JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Smelting i fjellet

HOVDEN: Slik jarnsmelting i fjern fortid gav liv til fjellbygdene, kan snøsmelting i nær framtid ta livet av dei same bygdene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På ein pynt i Hartevatnet på Hovden ligg tusenårsstaden til Bykle kommune, ein skulptur med ein rustraud jarnklump.

Alle foto: Håvard Rem

10876
20221111

Langfjella

Del 8. Hovden

I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje.

24.6. Del 1. Hjerkinn

2.7. Del 2. Lesja

8.7. Del 3. Lærdal

15.7. Del 4. Hemsedal

21.10. Del 5. Rjukan

28.10. Del 6. Rauland

4.11. Del 7. Røldal

havard@dagogtid.no

Frå Røldal (400 moh.) går ferda mot Hovden (800 moh.), langt frå kysten. Kyst er fisk og ferdsle, fjellheimen er fallhøgd. Levande vatn kjem frå alle kantar no seinhaustes. Regn og innsjøar, fossar og stryk, bekkar og sjølvaste Otra. Her oppi fjellheimen møtest fire fylke: Rogaland og Hordaland, Telemark og Agder.

Agder-fjella

Agder, ja, som halvt sørlending er det dels der eg kjem frå, og Hovden ligg i Agder, men kjennest borte. Agder-namnet galdt opphavleg kysten. Ein egdsk fjellheim lydde som ei sjølvmotseiing. Men fjellstrok vart ikkje eigne fylke.

På rutebilstasjonen i Arendal stod ein snodig buss, med ein bakpart utan vindauge, eit digert lasterom til storfe og landbruksmaskinar. Der vindauga skulle ha vore, stod det Setesdal Bilruter, med L/L framanfor, lutlaget, AS. På Arendal gymnas var me uvitande om at Agderkysten berre tiår før var rekna til Vestlandet, og kystmålet til vestlandsk. Så me herma medelevar frå dei indre bygdene. Målet deira var annleis.

Stadnamna òg. Når ein ikkje lenger ser Skagerrak, får stadene namn som Mjåvatn og Hinnebu, Hynnekleiv og Lislevatn. Kring Evje kjem dyrenamna, Bjorland og Galteland, slik det på dodørene i Evje-kafeen ikkje står herrer og damer, men okse og kyr, med bilete av elg. Kring Hovden vert namna endå rarare: Sæsvatn og Lislefødd, Geiskelid og Glidbjørg.

Ein kar ventar på haldeplassen Glidbjørg for å få ein mystisk pakke, midt i øydemarka, men bak neste sving er me i ein fjellby, Hovden.

Fjellmjuk

Fjellbygdene er det gamle namnet på området kring Hovden inst og øvst i Agder. Medvitet om Noreg som fjelland er svekt, dels av den naudsynte merksemda om Noreg som kyst, dels av fråflyttinga, dels av luftfarten som forsiktig sagt har endra ferdsla over fjella.

At fjellet meir er vorte ein stad me vitjar enn bur, gjeld for ski- og hyttesenteret Hovden òg. Fjellorda kjem sjeldnare på vitjing i daglegtalen. Smak på dei – fjellsmør, fjellkost, fjellfeit (om frodig fjellgras), fjellmat (mjølkeprodukt frå setra) og fjelltaus (seterjente). Når kjende du deg sist fjellmjuk (sansevar og mjuk i hugen)? Når høyrde du sist i fjellufta ein fjelltone (folketone frå ei fjellbygd) eller berre fjellstilla?

Kor svak fjellidentiteten er vorten, merkar eg særleg her i den sørlegaste delen av Langfjella. Gløymde er namna på fjellområda – Austheiane og Vestheiane. Meir kjent er namnet på dalen dei dannar mellom seg –?Setesdalen.

Teikning: Mirjam Clement

Storbytriangelen

Det er vondt å skjøna norsk soge om ein ikkje ser henne i skuggen av Langfjella. Dei ligg mellom dei tre byane som historisk sett har vore hovudstadene våre –?Trondheim, Bergen og Oslo. Storbytriangelen vart bunden i lag med jarnbanen, Dovrebanen og Bergensbanen, men fyrst med luftfarten vart fjellheimen overvunnen.

At ferdsla mellom dei tre hovudstadene i dag er vorten ein av dei mest flytrafikkerte storbytrianglane i verda, kjem ikkje av folketettleiken, for me er ikkje så mange i dette landet. Nei, det kjem av Langfjella, som gjer anna ferdsle vanskeleg – og sjølvsagt av at me ikkje har fylgt opp dei nemnde jarnbaneprosjekta med moderne snøggtog. Dei har fjell i Japan òg, og der tek dei 55 togmila frå Tokyo­ til Osaka –?som frå Oslo til Trondheim eller Bergen – to timar og tre kvarter. Med bil tek dei sju timar.

Fjella som skil

I Bergen stod eg ein gong ved Håkonshallen, eit monument over Noregsveldet og stordomstida på 1200-talet, med spørsmålet: Kvifor fall Noreg frå kvarandre etter svartedauden? Dødstala var omlag som i grannelanda, men dei kom seg på beina att. Det gjorde ikkje Noreg. Kvifor ikkje? Fall riket frå kvarandre på grunn av avstandane og Langfjella?

Andre langfjell og alpar står gjerne som eit skilje mellom land og rike. Pyreneane skil Spania og Frankrike, Alpane Italia og Sveits. Kjølen i nord skil Noreg og Sverige. Langfjella skil eitt rike i to. I verket Geographie eller Jordbeskrivelse (København, 1779) skreiv Ludvig Holberg: «Det er forbudet, at ingen maae drage over Hardanger Field efter Bartholomæi Tid, og inden Korsmisse eller Maii-Dag om Vaaren, at de ikke skulle overfaldes av Snee, og forvildes paa Veien eller blive borte i den tykke Snee.»

Skattkammeret

Men på den andre sida: Langfjella har vore og er eit kjøtkammer av rein, eit kraftkammer av vassdrag og eit skattkammer av metall og mineral.

Smelting sytte for den fyrste faste busetjinga på Hovden, slik smelting kan syta for at busetjinga no vert den siste. Smelting? Ja, om snøsmelting trugar Hovden-samfunnet i dag eller i morgon, var det jarnsmelting som gav Hovden-området liv i gamle dagar.

Myrmalmførekomstane var omfattande, og jarneksporten herfrå for tusen år sidan var ein føresetnad for vikingtida og Noregsveldet. «Analyser frå Gokstadskipet fortel oss at delar av jernet som vart brukt der, kom frå Agder», heiter det i informasjonen om Hovden Jernvinnemuseum, bygd kring ei blestertuft, «ein stad der myrmalmen – som er rustraud torv som vert spadd opp frå myrene ­­– ved hjelp av varme vart reinsa for organisk materiale og stein, og til sist smelta slik at det som då lå låg att, var ein jernklump».

Myrmalmen kring Hardangervidda var verdfull. Den rustraude fargen gav namn til Rauland. Næringa var i gang i folkevandringstida kring 500, med rein som attåtnæring eller motsett. Frå ein annan kant av vidda, øvst i Numedal, gjekk jarnet austover til Kaupang, men frå Hovden gjekk det nok mot vestkysten, der me no veit at Osebergskipet truleg vart bygd.

The Village

Eg fylgjer ein sti attmed Otra mot Jernvinne­museet. Det er stengt, men eit skilt fortel at eg kan få museumnykelen i The Village, eit campingområde heilt nede ved Hartevatnet. Eg går dit.

Det vankar ikkje språkpris om ein skipar ein restaurant i Langfjella og kallar han The Village, og truleg ikkje byggjepris heller, om ein reiser restauranten som ein geodom, men kan henda klimapris? Ein geodom, eller ein geodesisk kuppel, er eit kuleforma bygg sett saman av trekantar, med lågt forbruk av materialar og energi. Geodomar vert nytta som planetarium og drivhus, som paviljong på verdsutstillingar, ja, som privatbustad, hotell og matstad òg.

Eg er svolten og slår meg ned i kuppelen, med utsyn mot himmelen og Hartevatnet. Det er godt å vera her, og opningstidene til det sjølvbetente Jernvinnemuseet er det no eg som styrer. Eg kjem i prat med Jason Sharp som driv The Village.

I ein geodom på Hovden driv Jason Sharp, frå The Village på Manhattan, utestaden The Village.

Få frisinna

På denne tida i fjor budde eg ei veke i The Village på Manhattan. Det er der Jason kjem frå, og har henta restaurant- og barnamnet frå, som for å innlemma ei norsk fjellbygd i den globale landsbyen.

I verdsmetropolen dreiv han det stort som fotograf, men tykte kvardagen vart hektisk, og såg etter noko heilt anna.

– Korleis hamna du på Hovden?

–?Ein av modellane eg arbeidde med på Manhattan, kjem frå Søgne.

?Frå Søgne ved Kristiansand? Så du tok ein ...

– ... ein Rockefeller?

Han ler godt. Steven C. Rockefeller var den amerikanske milliardærarvingen som i 1959 gifta seg med søgnejenta Anne Marie Rasmussen. Jason vert alvorleg:

– Noreg er eit godt land for ei skapande sjel som meg. Det er ikkje for mange frisinna her, men de tek godt vare på dei frisinna.

Snøsmelting

Denne vinteren vert den fyrste han ikkje held The Village open. Ein bargjest og hytteeigar frå Kristiansand kommenterer:

– Det vert eit stort sakn, men straumprisen er vorten for høg.

Karoline i baren, som har flytta heim og er av dei få på Hovden som pratar Hovden-mål, ser dystrare på det:

– Kva hender med Hovden og alle me som bur her, dersom snøen forsvinn?

Førebels er Noreg lite råka av den globale oppvarminga – likar me å tenkja. Ja, me mislikar det òg. Det gjev dårlig samvit. Me er vortne søkkrike av å bidra til ei oppvarming som meir råkar dei som taper på henne.

Men i Langfjella er oppvarminga komen. Nede ved kysten tenkjer me at det nok vert ugreitt ein gong i framtida. I fjellheimen tenkjer dei at det er ugreitt her og no.

For høg straumpris kjem i lag med for høg temperatur. For høg tregrense kjem i lag med for høg snøgrense. Den dagen du les dette, er det meldt 11 varmegrader på Hovden, nær tusen meter over havet, midtveges i november. Det er godt over middeltemperaturen for juli.

På afrikanske høgfjellsplatå gløymer ein nordmann høgda av di alt er grønt. Klimaet er varmare, men ikkje for varmt. Høgfjellslandet Rwanda er av dei grønaste landa eg har reist i. I sør gjer høgda landskapet grønt, i nord kvitt.

Hardangervidda ligg på 1200 moh., som Kigali, hovudstaden i Rwanda. I Langfjella kjem tregrensa krypande – attende. Vidda har vore dekt av både grøn skog og kvite brear. Får Langfjella att temperaturane frå yngre steinalder, vert skiheisane hengjande og ruste, jamvel om ein skulle ha kraft og råd til å driva dei. Det vil øydeleggja arbeidsplassane på Hovden –?ja, hytteprisane òg, om det fyrst og fremst er dei som uroar deg.

I regnklede for å sjå jarnklumpen ved Hartevatnet.

Snøkanonane

I byrjinga av tusenåret vart eg eit tidleg offer for global oppvarming. Ei helg sist i november fekk familien høve til å dra opp i fjellet for å køyra slalåm og ta vinteren på forskot, men vart møtte av mildvêr og ei nervøs stemning. I bakken gjekk snøkanonane for fullt. Dagen etter var det venta storinnrykk. Fekk ein ikkje opna bakken, var det krise.

Dei fekk opna. Eldstesonen og eg var i den fyrste gruppa som drog opp med skiheisen, og med hundre kilo i hockey var eg fyrst i løypa ned. Under meg såg alt kvitt og fint ut no. Øvst i bakken var det så kaldt at ein ikkje trong snøkanonar. Med eitt bråstogga skia. Eg fòr gjennom lufta. Dei som kom rett bak meg, svinga skremde ut til sidene.

Ein hadde hatt så hast med å få opna bakken at ein ikkje hadde teke seg tid til å merkja overgangen frå hard natursnø til blaut kunstsnø. Skamslegen kom eg meg i halv fart ned til hytta. Frå lækjarvakta gjekk det i sjukebil til næraste by og kirurg. Handleddet var brote.

Ein såg då på den milde tidlegvinteren som eit avvik. No veit ein betre eller verre.

I Røldal, som eg skreiv frå førre veke, reklamerer dei no med den største og mest stabile snødjupna i landet. På Hovden fryktar dei framtida.

Utanfor The Village, på ein pynt som stikk ut i Hartevatnet, ligg tusenårsstaden til Bykle kommune. I ein monter midt i Paul Brand-skulpturen ligg ein klump, som sjølve hjartet til Hovden. Hadde han vore ein snøklump, ville han ha smelta. Nei, den rustraude jarnklumpen som vart funnen i Otra ein gong i 1960-åra, er tusen år gamal, og toler tusen år til, sjølv om framtida vert regn og atter regn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis