Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.11.2017

Gå til toppen

Toppen

Forbod mot nikab

| Den 20. oktober 2017

Spørsmålet om ein skal tillata bruken av det heildekkjande plagget nikab i ulike offentlege samanhengar, har vore eit tema i mange år. Men temaet er ei avsporing frå det integreringsdebatten bør handla om. For nikab er eit marginalt fenomen i Noreg. Er det tale om nokre titals personar som til ei kvar tid nyttar nikab? Iallfall er det svært få.

Nikab har såleis vorte noko som mange har hissa seg opp over, og nytta som argument mot både islam og innvandring, meir enn eit reelt samfunnsproblem.

Det integreringsdebatten derimot bør handla om, er korleis integreringa konkret skal skje. Kva slag tiltak og ordningar skal vi få i stand? Kor mange kan vi ta imot for å ha ein føresetnad for å få til god integrering? Og ikkje minst: Korleis motarbeider vi skjult og open rasisme? Det siste er eit stort problem på nettet.

Likevel: Det føregår no ein debatt om studentar ved universiteta skal få nytta nikab i undervisinga. Det burde vera sjølvforklarande at dei ikkje kan det. I ein akademisk sanningssøkjande kultur som er avhengig av ein open og fri diskusjon, må ein sjå andleta til kvarandre.

Kva så i andre tilfelle? Kan ein vera bussjåfør med nikab? Kva med lækjar? Butikkekspeditør? Nei. Maskering av andletet gjev ikkje tillit, snarare skapar det utryggleik. I alle arbeidstilhøve, men òg i daglege kvardagsmøte, er vi nettopp avhengige av tillit mellom oss alle.

Difor bør Stortinget forby tildekking av andletet i offentlege rom. Det blir for vanskeleg å driva med ulike reglar om delforbod og unnatak. Er eit slikt forbod ekskluderande og autoritært? Meiner ein det, er ein vrang. Snarare er det bruken av plagg som dekkjer andletet, som er ekskluderande. Det er heller ingen fare for at eit slikt forbod vil vera starten på ei innføring av diskriminerande lover mot diverse klesplagg. Tildekking er eit heilt spesielt særtilfelle.

Den europeiske menneskerettsdomstolen har dessutan avgjort at eit slikt forbod ikkje bryt med menneskerettskonvensjonen. I tillegg vil forbodet kunna vera ei lette for dei få kvinnene som nyttar dette plagget. For dei vil ikkje spørsmålet lenger vera aktuelt.

knapp knapp