Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Hatretorikk og humanitet

| Den 2. februar 2018

Hatretorikk og humanitet

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Dette er ei bekymringsmelding. Viktige prinsipp i rettsstaten er truga. I dette tilfellet er det mest alvorlege kven trugsmålet kjem frå. Avsendaren er regjeringa Solberg.

I møtet med inhumane, kriminelle handlingar har ein i den norske tradisjonen lagt vekt på at staten ikkje skal konkurrera med lovbrytaren i inhumanitet. Det er ikkje slik at når eit menneske har gjort skrekkelege handlingar, så skal vedkommande behandlast med tilsvarande brutalitet. Alvorlege brotsverk skal møtast med eit nøkternt og rasjonelt rettsvesen, som tildeler den straffa lova seier.

Hatretorikk
Det er ikkje slik at forbrytaren ved mindre lovbrot har rett på forsvar, medan denne retten fell bort dersom lovbrotet er særleg grovt. Tvert om, det er når kjenslene blir særleg sterke, at den nøkterne bruken av lov og rett blir særleg viktig. I oppgjeret med landssvik og tortur etter krigen var dette viktig. Nasjonen kan vera stolt i den grad han fylgde rettsleg orden, og har tilsvarande grunn til å skjemmast dersom ein overlèt hemnen til gatejustisen.
Dei nye signala frå Solberg-regjeringa er at det er i orden at den politiske leiinga for rettsvesenet brukar hatretorikk. Det blir argumentert sterkt for at lovbrytarar skal omtalast som monster. Dette er eit dramatisk brot med den humane rettsforståinga vi har hatt, og som vi deler med andre velregulerte samfunn.
Men det blir verre. Konfrontert med denne alvorlege problematikken blir det brukt ein sjølvimmuniserande argumentasjon som tener til å svekka rettsstaten endå meir. Svaret på kritikken av hatretorikken – at pedofile er monster – kom i to punkt: Det første punktet var at regjeringa vil halda fast på retorikken sin, uansett kva slags argument som kjem imot. Ein melder seg altså ut av argumentasjonen med eit slags «klippe, klippe, sa kjerringa». Møtt med alvorlege innvendingar frå spesialistar i juss og menneskerettar svarer ein rett og slett at dette vil ein ikkje høyra på. Ein vil seia «monster, monster».
Det andre argumentet er meir aggressivt. Det lyder slik: Den som i det heile tek opp spørsmålet om dei fundamentale rettane til lovbrytaren, gjer lovbrytaren til offer og gløymer offeret for brotsverket. Altså: Dersom ein ser til at lovbrytaren blir dømd på rett måte og får juridisk bistand, har ein svikta offeret. Å gje den pedofile overgriparen rett behandling, er å støtta pedofile handlingar.
Dette er ein argumentasjon som ein kanskje må finna seg i å sjå i kommentarfelta, men ein sperrar augo opp når den kjem frå Solberg-regjeringa.

Nyansar
Ein teiknar altså opp eit bilete der den som brukar monsterargumentet, er den einaste verkelege forsvararen til offera for kriminelle handlingar. Dei som ikkje brukar hatretorikken, men forsvarer rettsstaten, er motstandarar av offera. Slik vil ein stoppa ordskiftet og gjera berre éin posisjon mogeleg: den hatefulle ordbruksposisjonen. Men dersom regjeringsmedlemmene peikar ut monster, er det berre snakk om tid før folk tek saka i sine eigne hender og avlivar monstera. Det er den naturlege konsekvensen av slik tale, og det manglar ikkje døme på at styresmakter har hissa opp befolkninga til slike handlingar. Men ikkje i vårt land – så langt.
Monsterposisjonen gjer krav på å vera den beste venen til offera. Men er det sant? Er det omsynet til offera som driv dette ordskiftet? Det ville vera politisk naivt å tru det. Det er ein sterk vilje til å få bukt med misbruk av barn over heile det politiske spekteret. Det finst nok nyansar i synet på korleis ein skal gå fram, men alle er samde om at dei skuldige må pågripast, stoppast og straffast. Når ei politiske gruppering, som no altså har overteke rettsfilosofien i Solberg-regjeringa, framstiller det som at berre éin måte verkar, nemleg hatretorikken, og at dei som er mot denne retorikken, svik offera, så handlar det om noko heilt anna enn å hjelpa dei utsette borna.

Politiske frelsarar
Det handlar heilt enkelt om at ein vil finna så kjensleladde saker som mogeleg for å bruka dei politisk. Det handlar om å gjera seg sjølv til politiske frelsarar som kan berga ei utsett gruppe frå grufulle lagnader, medan alle andre politikarar sit med hendene i fanget.
Men då hjelper ein ikkje dei utsette borna. Ein gjer dei til gissel i ein skitten politisk kamp. Det finst ingen dokumentasjon på at ein inhuman og juridisk likegyldig praksis, med heimel i hatretorikken, vil få ned talet på brotsverk. Det finst tvert om brei semje om at denne språkbruken gjer det vanskelegare å hjelpa folk ut av slike tendensar.
Det som står att, er at Solberg-regjeringa er viljug til å slå politisk mynt på nokre av dei tristaste og vondaste sakene vi har i samfunnet vårt. Det er verken omsorgsfullt eller vakkert. Og det har lite med omsorg og respekt for offera å gjera.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa