Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Høgres omstilling og tapte bunad

| Den 10. mars 2017

Høgres omstilling og tapte bunad

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Partiet ber stadig på draumen om dei lykkelege åra då Willoch og Norvik var eit radarpar. 

Høgres lykkelege år i nyare tid var rundt 1980. Då var Kåre Willoch statsminister i ei reinspikka Høgreregjering, og partiet surfa på ei bølgje. Høgrebølgja var eit internasjonalt straumdrag med Reagan i USA og Thatcher i UK i front. I Noreg var Høgres løfte «et åpnere samfunn» som skulle avskaffa Arbeidarpartiets formyndarstat og A4-samfunn: mindre skatt, fri bustadmarknad, lengre opningstider i butikkane og slutt på NRK-monopolet. Valfridom, mangfald og frislepp over heile fjøla. Det er den draumen dei stadig ber på.

WILLOCH STYRTE rett nok ei mindretalsregjering, men ho sat trygt fordi det var borgarleg fleirtal på Stortinget etter valet i 1981. Etter ein runde med sonderingar ville ikkje Kristeleg Folkeparti vera med i ei regjering som administrerte «fosterdrapslova», så dei definerte seg som «et vekkerop i fri stilling». Då kunne ikkje Senterpartiet vera med aleine, og Venstre hadde vingla seg ut av Stortinget. Willoch snakka ikkje med Carl I. Hagen, men tok Framstegspartiets fire røyster for gitt.

Det var avtalt at regjeringsdøra stod på glytt, så Høgres lykkelegaste tid varte berre to år. Då heldt senterpartileiaren Johan J. Jakobsen ein pinsetale på eit stemne i Setesdal. Der snakka han dei to støttepartia, som Willoch på sedvanleg elskverdig vis omtalte som «utgiftspartiene», inn i den regjeringa alle andre enn Willoch kallar Willoch II. Ho blei felt i 1986 av Framstegspartiet som ikkje ville vera med på høgare bensinavgift. At den lumske ulven Carl I. Hagen førte Arbeidarpartiet og Gro Harlem Brundland til makta, skapte agg i Høgre.

DEN ORATORISKE elegantiéren Jan P. Syse blei Høgre-statsminister i 1989. Då hadde Einar Førde og Gudmund Hernes ført Arbeidarpartiet gjennom ein sjølvransakande fridomsdebatt. Det kalla Syse «simpelt tyveri», og han proklamerte: «Nu skal Høyre være Høyre! Nu skal vi ta tilbake og kle på oss de klærne våre som andre stjal mens vi badet!»

Det kunne ikkje gå bra, sjølv om Syse frå Blåsenborg i hovudstaden var god til å bera sprikande staur, var tilhengar av «en fanatisk moderat politikk» og hadde som motto: «Vi må henge sammen eller bli hengt hver for oss.» For det omskiftelege Senterpartiet var med, og trepartiregjeringa hadde ein innebygd sjølvmordsparagraf som sa at dei skulle gå av om EU-medlemskap kom på dagsorden. Det skjedde etter berre eit år.

OGSÅ INTERNT i partiet var slutten av 1970-talet ei lykkeleg tid for Høgre. Leiarskapen var delt, men mot normalt låg dei ikkje i krig med kvarandre, tok ikkje alt i verste meining, baktalte kvarandre lite og stakk ikkje knivar i ryggen på kvarandre.

Arbeidsdelinga var grei: Fridtjov Clemet heldt styr på partikontoret, med Kåre Willoch på Stortinget og Erling Norvik på reisefot. Den urbane, presise og stringente Willoch tok seg av økonomi og detaljar, mens den folkelege og lettsnakka finnmarkingen Norvik drog Noreg rundt i by og land, sa «hiv dokker i kalosjan» og bygde partilag i alle avkrokar. Han var ein dyktig politisk handverkar, men ingen ideologisk finsnikkar. Han presterte å omtala Høgre som eit frisinna, moderne, sosialt og samlande liberalkonservativt sentrumsparti.

Norvik ikjøta Høgre som noko nytt: det fordoms embetsmanns- og kjøpmannspartiet som eit breitt folkeparti. Det forsynte seg av restane frå gamle Venstre på Sør- og Vestlandet, og det hadde tiltrekkingskraft på kristenfolk, bønder, pensjonistar og offentleg tilsette. I Norviks formannstid fekk partiet til og med ein liten, men synleg og høglydt falanks som blei kalla bunads-Høgre – med den munnharpespelande Hallgrim Berg som frontfigur. Høgre kunne også kle seg som eit bygde- og norskdomsparti.

Seinare kom høgrebølgja 2.0 i dei same stroka, men då var det Framstegspartiet som surfa på veljarvandringane. Somme av dei vandra tilbake til Høgre då Erna Solberg omstilte talen frå milliardar til menneske, og partiet kalla seg det nye arbeidspartiet. Sjølv om Solberg er romsleg, har ho ikkje Norviks skeive og mobiliserande smil. Ho har heller ikkje som Willoch klart å utvida regjeringa. Tvert om har samarbeidspartia slamra att døra.

BYGDE-HØGRE i bunad og kalosjar har det ikkje så greitt for tida. Dei har møtt Bøygen, som er skeptisk til den sentraliseringa regjeringa kallar omstilling og modernisering. Høgre-ordførarar melder overgang til Senterpartiet og reverseringslina fordi dei er mot nedlegging av sjukehus og kommunar, lensmannsdistrikt og NAV-kontor. Og så er dei for nedlegging av fleire ulvar.

Øyrekviskraren har prøvd å motverka denne sørgjelege stoda med å senda Erna Solberg på turné i innlandet og hevda at det går så det susar i distrikta. Statlege arbeidsplassar skal flyttast frå Oslo til andre storbyar, og tru om ikkje også Elverum og Kongsvinger får sitt for å dempa ulvens skadepotensial i Hedmark Høgre.

Men håpet er at ropa om ulv skal stilna etter landsmøtehelga, slik at det blir øyrens lyd for å snakka om fleire jobbar, kunnskap i skulen, sterkare forsvar og kvalitet i omsorg. Då kjem me til å sjå færre besøk i fjøsbunad og fleire døme på ei velkjend valkampøving: ein robust og raus statsminister i 110 meter korridorløp med handspålegging.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

knapp knapp