Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Frå kultur til næring

| Den 22. august 2014

Frå kultur til næring

Kulturdepartementet skipa Norsk Form for at det skulle vera det moralske andletet i arkitekturen. No er stiftinga slegen saman med Norsk Designråd. Næring får førerang framfor kultur og miljø, meiner arkitekturekspertar.

I 1990-åra var staten ein tydeleg aktør i norsk arkitektur. Miljøverndepartementet førde kring midten av tiåret inn ein kjøpesenterstogg. Alle eksterne kjøpesenter over fem tusen kvadrat­meter skulle unngåast. Det skjedde etter påtrykk frå Norsk Form. I same tiår spurde Kultur­departementet om ikkje skilt og reklame skulle underleggjast same krav som bygningar i plan- og bygningslova. Dei byrja med bensinstasjonane, der skiltinga er mest stadframand og omsynslaus. Forhandlingane vart gjennomførde av Norsk Form – dei private måtte etter dette føye seg etter nasjonale retningsliner.

Kulturminister den gongen, Åse Kleveland, var tydeleg på at design og arkitektur var politiske spørsmål, fordi det høyrer til omgjevnaden vår og påverkar trivselen og kvardagen vår.
Ho ville difor ha eit informasjonssenter for arkitektur og design som var slagkraftig og ubyråkratisk. Den fyrste leiaren til dette sentret var Peter Butenschøn. Han hadde til då arbeidd som rådgjevar for design og arkitektur i Kulturdepartementet. Kulturdepartementet etablerte så Norsk Form i 1993. Stiftinga fekk lokale i Oslo.
Kikar du på nettstaden til Norsk Form i dag, eller Norsk Design- og arkitektursenter som det no heiter, finn du ikkje att desse høge ideala. På oversynet over komande arrangement dominerer ein annan dagsorden: «På motemesse med UDs reisetilskudd», «barneverksted i utstilling» og «faglig frokost: lær profesjonell designledelse».

Skort på statleg politikk
Arkitekten kan jamførast med apotekaren i medisinfaget. Liksom apotekaren står mellom vitskap og handel, skal arkitekten balansere mellom kultur og næring. Medisinarar fylgjer den hippokratiske eiden; dei etiske reglane syter for at profitt ikkje blir viktigare enn helse.

Har ikkje arkitekturfaget òg ein etikk? Kultur tyder i denne samanhengen miljø, identitet og trivsel – omgrep som grensar mot helse og velvære. Desse omgrepa drog Åse Kleveland fram då ho grunnla Norsk Form for om lag tjue år sidan.
Norsk Form fungerte som ein buffer mot profittjag i arkitekturen. Men den politiske viljen til å styre arkitekturen er fråverande. Arkitektar meiner det er særleg grunn til å rope eit varsku.
«Problemet i norsk byutvikling er ikke mangel på lokalkunnskap, men mangel på statlig politikk og på samordning», sa rektor ved Arkitekthøgskulen i Oslo, Karl Otto Ellefsen, til Arkitektnytt i år.

Les heile saka i papirutgåva av Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa