Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Hamna ved verdas ende

| Den 6. juli 2018

Hamna ved verdas ende

Foto: Per Anders Todal

Mehamn er ein stad der ting blir sette på spissen.
Tekst og foto: Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Det er langt, dette landet. Fiskelukt og fuktig kulde møter meg så snart eg stig av Widerøe-flyet i Mehamn. Grytidleg denne junimorgonen reiste eg frå eit 30 gradar varmt Oslo, midt i den første av dei to store sørnorske varmebølgjene i år. Mehamn tek imot meg med null gradar og gjev meg ei sluddbye i andletet. Aldri før har eg hatt ei slik kroppsleg oppleving av storleiken til Noreg. Er verkeleg Finnmark og Oslo delar av same nasjon? Og om nokon del av Noreg burde få lov til å vere eit eige fylke, burde det ikkje vere annleislandet Finnmark?

Eg er ein solbrend søring, ein framand her på meir enn éin måte. Finnmark er det einaste norske fylket eg til no ikkje har sett beina mine i, og eg er snart femti år gammal. Det kjennest litt flautt.
Ikkje alle avstandar er større i Finnmark: Det er ein høgst overkomeleg spasertur frå flyplassen til vandrarheimen der eg skal overnatte. Eg passerer den vesle Mehamnelva og hjella med torskehovud frå mottaket til Oddvar Jenssen – det var desse hovuda eg kjende lukta av på flyplassen – og kjem til den lune vågen som er grunnen til at Mehamn har blitt ein tettstad. Det er ikkje mange verkeleg gode naturlege hamner på den nakne finnmarkskysten.

Eg er komen hit av nyfikne. Mehamn er ein paradoksal stad. Ikkje noko samfunn ligg nærare dei store fiskeressursane i Barentshavet enn dette. Samtidig har Gamvik kommune, der Mehamn er største tettstaden med sine knapt 800 innbyggarar, stått i mange år på Robek-lista over kommunar i økonomisk ubalanse. Mehamn er òg ein stad med ei dramatisk historie, ikkje berre på grunn av det nådelause Barentshavet rett utanfor. Få stader i Noreg har kampen om eigarskapen til ressursane i havet vore så hard.

«Stopp trålerpampans kvoteran», står det med store bokstavar på ei brygge på andre sida av vågen, eit minne om førebels siste runde i ein gammal strid. Men opprøret mot Aker-konsernet og kampen om trålarkvotane vinteren 2014 bleiknar mot hendingane her i Mehamn for 115 år sidan.

Les heile saka i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa