Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 23.06.2017

Gå til toppen

Toppen

Heilt utan magemål

| Den 1. august 2014

Heilt utan magemål

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Det vert stadig vanskelegare å sjå kvar antisionismen stoggar og antisemittismen byrjar.

«Jeg er Israel – som har full kontroll over USA og hele den amerikanske administrasjonen. Det er jeg som i praksis styrer landet. Alle vedtak som blir vedtatt i USA, er først og fremst ment til å tjene meg og mine egne interesser.»

Sitatet er frå forstandaren i Rabita-moskeen i Oslo, Basim Ghozlan. Han publiserte det på islam.no den 7. september 2006. Ghozlan er svært oppteken av jødar og Israel. Under den førre israelske invasjonen av Gaza, i januar 2009, skipa Ghozlan og Rabita-moskeen til ein demonstrasjon utanfor den israelske ambassaden i Parkveien. Fremst i toget plasserte Ghozlan nokre jentungar. Jamvel om jentene enno ikkje var komne i puberteten, hadde dei likevel tildekt hår og hals, dei var kledde i kvite kjolar dynka med raudmåling som skulle illudera blod, og kom med hatutsegner mot Israel.
Jentene vart pressa mot sperringane utanfor den israelske ambassaden av mobben som stod attom. Politiet måtte berga dei ut. Kva hadde hendt om Børre Knudsen eller andre kristne hadde nytta sine born på liknande vis, til dømes i abortkampen? Eg trur eg veit korleis norsk presse hadde reagert.

På jakt etter jødar

Då den offisielle demonstrasjonen var over i 2009, byrja muslimsk ungdom herjingar i sentrum. Dei var særleg på jakt etter jødar. Ein eldre mann frå Vestlandet som bar eit israelsk flagg i ein sympatidemonstrasjon for Israel, fekk knekt bein. Ungdomen ropa at han var jøde. Rabita-moskeen ville ikkje taka ansvar. Nadeem Ishqair frå Rabita-moskeen sa til dei frammøtte journalistane ved den israelske ambassaden då demonstrasjonen der var over: «Nå har vi gjort jobben vår, nå er det politiets tur til å ordne opp.»

Ein skulle tru at Ghozlan var diskredittert i norsk presse grunna den uansvarlege demonstrasjonen og konspirasjonsskuldingane, men nei. Førre veke inviterte Dagsnytt 18 han i studio. NRK ville vita kva muslimar i Noreg tenkte om PSTs påstand om at Noreg er eit terrormål for islamistiske Syria-fararar. Ghozlan sa at han og mange muslimar med han trudde at PST kom med åtvaringa av di folket i Gaza og Hamas hadde fått so mykje sympati i Noreg under den noverande invasjonen av Gaza. På Facebook-sida si la han ut ein artikkel om at FBI hadde nytta betalte provokatørar for å finna muslimske terroristar. «Tanken om at en Mossad-agent gjør noe liknende er da ikke så fjern?!» I Dagsnytt 18 fekk han ingen kritiske motspørsmål.

Ekstremist

Det er ikkje til å koma utanom: Ghozlan er ein ekstremist, men i pressa vert han handsama som ein moderat meklar. Det er velkjent at Rabita-moskeen har hatt fleire seinare Syria-fararar innom. Ein av dei var Abu Aya Al-Norwajy, eller Jamal som han heitte før. ISIL har sendt ut melding med bilete av han der dei fortel at han no er martyr etter eit sjølvmordåtak i Irak. Han drap seg sjølv og åtte andre. Til Dagens Næringsliv fortel Ghozlan at han ikkje lika utviklinga Jamal gjekk gjennom før han drog til Syria. Han sa for mykje gale på Facebook: «Det hendte jeg irettesatt ham på grunn av innholdet han la ut. Innhold som er over grensen for hva som er greit.» DN spør ikkje korleis ein mann som kan seia og skriva slikt om Israel, kan skilja mellom greitt og ikkje-greitt.

Ghozlan har gjennom åra stilt seg bak Hamas i tjukt og tunt og mellom anna hevda at oppmodingar til drap på jødar og andre i barneprogram som Hamas har laga, ikkje skal oppfattast bokstavleg: «Ord som drepe og knuse kan være koseord på arabisk, og er ikke nødvendigvis bokstavelig ment.»

At Ghozlan er ein konspirasjonsteoretikar og valdsapologet, er altso ikkje noko nytt, men det eg ikkje sluttar å undra meg over, er kvifor han ikkje får kritiske spørsmål frå norsk presse. Eg trur svaret på kvifor det er slik, er todelt: Det eine er at han ikkje vert rekna som vaksen og rasjonell; irrasjonelle menneske nyttar det som kjent ikkje å argumentera mot. Det som vert ekstra trist då, er at NRK hentar han inn for at han skal fortelja om kva tankar muslimar i Noreg gjer seg. Han er med andre ord for NRK ein representant for ein irrasjonell religion og kultur. For om han ikkje var det, ville vel NRK eller DN ha stilt han kritiske spørsmål? Éin ting er sikkert: Hadde Christian Tybring-Gjedde kome med ein liknande konspirasjonsteori, ville dei kritiske spørsmåla ikkje nett ha vore få.

Antisemittisme?

Ei anna forklåring kan vera at norske journalistar meiner at Ghozlan kjem med legitime standpunkt, at Israel og med dei jødane faktisk har ein viss kontroll over USA og vestleg etterretning, og at det faktisk finst noko som ein med velvilje kan kalla ein jødisk/israelsk konspirasjon. For eigen del har eg alltid avvist påstandar om at etniske nordmenn har ein antisemittisk tendens, og eg trur eg framleis har det standpunktet, men i det siste har eg byrja å tvila litt. Interessa for Israel og det jødiske er berre so ekstrem vorten, at ho er vanskeleg å forklåra rasjonelt.

Sist laurdag til dømes laga NRKs korrespondent i USA, Gro Holm, eit større reisebrev. Det ho undra seg over, var korleis amerikansk presse kunne vera so Israel-venleg. At ho undra seg over det, kan kanskje ha noko med kva slags dekning ho er van med frå NRK, men lat det liggja. Svaret hennar var i alle høve jødisk makt:

«Det er ingen hemmelighet at jødisk kapital og folk med jødisk bakgrunn er sterkt overrepresentert i de store amerikanske mediekonglomeratene. Det største av dem alle, Disney Company, eier blant annet ABC TV Network og ledes av Robert Iger. CNN Worldwide har Jeff Zucker, som kom fra konkurrenten NBC, og CBS har Leslie Moonves. Sistnevntes onkel var for øvrig David Ben-Gurion, Israels første statsminister.

Jødenes andel av USAs befolkning utgjør vel to prosent, så det er ingen tvil om at de er overrepresentert som eiere og toppledere i media. Kanskje ikke så rart at relativt få palestinske stemmer slipper til når Israel blir angrepet.» 

Sett i ljos av historiske påstandar om jødemakt vert dette berre for umusikalsk. Det som er ekstra fascinerande, er at Holm meiner at ho har identifisert eit problem, og problem må ein som kjent løysa. Men diverre, kan vi kanskje seia, kjem ho ikkje med eit løysingsframlegg på det jødiske problemet. Den religiøse gruppa som er mest pro-Israel i USA, er elles kvite protestantar. Eit klårt fleirtal av jødane står til venstre og er langt meir kritiske til Israels okkupasjonspolitikk enn den jamne republikanaren. Det gjeld òg i pressa, syner ei rekkje meiningsmålingar.

Libya, Israel og SV

Men slik har det faktisk vorte i Noreg. Israel og jødane er svaret på stadig fleire spørsmål. Ein av dei store internasjonale tragediane dei seinaste åra var NATO-bombinga av Libya. Libya er no på veg til å verta ein sokalla «failed state», og i dragsuget har vi òg fått elendet i Syria. I april 2011 skreiv eg dette om SV og Libya: «Revolusjonar og regime-endringar i land i den tredje verda lukkast i røynda aldri. Ein despot vert avløyst av ein annan, og i mellomtida lid dei sivile.» Eg skreiv dette som ein kritikk av SV av di dei gjekk med på bombinga, ei bombing der Noreg tok på seg dei mest krevjande åtaka, åtak der sivile garantert gjekk med. 588 norske bomber fall over Libya. Både då og no er det at SV gjekk med på bombinga, eit av dei store mysteria i norsk politikk.
Korleis kunne so landsstyre-møtet til SV legitimera at SV sat i ei regjering som gjennomførde ein slik politikk? Jau, ved fylgjande kompromiss: «Verdenssamfunnets troverdighet i konfrontasjon med Gaddafi-regimet svekkes når reaksjon mot andre stater i
regionen som begår overgrep mot sivile uteblir. Verdenssamfunnet må derfor også reagere mot israelske flys angrep på Gazastripen.»

I klårtekst kunne dette vanskeleg tyda noko anna enn at når vi gjekk til åtak på Libya, so måtte vi gjera det same mot Israel – som er den sjette sterkaste militærmakta i verda, har den mest krigsrøynde hæren og som er utstyrt med minst 140 atombomber. Spørsmålet som stadig kjem opp, er kvifor slike vedtak stoggar ved Israel?  Russland er ei okkupasjonsmakt, Marokko er ei okkupasjonsmakt, Kina er ei okkupasjonsmakt, NATO-landet Tyrkia er ei okkupasjonsmakt. Er Israel so mykje verre?

Israel må svara

Ja, Israel kjempar mot Hamas og i den kampen må det per definisjon verta sivile tap sidan Hamas ikkje fylgjer dei internasjonale reglane for krigføring; dei vel medvite å løyna seg mellom sivile. Dette er ein forståeleg taktikk frå Hamas’ side; om dei går i open kamp med den israelske militærmakta, er dei dømde til å tapa. Men faktum er òg at Hamas gong etter gong sender rakettar mot Israel, og inga israelsk regjering som vil verta attvald, kan sitja still og akseptera dette.

Kva då med USA og president Barack Obama? Stort sett heile hans presidenttid har vore prega av ein vantande vilje til å nytta militære styrkar i direkte åtak; i staden har han nytta droneåtak i stor skala. Dronar er nokso presise våpen, men dei er ikkje so presise at sivile liv ikkje går tapt. Obama har nytta desse våpna i Pakistan, i Afghanistan, i Jemen, i Somalia, lista går og går. USA er ikkje under åtak frå nokon av desse landa. Åtaka er rein førebyggjing. USA er i motsetnad til Israel ikkje under direkte åtak. Sanninga er at både USA, Frankrike, Storbritannia, Tyrkia… ja, heile NATO, sidan krigen mot terror byrja, har gjennomført aksjonar og krigar der det har vore massive sivile tap. Konflikten mellom Israel og palestinarane er etter dei fleste målestokkar ein svært liten konflikt. Likevel vert han dekt som om det er den største konflikten i verda i dag.

Noreg er på ingen måte åleine om denne massive dekninga av Israel-konflikten. Over heile Europa har det vore ei rekkje antisemittiske demonstrasjonar, og alt i 2003 synte ei meiningsmåling i regi av EU-kommisjonen at halvparten av europerane meinte at Israel var den største faren for verdsfreden. Men det som er problemet i Noreg, er at dekninga vert so einsidig og so sjablongprega. Det kan faktisk vera sant at Hamas ikkje vil gå inn ein fredsavtale med Israel, at dei vil kasta alle jødar ut av Midtausten. Jødane er alt jaga frå alle andre land enn Israel i området. ISIL har no skipa eit kalifat der ingen annan religion enn islam vert akseptert, eit kalifat ogso Hamas vil skipa.

Det som er mest uforståeleg for meg, er kva elles oppegåande folk får seg til å seia. Heikki Holmås har skulda Israel for etnisk reinsing i Gaza og har sagt at den israelske hæren «bevisst dreper barn». Det er noko med retorikken om det Israel gjer, som ikkje lenger berre er antisionistisk, men noko verre.

knapp knapp