Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Forteljing om eit sjølvmord

| Den 12. oktober 2018

Forteljing om eit sjølvmord

Steffen Kverneland tek i bruk eit stort register til å fram-kalla medkjensle og frykt. Og forsoning.

Teikneserie
Steffen Kverneland:
En frivillig død
No Comprendo Press

I dag treng du ikkje å kunne teikna ei hand for å verta kunstnar. Men vi andre treng framleis teiknarar, slik dei gjorde det for minst 30.000 år sidan i hòlene i Frankrike. Den gongen måtte dei beste teiknarane ha vorte valde ut, både av sine eigne og av evolusjonen, til å laga «slåande» bilete av dyr, altså bilete som både trekte fram det vesentlege og var estetisk vakre, noko som truleg skulle gje magisk makt over dyra.
Slik brukar vi i dag dei som har ført vidare desse gena, altså dagens teiknarar, til å hjelpa oss til å sjå ting som heller ikkje fotografiet kan visa oss. Og på eit vis få ein særeigen kontakt med dei. Eg vert til dømes klokare av å sjå på karikaturane til Roar Hagen enn av kunsten til Bjarne Melgaard, verdas 407. rikaste kunstnar.

Ein som i særleg grad har denne teiknegåva, er den no 55 år gamle Steffen Kverneland, noko han har gledd oss med sidan 1991 då han byrja å laga det vi kan kalla seriøse teikneseriebøker. Han er kjend for å ha laga mellom anna ein teikneserieversjon av ei Øvre Richter Frich-bok om Jonas Fjeld, og ikkje minst ein Ibsen- og ein Munch-biografi. Mykje av det han har gjort, har til og med hatt lettare ironisk og distanserande humor i seg.

Ålment
Men slik er det ikkje med årets bok. Ikkje ironi og ikkje humor. Boka handlar om eit sjølvmord. Og endå mindre distanserande: om Kvernelands eigen fars sjølvmord. Og difor like mykje om korleis Kverneland opplever dette, no når han har fått 37 års distanse til hendinga.

Så, er ikkje dette vel privat? Det kunne det sjølvsagt ha vorte, men det er jo det med stor forteljande kunst at han viser det ålmenne i det konkrete. Sjølvmord er diverre ikkje eit uvanleg fenomen.

Les heile artikkelen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa