Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.05.2018

Gå til toppen

Toppen

– Hatet gjev meg kraft

| Den 18. mai 2018

– Hatet gjev meg kraft

Teikning: May Linn Clement

Utan hat-meldingar og drapstrugsmåla frå nynazistar, ville Deeyah Khan truleg ikkje laga filmen I møte med fienden.

I dokumentarfilmen, som ligg på NRK sine nettsider, marsjerer Deeyah Khan saman høgreekstreme i den amerikanske byen Charlottesville. Ho skil seg ut. Ikkje berre er ho kvinne, ho er òg brun i huda.

– Eg var livredd, og visste eg ville vera eit klart byte om ting kom ut av kontroll, seier ho.

Ho vert ikkje skada av nynazistane. Men når Antifa-røyrsla bruker tåregass mot dei marsjerande, vert Deeyah òg råka.

– Ytterleggåande grupper radikaliserer kvarandre. Å møta vald med meir vald, hjelp ikkje. Ekstremistar er alt paranoide, vald vil berre styrka offerolla som eggjar dei.

 

Truga frå landet

– Eg kunna ha plukka opp eit våpen. I staden plukka eg opp eit filmkamera, sa Deeyah i ei tale i 2016.

På 1990-talet toppa ho hitlistene i Noreg med låta Get Off My Back. Populariteten auka i takt med hetsa og trugsmåla mot den unge artisten. 17 år gamal såg ikkje foreldra anna råd. Dottera måtte dra frå landet. I trygge Noreg var ho ikkje trygg.

Media skreiv om Deepika, som ho då heitte, som vart truga ut av landet. Likevel var det ingen som hjelpte henne, ingen som henta henne heim. Sjølv har Deeyah samanlikna seg med den siste kofferten som ligg att på bagasjebandet på flyplassen, han som ingen gjer krav på.

Denne kjensla av å vera etterlaten og åleine seier Deeyah ho kjenner att frå intervju ho har gjort med høgreekstreme og jihadistar.

– I båe grupper finn du menneske som føler seg urettferdig handsama, og skuldar alt på “dei andre”, anten det er dei svarte, dei fråfalne eller jødane.

Giftig maskulinitet

Det er flest menn som vert ekstremistar, med ærekjensla som ei drivkraft. Deeyah fortel det i enkelte muslimske familiar er ei førestilling om at gruppa er éi eining. Kvart familiemedlem er ansvarlege for omdømet deira. Unge menn er knebla av forventingar. Nokon er styrte mot karrierar som handlar meir om statusen til familien enn eigne interesser. Dette kan gje kjensle av å vera ufullkomen.

– Mykje dysfunksjonalitet i muslimske heimar vert dekkja til for å halda på æra. Det gjev øydelagde menneske som ikkje vil søkja hjelp, då det er skammeleg. På toppen av det heile er opplevinga av rasisme audmjukande. Dette gjer unge menn sårbare for forkynningar frå ekstremistar, seier ho.

Deeyah meiner me må utfordra det ho kallar den giftige maskuliniteten.

– Det er ikkje tilfeldig at hatefulle organisasjonar som er dominert av menn òg har ekstremt sexistiske ideal. Me bør heidra mannlege sider som ikkje byggjer på dominans og status, som ikkje er valdelege eller undertrykkjande mot andre. Det er ikkje berre viktig med tanke på ekstremisme; Menn står bak brorparten av valdeleg kriminalitet.

 

Jenter vert overvaka

I 2012 laga Deeyah filmen Banaz: A Love Story. Dokumentaren er ei forteljing om eit varsla mord. Den 21 år gamle jenta Banaz vert drepen av den næraste familien sin etter ho skilde seg frå ein valdeleg mann. Fem gongar gjekk ho til politiet med trugsmåla, men ingenting vart gjort for å stoppa det. Ho enda opp i ein koffert seks fot under jorda, i ein hage i London. Det er rystande å sjå korleis eit heilt samfunn i dagens England meir eller mindre er involverte i det såkalla æresdrapet.

– I somme muslimske miljø kontrollerer alle kvarandre. Gjer du noko skamfullt, råkar det ikkje berre deg; det gjeld bror din, far din og syskenbarnet ditt. Dette er ein kvelande atmosfære for unge menneske.

I motsetnad til gutar og menn, vert jenter konstant overvaka for å sikra at dei er ærbare; ei jente som kan giftast bort.

– Kvinneleg seksuell framferd får ei vanvitug merksemd, og vert rekna som viktig for heile slekta og samfunnet. Heile miljø tek oppgåva med å føra tilsyn over unge jenter for å hindra dei i å gjere noko ærelaust.

 

Deler humanitet

I dokumentarfilmane Jihad: Hellige krigere (2015) og I møte med fienden (2017) møter Deeyah menneska ho frykta mest: Mørkhuda menn med skjegg, og kvite, aggressive rasistar. Som tilskodar slår det meg kor venleg Deeyah er. Ho møter desse mennene som menneske. Ein godt vaksen nynazist, Brian Culpepper, forlét heile NSM (National Socialist Movement) etter å ha blitt kjent med Deeyah gjennom filminga.

– Er det dialog som er krafta bak dette?

– Det er menneskeleg kommunikasjon som er krafta. Ofte fungerer ikkje dialog grunna påståelegheit, han berre forsterkar standpunkta til den andre sida.

Deeyah seier ekstremistar ofte sit på store mengder falsk informasjon frå partiske kjelder. Tidlegare nynazist Frank Meeing fortalde henne om korleis han i timevis kunne søkja på nettet etter informasjon som styrka synet sitt, og byggja opp ein database med kjappe argument klare til ordskifte.

– Det er mykje enklare for ein nynazist å fornekta fakta knytt til rasisme, enn å sjå meg inn i augo og kalla meg skitfarga. Brian Culpepper skifta syn etter å ha sett korleis eg, ei brunhuda muslimsk kvinne, og han sjølv deler humanitet. Me skulle vore fiendar, men me vart vennar.

 

Feministisk brodd

Etter ho flytta frå Noreg som 17-åring, har Deeyah budd i England og USA. No er ho i London, men har framleis tette band til Noreg.

Frå i år av er Deeyah eit av dei ti faste medlemane i Norsk kulturråd. Rådet forvaltar Norsk kulturfond, og skal dela ut 950 millionar til kunst- og kulturprosjekt berre i 2018.

– Eg brenn for prosjekt som bidreg til meir fellesskap mellom kulturar. Kunst som stimulerer til vanskeleg dialog, interesserer meg.

Deeyah seier ho ynskjer å sjå fleire moglegheiter for at kvinner og minoritetar skal kunne uttykkja seg. Sjølv står ho bak nettmagasinet sister-hood.com, ei plattform der kvinner med muslimsk opphav skriv.

– Det viktigaste målet mitt med dette, var å utfordra stereotypien som omringa muslimske damer. Eg ville samla alle nyansane, frå fromme damer som aktar hijaben til eks-muslimar som fortel om kvifor dei forlét trua. Mangfaldet av røytser har verkeleg vist kor avgrensa dekkinga av muslimske damer er i etablerte media, og det store potensialet desse kvinnene har til å skapa positive endringar.

Innan norsk aktivisme vyrdar ho Skamløs-rørsla og Født Fri-stiftinga. Begge kjempar mot negativ sosial kontroll og æreskultur.

– Det er nett dette Noreg treng.

Meir enn mørke

At Deeyah kommenterer ømme og mørke tema offentleg, gjev henne tilbakeslag i form av hat-meldingar og trugsmål.

– Dette fortel meg at det eg gjer, er rett. Eg har opplevd så mykje hat gjennom heile karrieren min at det ikkje sjokkerer meg lenger. No er eg verken redd eller sint – eg vil berre finna ut kor dette hatet kjem frå.

Tema som ser mørke ut, er ikkje berre det. Folk som er ekstremistar, er ikkje berre vonde.

– Ved å eta dessert med ein som var med i Ku Klux Klan og drikka te med tilhengjarar av heilag krig, ser eg dei skjulte menneskelege sidene deira. I stundar kan eg nesten gløyme at dei eg knyter band med har slike usle standpunkt, men så seier dei brått noko støytande. Det er ein slags emosjonell berg-og-dal-bane.

Når ho er ferdig med ein film, er det familien og vennane som hjelper henne å koma attende til seg sjølv.

– Berre det å vera rundt omsynsfulle og kjærlege folk minner meg på at det er meir til menneska enn fordommar og hat. Det gjev meg styrke til å halde fram med nye prosjekt.

 

May Linn Clement

 

 

Bakgrunn: Deeyah Khan (41)
Aktivist, filmskapar, musikar og produsent.
Grunnleggjar av produksjonsselskapet Fuuse.
Førre helg vart ho heidra med æresgrad frå Emerson College i Boston for arbeidet ho gjer som dokumentarfilmskapar.

 

Favorittar

Bok: – For tida les eg Madeleine Albright si bok, Facism: A warning. Farane rundt populisme meir levande for meg etter å ha filma i Amerika.

Film:Black Panther. Dette er kanskje eit openbart val, men det er så forfriskande å sjå eit fleirtal farga rolleinnhavarar i ein vanleg og suksessfull film, at eg må velja denne.

Album: – For augneblinken høyrer eg på Mahsa Vahdat sitt album Endless Path.

Reisemål: – New York. Der har eg mange nære vennar.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa