Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2017

Gå til toppen

Toppen

Hippiar ved makta i terrorens tid

| Den 21. april 2017

Hippiar ved makta i terrorens tid

Foto: Jessica Gow / Reuters / NTB scanpix

0 Flares Filament.io 0 Flares ×

DEL 1

«Vi er ikkje redde», sver dei som er redde.

Jihadistisk terror i Europa har nådd eit historisk høgdepunkt. I 2014–16 vart 273 menneske drepne i slik terror i Europa, meir enn i alle tidlegare år til saman, med 14 åtak i 2015–16, meir enn tre gonger så hyppig som i dei 15 føregåande åra. Faren for nye åtak forsterkar etniske og religiøse skiljeliner.

Ved sida av lidingane drapa og valden medfører, og faren for åtak med masseøydeleggingsvåpen, om jihadistiske nettverk skulle få tak i slike, er det undermineringa av samfunna gjennom radikalisering av dei muslimske minoritetane som er terrorens eigenlege trugsmål.

 

Terror og takstein 

Å bli råka av terror kan ikkje samanliknast med å få ein takstein i hovudet, eller hamne i ei trafikkulukke. Medan det er ein del av sivilisasjonen at ein sjåfør misser kontrollen over køyretøyet og kjem over i motsett køyrebane, så representerer terrororganisasjonar som Al Qaida og IS eit sivilisasjonssamanbrot.

Jihadistisk terror i Europa spring ut frå eit organisert barbari som strevar etter total makt, med massemord på sivile, forakt for einskildindividet og seksuelt slaveri som delar av strategien sin. Eit samfunn som nedtonar dette åtaket på den menneskelege sivilisasjonen og legg det på same nivå som kollisjonar på E18, har oppgjeve seg sjølve. Difor er fortvilinga og raseriet i mediedekkinga av jihadistisk terror på sin plass.

Men i all sendetida og spalteplassen merkar vi sjeldan noko anna enn desse sorgreaksjonane. Det føregår overvaking av jihadistiske personar og miljø, med ein viss suksess, sidan halvdelen av alle seriøst planlagde terroranslag i Europa i 2015–16 vart oppdaga og forhindra. Men elles har få politikarar og kommentatorar andre mottiltak å by på enn å be oss å vere «årvakne», som Erna Solberg sa etter drapa i Stockholm.

 

Jihadisme og hat

Etter terroråtaket i Stockholm spreidde pressa eit bilete av ein tungt væpna svensk politimann som hjelper ei gamal dame med stokk over gata, og presenterte det som at «Stockholm reagerer med samhold og varme etter fredagens terrorangrep» (VG, 08.04.17).

Den svenske mediedekkinga var prega av spørsmålet om kjenslene til folk, med mindre fokus på entreprenørane, fotsoldatane og årsakene til terroren. Spaltisten Sofia Olsson Olsén i Aftonbladet reagerte på drapa med å oppfordra svenskane til å velje kjærleiken framfor redsla.

Dette milde i mange vestlege reaksjonar på jihadistisk terror kan vere motivert av frykta for at skarpe reaksjonar skal føra til framandhat og forfølging av den muslimske minoriteten. Ifølgje den franske islam- og terrorforskaren Gilles Kepel er strategien bak terroren i Europa å provosera fram ei forfølging av muslimar som gruppe, som så skal utviklast til ein krig mellom muslimar og ikkje-muslimar, som skal ende i «Europas samanbrot og oppretting av det islamske kalifatet på ruinane». (Die Welt, 09.11.16)

Mange av oss tenkjer ikkje så langt, men ser berre korleis jihadistisk terror kan føre til framandhat. Som motgift mot framandhatet snakkar ein om «samhald» og «kjærleik» som våpen mot terror. Ved at vi ikkje lèt oss splitta av terroristane, «vinn» vi over dei.

 

Ein dårleg prognose

Ei tru på at kjærleik vinn over terror, finn ikkje alltid støtte i terrorforskinga. Forskaren på valdeleg islamisme, Thomas Hegghammer, som er knytt til både Forsvarets forskningsinstitutt og Universitet i Oslo, Princeton University og Harvard University, skriv i artikkelen «The Future of Jihadism in Europe: A Pessimistic View» at om vi held fram med å reagera på terroren slik vi gjer i dag, er utfallet føreseieleg: «Det vert eit Europa med mykje større etterretningsorgan, ein utskild og forskansa muslimsk økonomisk underklasse, og sterkare antimuslimske strøymingar.»

Det vil vel seie at vi får nøyaktig dei sosiale og etniske motsetningane som vi er ute etter å unngå, nett ved hjelp av dei midla vi nyttar for å unngå dei. Det vil òg seie at demonstrasjonar av god vilje ikkje veg opp for tyngdekrafta i årsakene til terroren: Held vi fram som i dag, vert splittinga og konflikten mellom muslimar og ikkje-muslimar berre sterkare.

Kvifor? Kanskje fordi terror mot sivile, sett inn i ein jihadistisk ideologisk kontekst av religions- og sivilisasjonskrig, jagar ein elementær angst inn i mange av oss som ikkje nokon blome kan fortrengje. Angsten for jihadistisk terror, og det framandhatet som han kallar fram, kan berre vinnast over ved at terroren vert freista nedkjempa og faktisk redusert.

 

Terror og tårer

Men i staden for konkret kampvilje signaliserer vestleg ålmente ofte maktesløyse i møtet med jihadistisk terror. Det er forståeleg at statsleiarar etter terroråtaka står fram og kjempar mot tårene, slik vi har sett både Erna Solberg og Stefan Löfven gjere, eller gråte openlyst, slik EUs utanrikssjef Federica Mogherini gjorde då ho fekk høyre om terroråtaket i Brussel i mars 2016.

Men når statsleiarane reagerer på terroråtak på same vis som sivile råka av eit lagnadsslag, utan samstundes å gå etter årsakene, signaliserer dei hjelpeløyse og rådville. Dei gjev publikum inntrykk av at den politiske valden er vilkårleg og uføreseieleg, like uavvendeleg som ein plutseleg naturkatastrofe.

Når pressa skriv at «vi må stå sammen og verne om det terroristane forsøker å ta fra oss» (VG 09.04.17), verkar det som om ein har gløymt at terroristen i Sverige ikkje berre freista, men faktisk tok frå oss fire levande, uskuldige menneske, og at dette tapet ikkje kan gjenopprettast med å «stå tilsammans». Mange vil oppfatte eit slik «svar» på terror som eit teikn på at samfunnet har gjeve opp å forsvare sine sivile.

 

Målet til terroren 

I kvar avis og nyhendesending etter terroråtak får vi høyre at målet til terroristane er «å gjere oss redde», og at vi derfor, for å «vinne» over terroristane, ikkje må bli redde. Terroristane, vert det sagt, vil råke «vår livsform». Dei vil hindre oss i å gå på rockekonsertar og på stranda, nekte oss å drikke øl og vin, dra på handletur og kle oss i lette klede. Så om vi berre heldt fram med konsertane, solbadinga, vinen og handleturane, så «vinn» vi over dei.

Men kva med dei døde borna og ungdomane, familien og vennene deira? «Vinn» dei òg over terroristane når pressa skriv at «vi kan ikkje gje etter»? Kva skal det tyde at vi «må reise oss og gå vidare», som det vart sagt? Gjeld det dei drepne òg? Ein får kjensla av at pressa og politikarane oppfordrar oss til å nytte alle krefter på å nedkjempe terroren minst mogeleg, og at sigeren er sikra dersom vi latar som ikkje noko har hendt.

Målet til jihadistane er ikkje å gjere oss redde. Målet er å ta den totalitære, politiske islamismen til makta, fyrst i den muslimske verda, så i Europa. Forfattarar som Michel Houellebecq og Boualem Sansal har med romanane Underkastelse og 2084. Verdens ende synt fram eit slikt framtidig scenario.

Det kan vere at eit slikt kalifat er urealistisk. Vi bør likevel ikkje ta sjansen på å dikte vekk det faktiske og ytste målet til terroren, nemleg å styrte den rådande politiske ordenen og ta ein jihadistisk elite til makta.

 

Flower power

Fortrenginga av det eksistensielle trugsmålet til terroren vert forsterka av dei populære markeringane med telys og blomar. Dette er ein tradisjon frå gravferder og minnehøgtider, og understrekar kjensla av at død og bortgang er det sentrale i terroren. Dette skyv den større politiske samanhengen i bakgrunnen.

For dei direkte råka, offera og familien og venene deira, er sjølvsagt det personlege tapet det viktigaste, og for dei er gravferdsrituala og minnehøgtidene heilt adekvate. Men når politikarane er for vage og nølande når det gjeld å gripe fast i årsakene til terror, vert det private aspektet dominerande òg i politikken. Brått oppfører heile samfunnskollektivet seg som om dei skulle vere pårørande til offera. Sjølve den politiske reaksjonen på terroråtaka vert til sorgarbeid.

Dermed står politikarane fram som røyndomsfjerne. Det vekkjer minne om «flower power» og hippiejenter som stikk blomar i geværløpa, og hippieleiarane John Lennon og Yoko Onos vekelange «bed-in» i 1969 i senga på Hilton-hotellet i Amsterdam, der dei snakka frå ektesenga til verdspressa om fred. Slike draumar opnar for ein ny type politikarar, som ikkje nøler med å nytta makt, men som heller ikkje synest det er så viktig å verne om rettane til den muslimske minoriteten.

 

DEL 2

Dei nordeuropeiske økonomiane set grenser for integreringa.

I den vitskaplege artikkelen The Future of Jihadism in Europe: A Pessimistic View skil den norske terrorforskaren Thomas Hegghammer mellom konstante og variable bakgrunnar for jihadistisk terror. Islam som religion og jihadistisk ideologi, vert rekna som konstantar, det vil seie forhold som har vore med oss for lenge til at vi kan sjå dei som årsaker til eit fenomen som oppstod på 1990-talet.

Så å seie alltid og overalt finst det jihadistisk ideologi, men årsaka til at mange vert gripne av han, ligg etter Hegghammers syn mindre i sjølve ideologien enn i den politiske utviklinga som brått gjer han tiltrekkjande og overtydande.

 

Årsaker til terror

Når det gjeld «variable» omstende som kan vere direkte årsaker til dagens terrorbylgje, reknar Hegghammer med fire: 1) krig og konflikt i muslimske land, noko som gjer det mogeleg å mobilisere unge muslimske menn til terrorverksemd; 2) leiarfigurar, gjerne muslimske krigsveteranar, som har røynsle frå krigsområde som Syria og Jemen, og som vervar fotsoldatar som utfører terroråtaka; 3) dårleg økonomisk integrerte unge, muslimske menn, som utgjer den sosiologiske gruppa der dei jihadistiske fotsoldatane vert verva; og 4) spreiinga av jihadistisk propaganda på internettet.

Fordi desse fire hovudårsakene er inne i ei utvikling som gjer terror like sannsynleg rundt 2030 som i dag, trur Hegghammer at terroren vil halde fram med å plage Europa i minst eit tiår framover.

Arbeidet med å demme opp for jihadismen på internettet vil som før bølgje fram og tilbake i takt med at teknologien heile tida utviklar seg og partane finn nye metodar, men nokre avgjerande sigrar mot terrororganisasjonane kan ein ikkje rekne med, seier han.

Også uroa i det muslimske området frå Mali til Afghanistan vil halde fram. Her har vestleg politisk og militær innblanding, frå det britisk-amerikanske kuppet mot den demokratisk valde statsministeren Mossadegh i Iran i 1953 til det norskstøtta opprøret mot Gaddafi i Libya i 2011 og krigen i Syria, bidrege til å lage kaos i regionen.

Men dette kjøper ikkje dagens jihadistar fri frå det fulle ansvaret for deira eige barbari. Det kjøper heller ikkje vestlege politikarar fri frå plikta til å verne si eiga sivilbefolkning. Men det forpliktar oss til å finne ei heilt ny tilnærming til Midtausten og Nord-Afrika, kanskje slik at vi heilt sluttar å blande oss inn militært. Men same kva vestlege land gjer eller ikkje gjer i dette området, vil uro og krig halde fram i årevis, slik at det framleis vil vere saker som kan mobilisere for jihadistisk terror og gje høve for våpen- og kamptrening.

I denne artikkelen vil eg derfor sjå nærare på ei av dei to årsakene politikarane kan gjere noko med i overskodeleg framtid, nemleg framvoksteren av ein muslimsk økonomisk underklasse. Den fjerde terrorårsaka, talet på jihadistiske entreprenørar, vil eg handsame i den neste og siste artikkelen i artikkelserien.

 

Rekruttering

I artikkelen «Flyktningkrisens radikaliseringsutfordringer» i Aftenposten 21. november 2016 skriv Thomas Hegghammer at vi i «veldig grove trekk kan (…) si at europeisk jihadisme er et produkt av innvandring», fordi jihadismen kom til Europa på 1990-talet med islamistar frå Midtausten og Nord-Afrika.

Det er likevel ikkje slik at storleiken på den muslimske minoriteten er proporsjonal med førekomsten av jihadistisk terror. Viktigare er om eit samfunn har jihadistiske nettverk og entreprenørar som kan rekruttere fotsoldatar til å utføre sjølve terrorhandlingane.

Samstundes seier Hegghammer at det er ein samanheng mellom dårleg økonomisk integrering av innvandrarar og auken av jihadisme. Unge muslimske menn som hamnar utanfor økonomisk og sosialt, er mykje meir utsette for å bli knytte til jihadistiske miljø enn dei som får utdanning og kjem i arbeid.

Det ligg då i korta at om europeiske økonomiar ikkje er opne for ein del av innvandrargruppene frå Asia og Afrika, vil òg ein auke av innvandringa generelt trekkje med seg ein auke i talet på unge muslimske menn som ikkje vert økonomisk integrerte.

I The Future of Jihadism in Europe: A Pessimistic view nemner Hegghammer denne dynamikken: Med stadig innvandring frå muslimske land, og relativt høge – om enn fallande – fødselstal for muslimske minoritetar, vil den muslimske befolkningsdelen auke på i europeiske land.

Av ei rekke årsaker, frå språk og utdanning til diskriminering i arbeidslivet, vil denne gruppa i gjennomsnitt truleg halde fram med å gjere det dårlegare enn gjennomsnittet for folkesetnaden elles. Dermed vil gruppa av sosialt og økonomisk belasta, yngre muslimske menn vekse. Då vil òg rekrutteringsgrunnlaget for jihadisme i Europa auke.

Dette gjeld for alle vesteuropeiske land, sjølv om det finst skilnader, både i økonomiane og i kor den muslimske minoriteten har bakgrunnen sin. Til dømes har Frankrike andre utfordringar med ein algeriskætta minoritet enn Tyskland har med ein tyrkisk minoritet.

For Noregs del syner tal som Perspektivmeldinga for 2017 byggjer på, ein auke i innvandringa frå Asia og Afrika, med 19.000 personar i 2012 og i snitt om lag 21.000 personar årleg i 2015–16. SSB skriv fram denne utviklinga slik at ein reknar med at delen av norsk folkesetnad med bakgrunn i Afrika, Asia og Latin-Amerika i 2099 vil vere på litt under 30 prosent.

I kva grad denne aukande gruppa vil verte økonomisk integrerte, er usikkert. Medan Noreg til no har vore god på å halde jihadistiske miljø nede, er vi dårlegare på økonomisk integrering.

 

Etnisk underklasse

For no å halde oss i Noreg, vert det i rapporten til det andre Brochmann-utvalet frå i år sagt at «hvis det norske samfunnet ikke lykkes bedre med integreringen av innvandrere og flyktninger fra land utenfor Europa, er det risiko for at økende økonomisk ulikhet kan spille sammen med kulturelle forskjeller og svekke grunnlaget for samhørighet, tillit og samfunnsmodellens legitimitet».

Dette er mykje sterkare ord enn dei høyrest ut i den akademiske forma dei har. Her varsla Brochmann-utvalet eit mogeleg samanbrot av den sosialdemokratiske velferdsmodellen og auka sosiale konfliktar, knytte til innvandringa frå «den tredje verda».

Det går fram av rapporten at den økonomiske integreringa eller sysselsettinga er høvesvis 13 og 25 prosent lågare for innvandrarar og flyktningar enn for folkesetnaden elles i Noreg, og mykje dårlegare for dei som kjem frå fattige land. Medan folkesetnaden utan innvandrarar i 2015 hadde ei sysselsetting på 75 prosent, var berre litt over halvparten av innvandrarane frå Asia, Afrika og Latin-Amerika i arbeid. Ein SSB-rapport frå 2016 synte at i Noreg hadde 35 prosent av innvandrarane frå Asia, Afrika og Latin-Amerika inntekt under fattigdomsgrensa.

Det er altså fare for at det veks fram ein etnisk underklasse i Noreg. Derfor meinte Brochmann-utvalet at styresmaktene måtte «satse mye mer på å gjøre innvandrere kvalifisert for det norske arbeidslivet», som utvalsleiaren sa til VG 1. januar 2017.

Det same seier Hegghammer i «Flyktningkrisens radikaliseringsutfordringer», der han knyter integreringa direkte til jihadismen: «Hvis vi ikke lykkes bedre med den økonomiske integreringen enn vi har gjort til nå, kan Norge om ti år få et nytt og sterkere jihadistmiljø.»

Denne samanhengen har støtte i konkrete tal: Åtte–ni av ti norske jihadistar har innvandrarbakgrunn; halvdelen av dei av har berre grunnskule, og sju av ti har kriminell bakgrunn.

 

Integreringas grenser

I boka Massutmaning, om svensk innvandring og økonomi, seier den kurdisk-svenske siviløkonomen Tino Sanandaji at dei fleste flyktningar ikkje har dei rette kvalifikasjonane for å kunne komme inn i eit nordisk arbeidsliv som byggjer på moderne teknologi, høgt kunnskapsnivå og høgproduktivitet, og at dette ikkje lèt seg rette på med pengar og integreringstiltak. Det vil seie at sjølve den teknologiske og økonomiske utviklinga i europeiske land, og særleg land som Noreg, ikkje gjer integreringa av innvandrarar frå «tredje verda»-land lettare, men tyngre.

Om dette er rett, vil framleis høg innvandring frå «den tredje verda» gjennom asylinstituttet og familiegjenforeining opne for den utviklinga Hegghammer føreseier i The Future of Jihadism in Europe: A Pessimistic View, nemleg at vi vil få ein «utskild og forskansa muslimsk økonomisk underklasse», sjølv om dette langt frå gjeld noko fleirtal av dei som kjem til landet, og sjølv om det er relativt fleire born av innvandrarar enn etnisk norske som tek høgare utdanning. Den delen av innvandrarfolkesetnaden som ikkje klarer seg økonomisk, kan komme til å danne ein etnisk underklasse, noko som vil føre til meir utanforskap, fleire parallellsamfunn og større rekrutteringsgrunnlag for jihadisme.

 

DEL 3

Ei langsiktig løysing på problema med terror i Europa krev innsikt i djupe historiske, økonomiske og politiske årsaker. Innsikta kan nyttast av komande generasjonar, men vi kan ikkje rekne med å fjerne årsakene i vår tid.

Terroren har band til hundreårgamle konfliktar i den islamske verda, i den islamske verda mellom sunnimuslimar og sjiamuslimar, og mellom orient og oksident. Han heng saman med tilhøvet mellom styresett og verdsøkonomi, og motsetninga mellom religion og sekularisme. Enno finst det ikkje noko som liknar på semje når det gjeld desse djupe årsakene.

Men at vi ikkje kan fjerne dei årsakene som stikk djupare, kan ikkje vere noko godt argument for ikkje å sjå på meir nærliggjande og direkte årsaker som vi kan gjere noko med, og slik berga liv og mildna etnisk strid.

 

Entreprenørane

Talet på jihadistiske entreprenørar – terrorbakmenn som har røynsle frå krig og fengsel, og som kan tenkjast å planleggje og få utført terrorhandlingar i Europa i dag – er no «minst eit par tusen», skriv Thomas Hegghammer i artikkelen «The Future of Jihadism in Europe: A Pessimistic View». Talet kan auke når fleire vender attende frå Syria, og viss nye, liknande krigar oppstår. Men det er to viktige omstende som i høg mon påverkar dette talet, og som dei europeiske landa sjølve rår over, «nemlig radikalisering i fengslene og relativt korte fengselsstraffer», heiter det hos Hegghammer.

 

Mekka for terroristar

I Noreg er terrorlova strengare enn i til dømes Sverige. Ho opnar for å slå til mot bakmenn og fotsoldatar før dei rekk å handle. Det er straffbart å planleggje og førebu terror i grupper eller åleine, å oppmode, rekruttere og trene til terror og å medverke og freiste å utføre terror. Lova forbyr òg aktiv deltaking i terrororganisasjonar. 20 av 40 norske jihadistar som er komne attende frå Syria, har vorte sikta, tiltala eller dømde etter terrorlova. Islamisten Ubaydullah Hussein fekk ni år for mellom anna å ha verva ein tjueåring til IS. I PST seier dei at jihadistgruppa Profetens Ummah er sett ut av spel delvis på grunn av terrorlova og politiaktiviteten.

I Sverige ligg lista høgare for å verta dømd for aktiv deltaking i IS. I praksis går svenske framandkrigarar frå Syria heilt fri om politiet ikkje kan finne fellande prov på at dei står bak heilt konkrete brotsverk. Sverige har rundt 300 Syria-fararar. Av desse har 150 til no vendt attende til Sverige, men berre to er vortne tiltala og dømde til livstid fordi dei hadde med seg ein minnepinne som synte at dei hadde tatt del i halshogging i Syria. Det vil seia at der 50 prosent av norske Syria-fararar får eit oppgjer med rettsvesenet, skjer dette med berre 3 prosent av dei svenske. Det har fått spaltisten Ivar Arpi til å kalle Sverige «eit Mekka for terroristar» (Svenska Dagbladet 17. april 2017).

 

Røyndomsfjernt

Problemet med jihadistiske veteranar vert forsterka av det europeiske rettssystemet, som har relativt milde fengselsstraffer for terroristar. Terrordømde slepp nokså raskt ut i samfunnet igjen. Undersøkingar syner at 90 prosent av dei kjem ut att med den jihadistiske overtydinga, etter ei soning som har gjeve dei høve til å radikalisera andre, i regelen yngre innsette.

Av knapt 600 personar dømde for terrorhandlingar i Storbritannia sidan 2002, har no to tredjedelar alt sona straffa, og nesten alle har halde på den jihadistiske overtydinga si. Gjennomsnittsstraffa for terror i England, Tyskland og Frankrike var i 2012 fem–seks år, og i 2013 frå fire til ni år, og mange kjem ut etter at halve straffa er sona, altså etter eit par år i fengsel. Det vil seie at europeiske fengsel fungerer som jihadistskular som i dei neste fem–ti åra vil sleppe laus eit stort tal overtydde jihadistar, «hvorav noen meget mulig vil bli 2020-tallets jihadistiske entreprenører», skriv Hegghammer.

 

Charlie Hebdo

Nokre døme frå nylege terror-
åtak i Europa syner korleis betre realitetsorientering hos styresmakter, rettsvesen og politi hadde kunne hindra terror og berga liv.

Adel Kemiche, ein av dei to 19 år gamle jihadistane som på bestialsk vis myrda presten Jacques Hamel i kyrkja i Saint-Étienne-du-Rouvray sumaren 2016, hadde to gonger i 2015 freista å slutte seg til IS i Syria, men vart stansa fyrste gong i Tyrkia og andre gong i Tyskland. Kemiche var sikta for forsøk på å knyte seg til ein terrororganisasjon, bar fotlekkje og hadde meldeplikt, noko som ikkje hindra han i å utføre ugjerninga.

Chérif Kouachi, ein av dei to brørne som stod bak åtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen i Paris i januar 2015, hadde teke del i jihadistisk organisert våpentrening etter 2003 og var blitt arrestert og fengsla i 2005 for freistnad på å slutta seg til kampen mot amerikanarane i Irak. Han vart fengsla på nytt i 2008 og dømd til tre års fengsel for å verve medlemmer til Al Qaida i Irak, hadde omgang med terrorentreprenøren Djamel Beghal og vart i 2010 nemnd i samband med ein freistnad på å hjelpe ein annen fengsla terrorist til å flykte frå fengslet. Så seint som i 2011 fekk fransk etterretning vite frå USA at Kouachi-brørne trena med Al Qaida i Jemen. Politiet droppa overvaking av dei våren 2014.

 

Berlin

Tunisiaren Anis Amri, som i 2011 tok seg ulovleg inn i Europa over Middelhavet og Lampedusa, gjekk ut og inn av italienske fengsel i fire år før han vart send til eit deporteringssenter i Trapani. Likeins med tusenvis av andre med avslegne asylsøknader, forsvann han utan å kunne bli deportert, fordi Tunis ikkje ville ha han. Så dukka han opp i Freiburg som asylsøkjar i juli 2015. Mot slutten av året knytte han seg til ei jihadistgruppe, og han flytta våren 2016 til Berlin, men var no på radaren til etterretninga.

I april vart asylsøknaden hans avslegen, og på seinsumaren vart han arrestert på vei til Sveits. Politiet og innanriksdepartementet freista å halde på han for å få han send ut, men han hadde ikkje andre papir enn eit forfalska italiensk pass. Fordi tyske styresmakter ikkje kunne få gyldige identitetspapir for Amri innan tre månader, tillét ikkje lovverket å halde på han. Han vart sett på frifot og drog attende til Berlin.

I november fekk tysk politi informasjon frå marokkansk etterretning om at Amri hadde kontakt med jihadistar, var ekstremt farleg og planla eit attentat. Det vart lagt meir press på Tunis for å få papir for Amri slik at han kunne deporterast, men desse kom for seint. Den 19. desember 2016 styrte han ein lastebil inn i folkemengda på julemarknaden i Berlin og drap 12 menneske.

 

Stockholm

Rakhmat Akilov, som styrte ein lastebil inn i ei folkemengd og drap fem personar i Stockholm 7. april i år, vart arrestert på grensa til Syria i 2015 og deportert til Sverige, der han hadde søkt om asyl. Han var då etterlyst av usbekiske styresmakter for forsøk på å slutte seg til IS, men svensk politi meinte at han ikkje var farleg. Han fekk avslag på asylsøknaden i Sverige i 2016, vart etterlyst og skulle deporterast, saman med om lag 10.000 andre personar som no oppheld seg ulovleg i Sverige. Igjen var politiet og rettsvesenet for seint ute; dei fann ikkje Akilov før han hadde utført dødsferda i Stockholm.

 

Kva kan gjerast?

Desse få døma, som ein lett kan finne fleire av, kan syne at det europeiske rettssystemet ikkje er tilpassa røyndomen med jihadismen. Justeringar på dette området kan gripa rett inn i nokre av dei direkte terrorårsakene som Hegghammer nemner. Ein kan sjølvsagt ikkje dermed fjerna all terror, men terroren kan verte redusert. Vestlege politikarar treng ikkje nøye seg med å sørgje over terroroffera. I tillegg til det sjølvsagte, nemleg kva som kan betre integreringa, finst det òg tiltak dei kan setja inn for å redusere jihadistisk terror på kortare sikt. Slike tiltak kan vere utfordrande å få til, men neppe umogelege:

– Ein må kunne finne vegar til at færre kjende terrorentreprenørar er på frifot, til dømes gjennom strengare straffer for terror, med forvaring av openbert farlege, alt dømde terroristar. I Noreg har dette alt hatt ein verknad.

– For å unngå at fengsla vert nytta som reine jihadistskular, må det vere mogeleg å setja i verk tiltak i fengselsvesenet slik at terrorentreprenørar ikkje så lett kjem i kontakt med yngre muslimske innsette. Dermed vil færre verte verva til terror.

– For å redusera talet på fotsoldatar på frifot må ein kunne finne middel til å få høgare effektivitet i oppsporing og utsending av asylsøkjarar som ein veit har både avslegen søknad, kriminelt rulleblad og jihadistisk overtyding – ein kombinasjon som går att i terroranslaga.

Såleis må det vere råd å få betre røyndomsorientering i handsaminga av jihadistar, og få redusert terroren med rimelege middel og utan at det vert gjort brot på grunnleggjande menneskerettar.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

knapp knapp