JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Søledam

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

6785
20230106
6785
20230106

Det var svært haustleg, og eg passerte søledammar på turen eg går kvar dag. Speglinga av himmelen var skiftande skydekke, og dammane var heilt grå. Men det var fleire sølepyttar enn søledammar eg skritta over, for dei eg skritta over, var ikkje på ein sølete veg, det var i små fordjupingar på fortauet. Eg visste jo at det var regnvêret som laga pyttane, men kvifor det var fordjupingar, det ante eg ikkje.

Eg bøygde meg over ein pytt for å glane ned i han, og han dekte seg til med alt dagslyset eller det grå lyset frå skyene, og med eitt var vinden der og la ei lang rynke over sølevatnet, som endå ei tildekking. Det var som eit ekko av eit av dei kjende fragmenta av den greske filosofen Heraklit: «Naturen elskar å dekkje seg til.»

I det eg flytta meg, landa to sporvar og tok til å drikke av sølepytten. Dei drakk svært stille, så gnei dei nebba mot fortauet, like over vatnet, og sidan det var kaldt, hadde dei blåse opp kroppen. Eg har lese at fuglane har ein annan kroppstemperatur enn vi, som om det var grunnen til dei oppblåsne kroppane, ettersom dei fraus lettare; dette ante eg ikkje noko om, for eg har lese for lite om sporvar.

Mot den eine skosolen min kom ein svart maur, liksom han hadde gått seg bort. Eg kunne sjå dei to lange antennene som stakk opp frå hovudet, dei vibrerte, som om dei berre rista, og no tenkte eg at han skulle ha vore innomhus, saman med tusen husmaur som levde av dei smulane som fall mellom golvbordplankane i eit av dei mange husværa på begge sider av fortauet, og som konstant prøvde å finne ei sukkerskål inne i eit lukka kjøkkenskåp.

Mauren heldt fram med å dukke opp framfor tuppen på den høgre skoen min, og eg snudde meg for å sjå om han var på veg mot sølepytten og dei to ivrige sporvane. Han stoppa, som om antennene fortalde om sporvane, og at om han ikkje snudde, så ville han gå ein sikker død i møte.

Det bles så mykje at ei avis, eg trur det var ei av dei raude sidene til sporten i VG, flaksa som ei høne før ho landa på ei trapp ved sølepytten. Den sida som vende opp, viste fram eit bilete av ein fotballspelar, ein som spelte på Enga. Heile avisa stod på tynne avisbein, som eit vått og skrøpeleg korthus. Så kom det meir vind som tok med seg eksos frå Thereses gate, og avisa fall ned trappa og landa på ryggen, midtsida delte seg opp, og no var det fotballaget Tromsø og Gutan på bildet.

Sporvane letta og drog sin veg på raske venger. Så høyrde eg to håse kråker, og eg fekk ikkje med meg det som stod på den opne avissida, og no hadde vinden bladd over endå ei side. Så høyrde eg ei skjor, og i den samiske folketrua er skjora heilag. Dei to kråkene larma med håse rop, eller kva det no skal kallast, kven som blei lokka av den håse songen, det ante eg ikkje. Eg har lese ein plass at kråker er ein av dei verste overgriparane i fugleverda, men eg undrast over empirien: Kvar var dei som undersøkte dette, og kva fekk dei sjå?

Songen eller dei håse ropa frå kråkene står på ein måte til det skarpe og stramme nebbet og den svarte nakken og halsen til kråkene. Heile kråka er skummel, har ein hard utsjånad og eit av dei mest autoritære andleta i fugleverda, det er berre ørn som har strengare andlet.

Eg gjekk frå fortauet og mot trikkeskjenene etter Adamstuen for å sjå etter spora mot krysset Sognsveien/Kirkeveien, og fekk sjå ein skikkeleg søledam mellom skjenene. Jan Erik Vold skriv om trikken «at den går i engen», og det fekk meg til å sjå etter trikken, men eg såg han ikkje, eg rusla mellom spora, og eit stykke frå krysset fekk eg sjå ein søledam, han låg mellom to grøne tustar som hadde piggsveis, eller militærsveis, og heile søledammen var skinande grå.

Idet eg kom nærare, kunne eg sjå at det var eit eikelauv som låg i dammen, og eg kunne sjå at det låg ein larve inne i det svakt krumma lauvbladet, og det som eg trudde var trynet eller kva det no heiter, var mørke prikkar, resten av den krumme kroppen var grøn, som ein type kamuflasje, som om også den ville dekkje seg til og halde fram med å vere dekt til, som om naturen har ein filosofisk idé om å vere tilbakehalden, som om det ville vere ein større grunn til å overleve.

Då ville det filosofiske gå frå å vere ein idé til å bli ei praktisk sak, og då ville alt det ettertenksame bli som Borte med blæsten, for å sitere den danske tittelen på Hollywood-filmen som på norsk blei heitande Tatt av vinden.

Da såg eg ein makk som stakk det bleike hovudet sitt opp av molda, og eg ante ikkje om han var på veg mot sølepytten, som om han var tørst og vêra vatnet i pytten, han kom ut av molda, lang og så å seie gjennomsiktig, som om han mangla noko å dekkje seg bak, som om han var i opposisjon mot Heraklit. Som om alle makkane og alle blautdyra var skeptiske til «den greske deliske dykkaren», som han blei kalla.

Men ei grøn grashoppe verkar også avkledd; attributtane var som å sjå innsida på utsida, som om ho hadde kraftige fjør, som fekk henne til å flyge vekk. Eller var det ei fjør med veng, ei vengefjør, eg veit ikkje, det er så mykje underleg i verda til insekta at ein blir heilt mo i knea. For det kom ein augestikkar, og han stod heilt stille over pytten, og eg kunne høyre at det summa frå vengene, før han skaut fart mot ein busk og blei borte. Den pågåande makken åla seg ut frå molda, mot sølepytten, og han var ikkje meir grå av den overskya himmelen, for no hadde ljoset dukka opp, og speglinga i pytten var blå med svart bakgrunn.

Men så kunne eg høyre at det tok til å regne, og no blei sølepytten grå med ein djup mørk farge, det var søla som stakk seg fram, og det regna rundt meg på alle kantar. Det var eit rom av fallande dropar, og eg høyrde dropar falle langt frå meg. Av heilt mystiske grunnar blei eg roleg, og eg tenkte på alle lydane eg høyrde, og alle dei insekta eg såg som eit metafysisk mirakel på ein vanleg tysdag.

Augestikkaren vart borte, og eg tenkte på eit dikt av Rolf Jacobsen om å sjå Guds hjarte, som ikkje er mogeleg, og så skriv han om det å kjenne regnet over hendene som eit daglegdags under. Eg høyrde så eit svakt kvekk, og ein frosk kikka på meg med sin urgamle utsjånad, og eg glante på forlabbane hans og såg på symjeføtene på baklemmene, eller kva det no heiter. Det såg ut som han kom rett frå dinosaurens tid, og det litt flattrykte hovudet var i slekt med krokodiller.

Eg kvapp ein gong til, for høgt over meg kom ei rekkje med gjæser i vakker plogformasjon, og eg ropte høgt: «Akka frå Kebnekaise.» Då høyrde eg trikken kom ned frå Rikshospitalet mot Bislett, så eg gjekk frå trikkesporet mot fortauet, og den havarerte avisa hadde flaksa bort.

Eg kunne ikkje fri meg frå å tenkje på larven i eikelauvet, makken og frosken, og det å sjå så mykje snålt på ein vanleg tysdag.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar og
fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis