JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Sportsvask i bakgarden

ISTANBUL: Kvifor får ikkje Tyrkia sola seg i glansen av eit OL eller EM? Er landet verre enn Kina, Russland og Qatar?
Og kvifor er president Erdogan så lite synleg i valkampen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reklame for armbandsur i Istanbul internasjonale lufthamn.

Alle foto: Håvard Rem

12620
20230428

Tyrkia og valet, del 1

Håvard Rem skriv frå Tyrkia, som i år markerer 100 år som republikk og held president- og parlamentsval sundag 14. mai. Etter tjue år ved makta vert Erdogan utfordra av ein storkoalisjon leidd av Kemal Kilicdaroglu.

Tyrkisk val

havard@dagogtid.no

Byen er den same gamle – 2700 år, sju år eldre enn då eg var her sist. Største synlege skilnad er at president Recep Tayyip Erdogan no ikkje er å sjå overalt.

Men sist var omstenda spesielle. I juli 2016 var Europas største by i unnatakstilstand under og etter den påståtte kuppfreistnaden der meir enn 300 menneske vart drepne og fleire tusen skadde. Det låg ei uhyggje over livlege Istanbul, Konstantinopel, Miklagard, Bysants.

Diskret president

Aggressive, regimetru demonstrantar fylte Taksim-plassen og hovudgata Istiklal, medan leiarbanner og raude nasjonsflagg dekte offentlege bygg, som i Garmisch-Partenkirchen under vinterleikane i 1936 og i Berlin under sumarleikane seinare same år, då nasjonalsosialistane sette verdsrekord i sportsvasking. Istanbul var like raud, med halvmåne og stjerne i staden for hakekross.

Faktisk var Hitler å sjå, han òg, for Mein Kampf var nett falle i det fri, 70 år etter at forfattaren døydde, og forlag fylte somme bokhandelvindauge med nyutgåver på tyrkisk. Som i Beirut sel dei religiøse bokhandlarane Koranen og Mein Kampf, medan dei litterære sel dikt og romanar – som norske Min kamp. Metropolane i Midtausten er splitta.

Menneska òg. Ikkje minst i Istanbul – millionbyen som er delt mellom to kontinent. Sundag 14. mai held Tyrkia eit uvanleg viktig president- og parlamentsval.

–?Denne gongen står det mellom despoti og demokrati, fortel ein tyrkisk ven.

Så kvifor er Erdogan då berre diskret til stades i bybiletet? Utanlands har presidenten vore godt synleg i vår, med uthalinga av Nato-medlemskapen til Finland og Sverige, med det store jordskjelvet søraust i landet. Kvifor held han då ein så låg profil i heimlandet, etter tjue år ved makta, så kort tid før valet? I Istanbul er eit fleirtal av valbuene og valbannera vigde opposisjons- og koalisjonsleiaren Kemal Kilicdaroglu ­–?som har samla seks innbyrdes motstridande parti og har støtte frå Det europeiske sosialdemokratiske partiet (ESP).

Etter Erdogan-kultusen eg såg i 2016, hadde eg aldri trudd at eg skulle koma attende til ein by der ein nordmann er meir synleg i bybiletet enn presidenten – tru det eller ikkje. Men frå den nye lufthamna ved Svartehavet til den gamle sjøhamna i Bosporos-sundet ser ein overalt bilete av Erling Braut Haaland – som om han var vendt attende til Miklagard etter tusen år, som ein av vikingleigesoldatane som rissa namnet sitt i runer i steinen på galleriet i Hagia Sofia.

Meisterligakamp

Eg har avtalt med nokre istanbulittar å sjå fotball på Corner, ein av dei mange irske pubane i byen, men me kunne eigenleg sett oss kvar som helst. Fjernsynsskjermane heng overalt, utandørs som inne, i Nevizade, ei av dei tallause restaurantgatene med overfylte utebord på båe sider, med gjester som etter midnatt gjerne dansar samla gjennom det tronge og hundre meter lange smauet.

Me ser ein kvartfinale i Meisterligaen, returoppgjeret mellom Manchester City og Bayern München i München, utan så mykje spaning etter to Haaland-mål i Manchester veka før.

Tyrkiske lag kan ein sjå langt etter på dette nivået, merkeleg nok, med så høg fotballfeber og 85 millionar innbyggjarar. Tyrkia har fleire innbyggjarar enn Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia og Spania, men i fotballverda er landet ein bakgard. Dei største stjernene kjem aldri hit –?sett bort frå laurdag 10. juni. Då går finalen i Meisterligaen på Atatürk Olympic Stadion utanfor Istanbul.

–?Eg trur Haaland kjem. Han er alt det Zlatan Ibrahimovic drøymde om å verta, seier ein av tyrkarane kring bordet på Corner. Dei ser på han som skandinav.

–?Er han ikkje dansk, spør ein annan.

Som ein tyrk

Ein skandinav, ja ­– viking eller veiking? Og tyrkaren ­–?type eller tapar? Kva anna enn ein meir neddempa president skil Istanbul frå dei dramatiske kuppdagane for sju år sidan? Dempa er òg raseriet frå den gongen – ope hjå Erdogan-tilhengjarane eg såg, løynt hjå motstandarane eg møtte. I staden ser ein overalt ein kvardagsleg irritasjon og argskap, spegla i uttrykket «som ein tyrk».

Det har forfattarane våre klistra på tyrkaren heilt sidan Ludvig Holbergs tid – då osmanane kriga og tyrkar tydde heidning. Mange har nytta det, finn eg ut: «utålmodig som en tyrk» (Jonas Lie), «hissig som en tyrk» (Jon Michelet), «gal som en tyrk» (Helge Ingstad), «sint som en tyrk» (Vilhelm Krag, Ragnhild Jølsen, Oskar Braaten, Astrid Lindgren, Torborg Nedreaas, Ragnhild Magerøy, Anne Karin Elstad, Frid Ingulstad, Mari Osmundsen, Line Baugstø), «rasende som en tyrk» (Herman Wildenvey), «rase som en tyrk» (Bjørnstjerne Bjørnson, Ove Røsbak), «bannet som en tyrk» (Vilhelm Krag, Selma Lagerlöf, Johan Bojer, Nils Kjær, Bergljot Hobæk Haff, Tove Ditlevsen, Jon Michelet, Gunnar Staalesen, Kim Småge), «skældte som en tyrk» (Hans E. Kinck), «skjente som en tyrk» (Dikken Zwilgmeyer), «illskreik som en tyrk» (Hans Børli), «løyet som en tyrk» (Hans Jæger), «knoga som en tyrk» (Finn Alnæs) og «svor som en tyrk» (Jon Michelet).

På nynorsk òg: «vill som ein tyrk» (Jakob Sande), «arg som ein tyrk» (Johannes Heggland), «vond som ein tyrk» (Rasmus Løland), «sinna som ein tyrk» (Hans Seland, Olav Sletto, Jakob Sande, Arthur Klæbo), «banna som ein tyrk» (Arne Garborg, Vetle Vislie, Herbjørn Sørebø), «skjeggut og morsk som ein tyrk» (Jakob Sande), «dømde som ein tyrk» (A.O. Vinje), «fare fram som ein tyrk» (Olav Duun), og «bori seg som ein tyrk» (Tarjei Vesaas).

Berre unnataksvis vert uttrykket positivt ladd: «vakker som en tyrk» (Marita Liabø).

Røyk og inflasjon

I bokheimen vert tyrkaren spegla som rasande – og dampande på ei vasspipe. Ingen røyk utan eld: Samtalar på gata har eit kroppsspråk og ljodnivå som på norsk tyder fyll eller full krangel. Karar i stridande alder liknar Sopranos-parodiar, misnøgde, irriterte, bannande og konstant sigarettrøykjande.

Det har dei grunn til. Uvanleg låg rente og høg inflasjon har auka prisen på ein pakke sigarettar frå 18 til 36 lire, frå ti til tjue kroner. Slikt får dei til å røykja meir.

Dei hissige, foruretta armrørslene signaliserer at einkvan ikkje gjer jobben sin – anten det er mor heime, sjefen i butikken eller presidenten i Ankara.

Sinnet til tyrkarane syner seg å vera like utvendig som kulda til japanarane. Bryt du isen og kjem i samtale, er dei venlege og omtenksame.

Ein vil gjerne smila av den tyrkiske maskulinismen. Som i andre patriarkalske kulturar er han prega av ein oppvekst som mors yndling, mama’s boy, mammagut, men når gutane no verkar meir krenkte og irritable enn vanleg, er det ikkje utan grunn. Dei er patriarkemne med svekt forsørgjar­evne. Både arbeidar- og mellomklassen er råka av dårleg råd. Det kan avgjera valet.

Mindreverd og stordom

Tyrkisk og japansk kultur har endå ei sak sams: Urbaniseringa og moderniseringa har gått så snøgt at kjønnsrollene ikkje har rokke å endra seg tilsvarande. Hjå oss kom Et dukkehjem (1879) for snart 150 år sidan.

Ein vanleg føremiddag kjederøykjer tyrkaren slik ein nordmann berre gjer når kjenslene rasar –?i sorg, i stress, i svir eller kunstnarleg raptus. Kunstnarsinnet, meinte Agnar Mykle, er ei eksplosiv blanding av stormannsgalskap og mindreverdskjensle.

Tyrkarane har dobbelt av båe. Seint i historia skaut dei seg inn mellom Arabia og Europa, her i Anatolia. At dei som nykomarar vart sette ned på av både europearane og arabarane, kjenner dei på i dag òg, som tenarar for rike arabarar og europearar, anten i heimlanda deira eller her i sitt eige heimland. Ein tyrkar fortel:

– Erdogan sel landet vårt. Ein utlending som kjøper fast eigedom for 400.000 dollar eller meir, får tyrkisk pass på tre månader.

I tillegg til dei rike arabarane slit dei med dei fattige – kring seks millionar flyktningar som er betre muslimar enn dei sjølve.

– Dei vil jo til Europa, men Erdogan har ein avtale med EU og lèt dei ikkje fara.

Det doble mindreverdet er blanda med ei dobbel stordomskjensle. Tyrkarane har ein gullalder som ikkje berre er langt større enn den norske, men som ligg langt nærare i tid òg. Vikingtid og Noregsvelde for nær tusen år sidan var i alle høve småtteri mot Det osmanske riket, som enda for berre drygt hundre år sidan.

Og til den osmanske stordomen kjem den islamske – både verdsrike og verdsreligion. Strengt teke høyrer jorda dei til –?slik ho før nyare tid høyrde til dei kristne òg.

EM-søknader

At Uefa har gjeve Meisterliga-finalen til Tyrkia, har ikkje hendt sidan 2005. Dei har søkt og søkt om meisterskapar. Og det er ikkje stor og god nok stadion det har stått på. Atatürk Olympic Stadion er nokså ny og tek 75.000, oppkalla etter landsfaderen Mustafa Kemal Atatürk (1881–1938). Men Olympic? Har Tyrkia nokon gong vore vertsland for ein olympiade?

Nei. Erdogan kom til makta i 2003, og Atatürk Olympic Stadion vart bygd til sumar-OL i 2008, som Tyrkia var eit av søkjarlanda til, men som me veit –?til sjuande og sist gjekk leikane til Kina. Dei enorme ressursane kinesarane nytta på leikane, såg eg i Beijing hausten 2007. Men det var ikkje ressursane det stod på då Erdogan ville spegla seg i eit OL. Heller ikkje høg nok demokratigrad. OL og VM har gått til land som Kina, Russland og Qatar. Kva står det på då? Politisk stabilitet?

Det er nesten så ein får vondt av tyrkarane. Atatürk Olympic Stadion vart ikkje berre bygd for sumar-OL i 2008, men for fotball-EM same år. Tyrkia tapte den kampen òg.

Faktisk har Tyrkia søkt om å få vera vertskap for dei fem siste europameisterskapane i fotball – og tapt kvar gong, frå 2008 til 2024, i Erdogans leiartid, med andre ord. Og det jamvel om søkjarlanda har vorte færre – av di færre land kan eller vil ta seg råd til det, kan henda av di dei ikkje kjenner at dei har så mykje politisk skitentøy å vaska. Berre to land søkte om få halda EM neste år, Tyskland og Tyrkia. Tyskland vann.

Hadde det ikkje vore meir stas for presidenten å få internasjonal merksemd ved å hysa eit EM enn ved å nekta Sverige Nato-medlemskap?

Men han gjev seg ikkje. No i april leverte Tyrkia inn søknad om å få halda EM i 2028 og i 2032. Då er Erdogan høvesvis 74 og 78 år gamal.

Kan henda aukar det sjansane til Tyrkia om han tapar valet – gjeve at han godtek eit eventuelt nederlag i mai.

– Gjer han ikkje det, vert det borgarkrig, seier ein av tyrkarane kring bordet.

I så høve vert det neppe noko EM her. I Meisterligaen har tyrkiske klubbar to gonger nådd kvartfinalen. Dei beste resultata høyrer til tida før Erdogan. Kvifor? Ein av tyrkarane kring bordet fnyser:

– Nei, det er som med så mykje i dette landet: korrupsjon. Pengane går til eigarar og bakmenn, ikkje til utvikling og spelarkjøp.

Rådgjevarane

Haaland scorar. Real Madrid står no mellom han og Istanbul i juni. Då er valet avgjort. Ein eventuell andre valomgang kjem 28. mai. Men kvifor ligg Erdogan så lågt i valkampen? Dei neste dagane spør eg fleire. Er det av di det framleis er nokre dagar att av ramadan? Vil han av vørdnad for dei religiøse venta med å starta valkampen til etter fastemånaden?

Nei. Eg får ikkje napp korkje hjå dei religionskritiske eller Erdogan-kritiske eg spør –?ikkje sjeldan er det same folka. Men éi forklåring høyrer eg frå fleire.

– Han har smarte rådgjevarar. Dei har skjønt at veljarane har nådd eit mettingspunkt. Etter at han gjorde det dårlegare enn venta i lokalvala i 2019, har dei rådd han til å stå fram som mindre aggressiv og støyande og meir presidentaktig. Men det vil ikkje seia at han tek det med ro. Tyrkia har 81 valdistrikt, og han avlegg kvart av dei to vitjingar.

Det fortel ein ung kar som driv eige firma. Han kjem frå søraust i landet, nær grensa til Libanon og Syria, og er samstundes moderat religiøs og vestleg orientert. Han vonar Erdogan ikkje vinn valet.

Ein eldre politisk kommentator og regimekritikar har ein liknande analyse:

– Frå det påståtte kuppet i 2016 til valet i 2019 såg ein Erdogan-bilete overalt. Då han gjekk attende i valet, endra dei strategi. Når han likevel kontrollerer dei store media, vert det for mykje med visuell propaganda i tillegg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis