Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Gode lesar!

| Den 13. september 2018

Velkomen til nettsida til Dag og Tid

På nettsida finn du smakebitar på kva som står i papiravisa kvar veke – noko vi vonar skal freista deg til å kjøpe eit abonnement på papiravisa.

Dag og Tid er ei fri og uavhengig vekeavis for kultur og politikk – og den einaste riksavisa på nynorsk. Dag og Tid er i vekst og har godt og vel 11.000 i opplag.

Kvar veke kan du lesa reportasjar, kommentarar, intervju om kultur- og samfunnsspørsmål – og meldingar av bøker, musikk, film og teater. Vi har som mål i kvart nummer å laga gode reportasjar om endringar som skjer i landet vårt, om spenningar mellom nytt og gamalt og om viktige utanrikspolitiske saker.

Avisa har kome ut sidan 1962. Over Dag og Tid-logoen den gongen var det tre små globusar. Det synte til vidsynet. Dag og Tid skulle vera ei avis med ambisjonar og ikkje innettervend. Denne redaksjonelle lina står avisa trygt på i dag òg.

Avisa får fast pressestøtte frå Medietilsynet og prosjektstøtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Stiftinga Vener av Dag og Tid.

Endringane i medielandskapet gjer og at Dag og Tid blir viktigare. Det meste av makta i Avis-Noreg har no blitt samla i store konsern der felles eigarskap og stoffdeling gjer storavisene stadig meir like kvarandre. Dag og Tid har ingen kommersielle eigarar og betalar ikkje utbyte til aksjonærane.

Framgangen dei siste åra har synt at Dag og Tid har potensial til auka opplaget enno meir i åra som kjem.  

Dag og Tid fekk Fritt Ord-prisen 2017.

Bli tingar av Dag og Tid du òg – og få avisa tilsendt i posten kvar fredag.

Abonner her

Med venleg helsing

Svein Gjerdåker

Ansvarleg redaktør

Prøv Dag og Tid Les e-avisa