrer med driv for fridom i ein streng heim. Djup humanisme og sterke lagnader pregar òg dokumentarfilmen Human (regi: Yann Arthus-Bertrand) – ei drygt tre timar intens intervjuøkt med all slags folk og flott foto. Menneskelege drama for migrantar har vore i fokus på filmfronten. Middelhavet (regi: Jonas Carpignani) er ei medrivande reise der burkinske Koudous Seihun spelar stort i ei historie lik hans eiga reise til Italia. Det store symbolet på miljø som tek imot menneske i farvatna sine, er Lamdepusa. Øya er skildra slåande vakkert i dokumentarfilmen Havet brenner (regi: Gianfranco Rosi), der fiskarar og folk på flukt lever langt frå og tett på kvarandre.

Magien
Fleire av filmane i år har formspråk som gjev dei ein magisk, flytande aura. I American Honey (regi: Andrea Arnold) svevar supre Sasha Lane kvilelaust rundt i eit sosialt splitta USA til tonane av mirakuløst effektfull musikk. Draumliknande, dvelande scener med neonfargar og gjørme blant brasilianske cowboyar løfter realismen i Neon Bull (regi: Gabriel Mascaro) til magi. Bruken av naturleg ljos og kolmørk humor gjer El Club (Regi: Pablo Larraín) til ein grumsete, grim, men makelaus film om overgrep i den katolske kyrkja i Chile. Det kvelande, tette kamera i Sauls sønn (regi: László Nemes) hevar holocaust som mareritt for einskildmennesket. Få grep har fått fram makta i film betre.

Årets norske
Kongens nei (regi: Erik Poppe) var eit solid unnatak frå nasjonal­romantiske bomturar, og den beste blandingsfilmen i år var Barneraneren (regi: Jon Haukeland), som spela opp til debatt om norsk presse, men den vesle sjangerfilmen Sensommer (regi: Henrik Dahlsbakken) vann hjarta mitt med stilig fransk flørt.

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

 

Årets hype
Få filmar fekk så mykje merksemd i år som The Magnitsky Act – Behind the Scenes av den dyktige russiske ringreven Andrej Nekrasov. Kortfilmfestivalen i Grimstad feiga ut frå å vise filmen grunna trugsmål frå styrtrike William Browder. Debatt og skitkasting om viktige spørsmål knytte til ytringsfridom og Putins Russland fylgde. Diverre er det mest sjokkerande med filmen kor dårlig han er. Pompøs, parodisk og poserande stil skuffa denne Nekrasov-entusiasten.
H.T.

Årets hyllest
Samanfallande med at Bygdekinoen samanlagt er ein av dei største kinoane i landet og at han står i fare for å missa penge­støtta, så kjem det ei bok som for fyrste gong omtalar denne fabelaktige institusjonen. I Bygdekinoen i Norge – en reise i utkanten av lerretet reiser forfattar Sveinung Wålengen og fotograf Marius Nyheim Kristoffersen landet rundt og dokumenterer maskinistar, grendehus, vaffelsteiking, popcornlukt og viktigast av alt: film til folket.
B.A.

Årets Dag og Tid-filmkrangel
Verken Håkon eller Brit er usamde i at Neon Bull (regi: Gabriel Mascaro) er ein god film. Den store usemja står som det ofte gjer om sex. Er den lange, grafiske scena mellom høggravide Geisa og hovudpersonen Iremar vakker kunst eller heilt vanleg, spekulativ filmporno?
Håkon: Filmen dveler fint ved det kroppslege hjå folk som hjå fe. Å bryta tabu om gravides seksualitet og løfta kvinna som aktivt subjekt, er flott feminisme.
Brit: At ho er gravid, gjer ikkje at ein treng bruka fem minutt på å observera samleiet, det er ikkje ein inseminasjonsleksjon, dette.
Den perverterte preste­sonen og den pripne pragmatikaren kjem neppe til å einast med det fyrste.
B.A.

knapp knapp