JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Tid å hausta inn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sunt, grønt og godt.

Sunt, grønt og godt.

Foto: Dagfinn Nordbø

Sunt, grønt og godt.

Sunt, grønt og godt.

Foto: Dagfinn Nordbø

4712
20220826

Squash

Squashen kjem opphavleg frå Mexico og Nord- og Sentral-Amerika og blei kultivert i Nord-Amerika frå om lag 10.000 år sidan.

Dei europeiske nybyggjarane byrja å bruke grønsaka då dei kom til Amerika på 1600-talet. På vårt kontinent blei ho fyrst vanleg på starten av 1900-talet.

Tidlegare voks ville graskar og squash mange stader på det amerikanske kontinentet, men i dag er dei fleste slike planter sjeldne eller heilt borte frå den ville floraen. Dei trivst likevel utmerkt i åkrar og kjøkkenhagar.

Kjelde: Wikipedia

Hausten er ei vedunderleg tid og kjem med friske, kjølige morgonar. Annankvar torsdag kjem bonden på døra mi og fyller nett den morgonen med alle godsakene han har samla til meg i ein pose. Eg kan knapt vente med å opne han og finne ut kva som ligg i forundringspakka denne gongen.

Ofte skjønar eg ikkje kva alt er, det veks jo så mangt og mykje i den fruktbare jorda hans, iblant må eg ta bilete og sende av garde for å høyre kva i all verda eg har fått for noko no. Sist gjaldt det ei merkeleg, kvit grønsak med form som ein flygande tallerken. For å vere på den sikre sida banka eg på henne for å forsikre meg om at det ikkje budde små romvesen frå ein framand planet inni. Men nei, den mystiske grønsaka er altså ein slags squash, fekk eg vite, eller rettare sagt ei blanding av squash og graskar.

Eg vert straks tatt med tilbake til den gongen eg leigde eit lite hus med hage i Provence: Då eg fekk nøklane i handa, sa eigaren at eg «gjerne måtte gjerne ete av squashen», eller «manger les courgettes», som ho vel uttrykte det på fransk. Morosamt at barnet har så mange namn: squash, courgette, zucchini...

Bedet hadde rikeleg med sol der bak huset, og med varmen i juli pluss nokre gode regnskurar gav det framifrå veksttilhøve. Fyrste dagen berre gløtta eg så vidt i bedet og registrerte nokre knollar. To dagar seinare var eg tilbake og... Wow!

Knollane hadde erigert kraftig, og det i ein grad som utvilsamt ville gjort nonner forlegne. Snakk om å fordoble seg i heseblesande tempo! Det var nesten så eg kunne høyre dei vekse. Mengda fordobla seg nesten kvar dag, og det var sjølvsagt uråd for ein enkelt person å halde tritt med all denne fotosyntesen.

Kva smakar squash? Så godt som ingenting, men til liks med auberginar er dei svært anvendelege, og dei tek lett til seg andre smakar. I huset fann eg ein stavmiksar som eg brukte til å lage kvitlauksolje: ti kvitlauksfedd og to desiliter solsikkeolje, som eg køyrde til ein jamn masse. Squashen steikte eg i litt av olja med salt og pepar. Utsøkt. Men framleis stod den virile squashhausten der i bakhagen, og ein kunne berre så vidt sjå at eg hadde forsynt meg av han.

Ein annan kveld hadde eg ein gjest og varta difor opp med kylling zucchini, som er enkelt og fantastisk godt, kanskje ein av mine største favorittar blant enkle pannerettar: Steik to kyllingbryst i smør og legg dei til side. I den same panna, ha tre desiliter kraft eller buljong og legg i eit lag squashskiver på ein centimeter tjukkleik. Krydre med tørka timian, salt og pepar og la skivene bli så vidt møre, cirka fem minutt. Tilset to desiliter fløyte og kok væska inn til det halve. Så skjer du kyllingbrysta i skiver og har dei i panna så det heile blir varmt, smakar til med krydder og serverer på nykokt tagliatelle.

Men no – kva med den flygande tallerkenen min? Kva gjer eg med han? Lukkelegvis brukar eg mykje av mine avsindige mengder skjermtid til å nerde om mat og oppskrifter, og som tinga kjem eg over den britiske kjøkengudinna Nigella Lawsons pasta with courgettes frå boka Nigelissima. Lawson er aktiv på Twitter, og alle matinteresserte bør følgje henne. Ho legg ut delikatesser på løpande band, vanlegvis rustikke og enkle oppskrifter som ein ikkje treng vere ekspert for å få til.

Til to personar: Kok penne eller annan kort pasta i godt salta vatn, ta vare på litt av kokevatnet. Del opp ein halv kilo squash i små terningar. Ha eit par matskeier kvitlauksolje i ei tjukkbotna gryte med lok, og steik terningane saman med fire finhakka vårlaukstilkar i om lag fem minutt. Tilset ein dryg halv desiliter kvitvin om du har, eventuelt vatn med ein dash sitronsaft, og to matskeier hakka persille – gjerne bladpersille, men kruspersille går òg bra. Legg loket på gryta og lat det boble og surre i fem minutt til.

Når squashen er mør og vel så det, legg du den avsilte pastaen i gryta og blandar det saman med eit par matskeier parmesan, nokre gode klikkar smør og litt av kokevatnet, om du synest det verkar tørt. Smak til med salt, smør og pepar. Vives les courgettes!

Dagfinn Nordbø er satirikar og tekstforfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Snakk om å fordoble seg i heseblesande tempo! Det var nesten så eg kunne høyre dei vekse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis