Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.11.2017

Gå til toppen

Toppen

Flyktar frå landet Noreg «skapte»

| Den 1. september 2017

Flyktar frå landet Noreg «skapte»

Foto: Emilio Morenatti / NTB scanpix

I fleire år har mange flyktningar til Noreg kome frå eit land som Noreg, og særleg naudhjelpsorganisasjonen til Den norske kyrkja, var med på å etablera. 

Den 24. mai 1993 vart Eritrea ein sjølvstendig stat etter ein lang krig mot regjeringa i Etiopia. Det skjedde ikkje minst takk vera langvarig, løynd norsk støtte til den eritreiske motstandsrørsla, organisert av Kirkens Nødhjelp. Det norske utanriksdepartementet finansierte aksjonen med hundrevis av millionar av kroner.

I dei siste ti åra har det vore vanleg at Eritrea vert jamført med Nord-Korea som ein parianasjon. Eritreisk pass har lenge vore ein «gullstandard» i den internasjonale menneskesmuglinga, og Eritrea har i fleire år vore heilt i toppen over land det kjem flyktningar til Europa – og Noreg – frå.

Skal ein skjøna korleis det internasjonale gjennombrotet forma norsk historie, ja, skal ein i det heile fatta kva som skjedde i dei åra då Noreg møtte verda og tok på seg rolla som ei verdsmakt innanfor bistand og naudhjelp, og i dei same åra då verda kom til Noreg i form av flyktningar og migrantar frå land utanfor Europa, er Eritrea difor sentralt. Og det vert ikkje mindre viktig som nasjonal historie av at Noregs rolle i å skapa den nye staten, synest ukjend. Ingen talar om historia, eller ingen vil tala om henne.

Dei nye diplomatane

16. desember 1977 møttest representantar for lutherske organisasjonar i Skandinavia til eit konfidensielt møte i lokala til Lutherhjälpen i Stockholm. (Dei svenske lutheranarane hadde ei lang historie i Eritrea, og hadde sendt misjonærar til Eritrea alt på midten av 1800-talet.) Dei møttest for å diskutere korleis dei kunne gje naudhjelp i den eritreiske delen av Etiopia. Møtelyden avgjorde at organisasjonen skulle organiserast som eit økumenisk samarbeid.

Operasjonen inn i Eritrea kom snøgt i gang. Då Kirkens Nødhjelp saman med Evangeliske Fosterlandsstiftelsen og Lutherhjälpen i Sverige gjekk inn for atterhaldslaus støtte til Eritrean Relief Association, den humanitære armen til den marxist-leninistiske rørsla Eritrean People’s Liberation Front, ei rørsle som i Noreg berre hadde partirelasjonar med AKP (m-l), var det byrjinga på ein historisk prosess som vart heilt annleis enn alle såg føre seg.

Leiinga i Kirkens Nødhjelp, med den tidlegare Etiopia-misjonæren og grunnleggjaren av Radio Gospel i Etiopia, Sigurd Aske, som generalsekretær, var ikkje påverka av den antiimperialistiske retorikken som elles øvde så sterk påverknad på 68-generasjonen. Dei og dei svenske lutherske misjonærane hadde lang røynsle på Afrikas horn, og dei hadde ein eigen visjon som var meir religionspolitisk enn marxistisk-revolusjonært grunngjeven.

Dei var opptekne av å hjelpa folk i naud, men òg å styrkja lutheranismen på Afrikas horn i høve til ortodoks kristendom og katolisismen. Men dei kledde, som alle andre med særinteresser innan bistand, prosjektet sitt i ei universalistisk språkdrakt der alt dreidde seg om å berga menneske i naud. Eritrean Relief Desk (ERD), vart operasjonen kalla frå 1981, etter at leiinga i Kirkens Nødhjelp, Sudan Council of Churches og svenske misjonsorganisasjonar vart samde, på eit møte i Oslo, om å etablera han.

Hjelp og storpolitikk

Så råka dei store svoltkatastrofane Afrikas horn. Nokre få år seinare, på byrjinga av 1980-talet, vart området verdskjent via hjarteskjerande bilete på BBC av avmagra born i Koren-leiren i Nord-Etiopia, ikkje langt frå grensa til Eritrea, og via Bob Geldof og Michael Jacksons songar til støtte for innsamlingsaksjonar. Brått var dei skandinaviske lutheranarane, med Kirkens Nødhjelp i spissen, leiarar av ein av dei aller største grensekryssande naudhjelpsoperasjonane verda til då hadde sett.

Dette skulle verta den største operasjonen nokon norsk friviljug organisasjon til då hadde stått bak. Det siste året av operasjonen var organisasjonen til Den norske kyrkja ansvarleg for å bringa hjelp til ein verdi av ein milliard kroner frå Sudan over grensa, inn i Etiopia og særleg til Eritrea.

Dei spela ei rolle dei ikkje kunne ha sett føre seg ti år før. Men med denne grensekryssande aksjonen bidrog Noreg sterk til å påverka det politiske kartet i eit av dei viktigaste strategiske områda i verda, ved inngangen til Raudehavet og ved vasstårnet til Nilen. Dei hadde bidrege til å forskuva makttilhøva i favør av ei motstandsrørsle som ville dela opp Etiopia att.

Ei viktig årsak var at den lokale partnaren til Kirkens Nødhjelp var den humanitære frontorganisasjonen til den eritreiske oppreistrøsla, Eritrean Relief Operation (ERA). Dei stod for all transport og fordeling av mat inne i områda krigen gjekk føre seg i, og i områda oppreistrørsla hadde teke kontroll over. For Kirkens Nødhjelp var dei ein ypparleg partnar. ERA og den eritreiske geriljaen imponerte; dei hadde disiplin, var effektive og snakka ikkje minst same bistandsspråk, og Kirkens Nødhjelp fekk stor tillit til dei.

Kirkens Nødhjelps ERD-operasjon gav geriljaen naudhjelp og mat. For at dei skulle kunne flytta varene rundt i landet, fekk ERA òg lastebilar. Frå så å seia ikkje å ha ein einaste lastebil då ERD starta, hadde dei 400 lastebilar til disposisjon i 1991, noko som sjølvsagt var ein viktig strategisk faktor i geriljakrigen dei utkjempa på liv og død – spesielt i eit fjellområde der det elles var svært vanskeleg å transportera mat, soldatar eller våpen.

Styrkte geriljaen

Men den store naudhjelpsorganisasjonen som Kirkens Nødhjelp leidde, vart sjølvsagt av geriljarørsla òg omgjort til politisk kapital. Noko av maten dei fekk, vart selt på marknaden, og våpen vart kjøpte i staden. Men ikkje minst: Å dela ut mat til sveltande gav geriljaen makt, og bidrog til å gje dei legitimitet. Naudhjelpa vart difor ein integrert del av den politiske og militære kampen.

Kirkens Nødhjelp var gjennomgåande klar over at dette skjedde, men aksepterte det, òg fordi det var i samsvar med målsetjingane om sjølvstende og religiøs innverknad, men som dei ikkje kunne flagga.

Organisasjonen til Den norske kyrkja kom til å verta ein viktig propagandist for EPLF internasjonalt – ikkje berre fordi dei kunne vera gjestar på partimøta deira, men fordi dei ikkje berre gjekk god for arbeidet deira, men var oppriktig begeistra for politikken deira. Kampen til Eritrea hadde stor sympati på venstresida i Europa på den tida, og arbeidet til Kirkens Nødhjelp vart ei forsikring om at EPLF og ERA var «the good guys». Eritrearane vann fram, ikkje minst fordi Kirkens Nødhjelp òg gav støtte til den sterkaste etiopiske motstandsrørsla for å kasta regimet i Addis Abeba, men det er ei anna historie.

Kirkens Nødhjelp hadde altså påverka verdshistoria med den langvarige aksjonen for å støtta dei sveltande på Afrikas horn og med hjelp frå statlege norske pengar, men utan at statsleiinga i Noreg var klar over kva som skjedde, eller hadde ein plan for kva som skulle skje. Korkje Stortinget, regjeringa eller UD hadde oversyn over kva dei hadde sett i gang og var med på. Dei støtta naudhjelp til folk som svalt, og offisielt var Noregs line i 1980-åra at Eritrea var ein del av Etiopia som eitt land.

Heile aksjonen er eit døme på korleis statlege pengar og statleg status så å seia vart «kidnappa» av «private» aktørar i bistandssystemet. I dette tilfellet av bistandsorganisasjonen til Den norske kyrkja, i utgangspunktet for å fremja særinteresser dei statlege støtteordningane eksplisitt ikkje tillét, og etter kvart for å stø ei form for solidaritetsarbeid til ein organisasjon i krig mot eit regime i eit land Noreg anerkjende diplomatisk.

Regjeringane til statsministrane Kåre Willoch (H) og Gro Harlem Brundtland (Ap) var altså med på å teikna det politiske kartet på Afrikas horn på nytt, men utan at dei skjøna det eller planla det, eller var medvite involverte i det storpolitiske spelet som dei uansett ikkje ville ha vore i stand til å kontrollera.

Denne hendinga kan vera eit døme på eit strukturelt trekk: Norsk utanrikspolitikk under det internasjonale gjennombrotet vart på viktige område ikkje bestemt eller påverka av næringsinteresser eller norske strategiske interesser, slik konvensjonelle teoriar om tilhøvet mellom utanrikspolitikk og eigeninteresse postulerer, men av aktivitetane til humanitære aktørar.

Det var Kirkens Nødhjelp som var drivkrafta i norsk utanrikspolitikk på Afrikas horn, og ikkje profittorienterte kapitalistar i NHO eller slue strategar i Utanriksdepartementet. Sjølv etter at Eritrea vart sjølvstendig på 1990-talet, og på eit tidspunkt då den eritreiske regjeringa forventa at norske verksemder ville koma og investera, og då optimismen var stor på alle hald, kom det ikkje éi norsk verksemd til landet.

Afrikas Nord-Korea

Korleis Eritrea gjekk frå å vera ein «yndling» i bistandssystemet på byrjinga av 1990-talet til å verta «den stygge ulven» og Afrikas Nord-Korea på 2000-talet, er ei lang og hendingsrik historie, full av overraskingar og kompliserte samanhengar.

Tilhøvet mellom det internasjonale bistandssystemet (og det norske bistandssystemet) skar seg fort etter sjølvstendet, fyrst og fremst av to grunnar: Den eritreiske regjeringa ville ha kontroll over kva dei utanlandske organisasjonane gjorde. Dei stilte krav om å få rapportar over rekneskapar og måloppnåing på ein måte som var ein sjølvsagd ting for organisasjonane å melda til staten i Noreg.

Men for organisasjonsleiarane – og dette er dokumentert i tallause studiar av NGO-sektoren – som var vande til å operera meir som uavhengige «småkongar» i afrikanske land, vart krava frå den eritreiske regjeringa oppfatta som utoleleg og diktatorisk. Kritikken mot det nye regimet i Eritrea frå eit samla internasjonalt bistandsmiljø var såleis kraftig og unison.

Grunna den vanskelege balansegangen mellom etniske grupper, språksamfunn og religionar i Eritrea var staten og regjeringa i Asmara imot forkynning i hæren. Hovudlina til den eritreiske statsleiinga tok utgangspunkt i at det viktigaste var å samla og byggja landet i ein statsbyggingsfase etter tiår med krig.

Det internasjonale bistandssystemet – og det norske bistandssystemet – opererte derimot på ein heilt annan og meir «prinsipiell» universalistisk arena. Der den eritreiske regjeringa sa dei var opptekne av statsbygging og stabilitet, var bistandssystemet oppteke av dei universelle menneskerettane og kritiserte forbod mot religiøs forkynning i hæren som eit alvorleg og typisk brot på dei same rettane.

Tilhøvet mellom det internasjonale bistandssystemet og Eritrea vart dårlegare og dårlegare, sjølv om det ikkje var noko land i Afrika som scora så godt på ulike utviklingskriterium det same bistandssystemet elles vog og målte dei ulike landa opp mot: lite korrupsjon, særs god kontroll på aidsepidemien som elles herja Afrika, kvinner flest fødde på sjukehus, utstrekt jamstilling mellom menn og kvinner, liten skilnad på rike og fattige og så bortetter.

Samstundes kan det ikkje vera tvil om at statsleiinga i Eritrea vart meir autoritær, og at vanleg politisk og demokratisk liv vart undertrykt, at opposisjonelle vart arresterte, og at dei i utanrikspolitikken stødde ei rekkje grupperingar som sikta mot å destabilisera naboane, som islamistiske al-Shabaab i Somalia.

Dette gjorde til slutt at Noreg på 2000-talet gav opp landet det hadde vore med på å skapa.

Flyktningprodusent

Utover på 2000-talet kom det fleire og fleire asylsøkjarar frå Eritrea til Europa og Noreg. Eritrearar fekk nærast automatisk status som legitime flyktningar. Landet som Noreg var med på å etablera, vart altså kjent som landet der folk ikkje ville bu.

Ifølgje Council on Foreign Relations, i september 2016, forlét 5000 innbyggjarar landet kvar månad. Det er 60.000 per år, eller 180.000 over tre år – eit særs høgt tal gjeve at befolkninga totalt er berre på om lag seks millionar. Frå Eritrea har det det siste tiåret kome fleire asylsøkjarar som har fått opphald i Noreg, enn frå noko anna land. I fleire år har i gjennomsnitt rundt 2000 nye eritrearar fått opphald i Noreg. Om dette held fram, vil eritrearane etter familieinnvandring sannsynlegvis bli ein av dei største minoritetane i Noreg.

Den norske politikken med å gje nesten alle asylsøkjarar frå Eritrea rett til vern mot forfylging i heimlandet skjer samstundes med at stadig fleire flyselskap har opna ruter til Eritrea. Etiopiske flyselskap tilbyr òg flysamband mellom Asmara og Addis Abeba åtte gonger om dagen.

Ethiopian Airlines kunngjorde i 2016 lanseringa av to daglege flyavgangar frå Frankfurt til Asmara. Ifølgje analytikarane Gebre & Gebre Companies Inc. søkte flyselskapet å utnytta den store eritreiske diasporamarknaden med hjelp frå nye Boeing 787-fly. Det er klart at mange eritrearar som har flykta, vender tilbake til heimlandet på ferie. Kva som er den reelle situasjonen i landet, vil difor bli eit viktig innanrikspolitisk spørsmål, ikkje berre i Eritrea, men i mange europeiske land.

Rolla det humanitær-politiske komplekset har spelt i Noreg, med fyrst å vera med på å etablera den nye staten, for så å venda han ryggen, for så å vera med på å skapa eit bilete av Eritrea som Afrikas Nord-Korea, for så å kjempa fram ein politikk som gjer at nesten alle eritrearar får flyktningstatus samstundes som flyselskapa tenar pengar som aldri før på den eritreiske diasporaen, er ein iaugefallande del av norsk samtidshistorie.

Mot eit slikt bakteppe er det interessant at det ved slutten av det eg kallar det internasjonale gjennombrotet i norsk historie, er openbert at den norske ålmenta opererer som om Eritreas historie ikkje vedkjem Noreg, sjølv om Noreg forma utviklinga til Eritrea, og Eritrea definitivt vil påverka framtida til Noreg.

Terje Tvedt er historikar.

knapp knapp