Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Hetsen på nettet

| Den 9. mars 2018

På nytt har vi fått demonstrert kor ufint og sjikanerande debattnivået kan vera på enkelte kommentarfelt og i sosiale medium.

Måten den somalisk-norske jenta Sumaya Jirde Ali verbalt har vorte hersa med, er skammeleg og trist. At ho sjølv var dum og sa «fuck» til politiet og Sylvi Listhaug, kan ikkje forsvara dei tilbakemeldingane ho har fått. No har ho måtta trekkja seg frå fleire arrangement og debattar på grunn av trugsmål.

Diverre får muslimske jenter ofte ufin kritikk og trugslar same kva ståstad dei har. Sumaya og andre jenter med hijab som står fram som truande muslimar, får hets frå islam- og innvandringskritiske nordmenn.

På same måte får jenter med muslimsk bakgrunn som er kritiske til islam og det konservative kvinnesynet religionen står for, hets frå fundamentalistisk muslimsk hald.

Men vi treng sårt jenter med muslimsk bakgrunn, med og utan hijab, som deltek i samfunnsdebatten. Men kven orkar det til slutt om ein vert møtt med slik hets?

Og kva sinne og motstand kan ikkje denne hetsen skapa blant oppveksande jenter og gutar med muslimsk innvandrarbakgrunn? Dette er jo oppskrifta på å skapa konflikt mellom grupper.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa