JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Raggi er heimkomen

Island er eit av dei få landa i verda som kan fortelje heile historia si. Men å ha oversikt over alle islendingane er ikkje lett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Laurdagen starta så fint med solskin, men snart skya det til over Siglufjör?ur, og i kyrkja skulle det vere gravferd for Ragnar ¿ór Steingrímsson.

Alle foto: Hallgeir Opedal

21040
20231006

Island rundt

Sommaren 2023 sette Hallgeir Opedal seg i leigebilen Bjartur for å køyre den 1332 kilometer lange Ringvegen rundt Island. Dette er vegrapporten hans.

Dag sju–åtte:

Siglufjör¿ur–Sau¿árkrókur–Glaumbær–Bifrost–Reykholt

342 kilometer

«Deyr fé,

deyja frændr,

deyr sjalfr it sama.

Ek veit einn, at al¿rei deyr:

dómr um dau¿an hvern.»

Bevare meg for ein gild sommarmorgon i Siglufjör¿ur! Og tenk du på det: Langt ute i det uendelege universet har sola brunne i meir enn 4,6 milliardar år og kasta kaskadar av energi og stråleglans i alle retningar, også mot vår vesle klote, og dei siste 20 millionar år også mot Island.

Ja, som denne laurdagsmorgonen i juni 2023, då skydekket her på nordkysten endeleg har rivna, slik at lyset og varmen brått treffer hav og fjell og vidder og snøfenner og moltemyrar og dalbotnar og fjordar og fiskebåtar og den austvende lia i Siglufjör¿ur med sine fargerike hus og bølgjeblekktak, og heilt ned i sentrum med sildemuseum, sildemåsar, kyrkje, hotell og andletet mitt, her eg står på terrassen. Sollyset og den slørblå himmelen er ein slik opplyftande kontrast til det tåketunge gråregnet i går. Her er jo vakkert! Men varmt er det ikkje, kjenner eg, det er denne isande nordavinden. Han herjar hardt med flagga som piskar på halv stong.

I går kveld sjekka fleire gravferdsgjester inn på Siglunes hotell, og det kjem til å bli trongt i frukostsalen. Det er derfor eg no hastar ned trappa frå annekset, ut i gata, langsetter murveggen, og dreg opp den tunge, turkise døra, skundar meg gjennom salongen og vidare inn i matsalen.

Yes, eg er fyrst, eg kan velje bord! Eg set meg sjølvsagt ved det runde bordet der forfattaren Hallgrímur Helgason skreiv bøkene sine om det islandske sildeeventyret. Eg skjønar kvifor han valde dette bordet. Herifrå har ein full oversikt over kven som går inn og ut av matsalen, ein ser inn på kjøkenet og til resepsjonen, og lyftar eg blikket og fokuserer, kan eg til og med sjå når det kjem folk inn hovudinngangen.

Snart etter strøymer islendingane inn, trøytte med blanke auge og tungt hovud. Det gjekk livleg føre seg i baren i natt, og heller ikkje no verkar dei synleg prega av sorg og sakn. Praten går livleg rundt borda, og ein skjemtegauk i sekstiåra og svartdress veit å elde dei andre opp. Låtten buldrar.

Det var på sildemuseet i går at eg fyrst høyrde om gravferda til Ragnar ¿ór Steingrímsson eller Raggi, som han blei kalla. Der nemnde dei ho i ei leddsetning, men sidan fortalde kona til sauebonden Jóhannes at dei òg skulle i gravferda. På leikeplassen i går hamna eg i snakk med ei småbarnsmor som var komen frå Reykjavík for å vere til stades.

Nei, ho kjende han ikkje, ho var ikkje herifrå, men frå Bú¿ardalur inst i Hvammsfjör¿ur. Støvel­fjorden som ho sa. Støvelfjorden? Frå lufta ser fjorden som ein støvel, meinte ho og synte meg kartet på mobilen sin.

– Det er akkurat som eit omvendt Italia, sa eg.

– Ikkje sant? Eirik Raude budde der, før han fór til Grønland.

– Nettopp.

Men mannen hennar, han var oppvaksen i Siglufjör¿ur og kjende Raggi. Ja, alle her kjende Raggi, og det ville kome mykje folk frå bygdene ikring, meinte ho, og så hadde han stor slekt. Åtte sysken og ei halvsyster, og dei var nok daude, dei fleste, men etterkomarane ville kome køyrande frå ulike stader i landet. Sjølv budde Raggi i ei blokkleilegheit i Reykjavík dei siste åra, ikkje så langt frå Kringlan, det største kjøpesenteret i hovudstaden, men han var no fødd i Fljótum, tvers over fjellet i nabofjorden Skagafjör¿ur, og det var her nord han ville jordast. Raggi var komen heim for godt.

Mens eg et frukost, leitar eg fram nekrologen hans i Morgunbla¿i¿. Eit svartkvitt fotografi syner ein mann i sikspens som myser mot kameraet. Han smiler tilgjort, sannsynlegvis etter oppmoding, «smil då, Raggi», og blottar tannkjøt og sju–åtte overtenner. «Ragnar ¿ór Steingrímsson var fødd på Stóra-Holti i Fljótum 22. februar 1952», les eg på mobilen. «Han døydde i heimen Hamrahlí¿ 17 den 22. mai 2023. Foreldra hans var Steingrímur ¿orsteinsson, f. 1915, d. 1997, og Gu¿björg Svava Sigur¿ardóttir, f.», men så er det brått slutt, og om eg vil lese kva tid mor hans var fødd, må eg kjøpe abonnement eller papiravisa.

Med tanke på lønsemd er det eit lurt trekk å legge nekrologar bak betalingsmur, for dei er populær lesnad, og derfor bruker avisene mykje plass på minningargreinar. Morgunbla¿i¿ har som uttalt mål at ikkje éin islending skal forlate det jordiske livet utan han eller ho blir omtalt i deira spalter. Og det er ikkje slike knipne einspaltarar som ein kan lese i Aftenposten og Bergens Tidende. I Morgunbla¿i¿ kan ein skrive tre tusen teikn, og eit venesælt menneske får gjerne fleire nekrologar som til saman kan fylle både éi og to avissider.

Nekrologane er bygde over same lest som den til Raggi, der ein fyrst set den avlidne inn i ein familiær samanheng. Kor var han fødd, og kor døydde han. Deretter er det namn på foreldre, sidan sysken, nokre gonger besteforeldre òg, og det kan bli ei lang oppramsing av namn og årstal. Fyrst når alt det biografiske er på plass, byrjar skildringa av livslaupet. Så kvifor desse sagaaktige innleiingane? Fordi islandske namn er aldeles ubrukelege til å identifisere eit menneske. Når ein islending presenterer seg for ein framand landsmann er det vanleg å spørje: «Hverra manna ert ¿ú?» Kva folk er du av? Namna seier jo ingenting om kva familie ein høyrer til.

Det mest brukte etternamnet er Jónsdóttir, og av dei finst det over sju tusen, og nær like mange heiter Jónsson. Som vel skulle vere kjent, har ikkje islendingane familienamn i vanleg forstand, men patronym eller metronym. Ein tek altså namnet til mor eller far og slenger på eit -son eller -dóttir. Slik dreiv vi på i Noreg òg, noko Kristin Lavransdatter er eit døme på, men vi slutta takk og pris med det, for det er upraktisk om ein likar å ha oversikt. Og islendingar flest vil ha oversikt.

Så korleis klarar ein å skilje alle desse jónsdøtrene og jónssønene frå kvarandre? Jo, førenamn hjelper litt, og derfor er det vanleg å ha to av dei. I telefonkatalogane står islendingane oppførte etter førenamn, og når folk tiltaler kvarandre, brukar ein som regel førenamn, anten ein er bonde, byråkrat, fiskar, prest eller president.

Ein kan ikkje ta kva førenamn som helst. Namngjeving er regulert med eit offisielt namneregister, der om lag 1700 gutenamn og 1850 jentenamn står oppførte. Om nokon vel eit namn som ikkje står i registera, blir det ei sak for Mannanafnanefnd, personnamnnemnda. Det er nokre grunnreglar for å godkjenne eit nytt namn: For det fyrste må namnet vere tilpassa islandsk uttale og grammatikk, det siste inneber at namnet må kunne endre form etter islandsk bøyingssystem. Kan ein slenge på eit -son eller -dottír? For det andre må namn berre ha bokstavar frå det islandske alfabetet. Der finst ikkje c eller w, så namn som Carolin, Christel, Hector og Conny er blitt avviste, til liks med Werner, Ludwig og Twist. Og til sist må grammatisk kjønn samsvare med kjønnet til personen som ber namnet. No burde eg ha skrive alt dette i preteritum, for mykje har skjedd på namnefronten dei seinare åra.

Endringa begynte så smått i 1998 då Björk og Rúnar ville døype den nyfødde dotter si for Blær, som tyder «lett bris». I kyrkja gjekk alt som det skulle, men då namnet skulle tastast inn i folkeregisteret, blei det problem. Namnet var ikkje på dei offisielle listene for godkjende jentenamn. Ein gut kunne heite Blær, men Blær Bjarkardóttir gjekk ikkje. Det blei ei sak for personnamnnemnda, som ikkje ville godta namnet med grunngjevinga at Blær var eit hankjønnsord. Foreldra nekta å døype om dotter si, så styresmaktene registrerte Blær Bjarkardóttir som Stúlka Bjarkardóttir. Stúlka tyder jente.

I 2013 gjekk den femten år gamle Blær til sak mot den islandske staten med krav om å få bruke namnet sitt, og ho vann fram. Avslaget frå personnamnnemnda var i strid med grunnlova, slo retten fast, og Blær blei dermed det fyrste namnet som kan nyttast av begge kjønn. I kjølvatnet av denne saka blei det reist spørsmål om det ikkje var tid for ei revidering av namnelovene. Nokre føreslo å legge ned heile personnamnnemnda, men det blei det ikkje noko av. Likevel har mykje meir skjedd.

I vår tid finst det stadig fleire som ikkje identifiserer seg som gutar eller jenter, dei såkalla ikkje-binære. For å gå dei i møte vedtok Alltinget i juni 2019 ei ny lov som gjer namn kjønnsnøytrale, og ein kan no kalle seg kva som helst. Samstundes blei det opna for at dei som kjende seg som korkje -dóttir eller -son, i staden kunne bruke den kjønnsnøytrale endinga -bur. Det tyder ‘barn’, altså ‘barn av’.

«For verkeleg å betre folks rettar, trengst politisk mot og politisk vilje», uttalte statsminister Katrín Jakobsdóttir i høve det nye lovverket.

«Med vedtaket av desse lovene har Island sett seg i førarsetet internasjonalt.»

Som tidlegare nemnt er islendingane stolte av dei liberale haldningane sine når det gjeld likestilling og kjønnsmangfald.

Jo, éin ting til om namn og slikt. For no har islendingane fått eit verktøy til å halde oversikt over kven som er kven. Fri¿rik Skúlason heiter ein mann, og han var fødd i 1963. Han var i byrjinga av tenåra då han begynte å interessere seg for slektsforsking, og 17 år gamal hadde han laga ei oversikt over eigen familie. Han var flink på data, Fri¿rik, og studerte informatikk ved universitetet i Reykjavík. Då det på slutten av 80-talet byrja å dukke opp virus som infiserte og skadde filer og operativsystem, utvikla Fri¿rik ei programvare som kunne oppdage, blokkere og destruere datavirus. Han la antivirusprogrammet ut gratis, men skjøna snart at her var det mogleg å gjere business. Saman med kona Björg etablerte han selskapet FRISK etter FRI¿rik SKúlason. I 1993 selde dei selskapet og tente gode pengar.

Heilt sidan Landnåmsboka har islendingane vore opptekne av slekter, og i 1988 laga Fri¿rik Skúlason slektsforskingsprogrammet Espólín. Namnet er etter den islandske sorenskrivaren Jón Jónsson Espólín – ein salmediktar, forfattar, slektsforskar og amatørhistorikar som nytta 34 av leveåra sine på å skrive Islands historie frå 1200-talet og fram til han døydde i 1836. Til saman blei det tolv bind, og tre av dei kom ut lenge etter at han hadde fått sitt fortente minneord i Fjölnir. Nei, ikkje eit ord i Morgunbla¿i¿, for den avisa blei fyrst stifta i 1913.

Uansett – den datakunnige og slektsinteresserte Fri¿rik samla alt som fanst om islandske slekter frå folketeljingar, folkeregister, kyrkjebøker, rettsbøker og i sagalitteraturen. Men korleis klarte ein einsleg dataprogrammerar å samle inn så mykje informasjon? Altså, vi snakkar her om fleire hundre tusen namn. Han fekk hjelp. Rundt 250 slektsforskarar gjorde sitt, og i tillegg fekk Fri¿rik brått fleire tilsette.

Kári Stefánsson heiter ein mann, og han blei fødd i Reykjavík i 1949. Han studerte medisin i heimbyen, før han flytta til USA, der han spesialiserte seg innanfor nevrologi og genetikk. Han arbeidde på sjukehus og universitet i Chicago og Boston, og han blei professor ved Harvard University, før han brått sa opp jobben og flytta heim att til Island.

Der såg han nemleg høve til å tene store pengar. Etter tusen år i nærast isolasjon var Island ei genetisk gullgruve, meinte han. I andre land flyttar folk til og frå, og det blir ei multietnisk gryte, mens islendingane var ei rein genetisk gruppe som hadde levd i isolasjon i tusen år, og som i stort hadde levd på same vis og ete fisk og sauekjøt. Og så var det éin ting til: Styresmaktene hadde sjukejournalar frå 1915, som gav ei unik innsikt i kva plager islendingane hadde hatt.

Kári kontakta Fri¿rik, islendingar er alltid på førenamn, og dermed fekk Fri¿rik tjue tilsette til å organisere all informasjonen. Løna blei betalt av internasjonale lækjemiddelfirma. Og så skjedde det uventa: I 1998 sa Alltinget ja til å selje folkets helsedata til Kári Stefánsson og selskapet DeCode Genetics. Vedtaket var ikkje samrøystes, tvert om, det var kontroversielt, men det fekk fleirtal. Kva hadde styresmaktene igjen for å selje? Jo, dette kunne brukast i den nasjonale helsetenesta, det kunne bli arbeidsplassar, og ikkje minst ville forskinga sette Island på verdskartet, og er det noko små nasjonar alltid vil, så er det å bli lagde merke til.

Ved å legge opplysningar frå sjukejournalar og slektsforsking i éin og same database var målet å identifisere og kartlegge sjukdomsrisiko og i siste instans førebygge og kurere sjukdomar. Island var eit perfekt forskingslaboratorium for å skaffe råmateriale til farmasiselskapa, som alle vil knekke dei genetiske kodane til kreft, diabetes 2, multippel sklerose, schizofreni, Alzheimers sjukdom, ja, til og med alkoholisme.

Dette er komplisert forsking, og berre artikkelen om DeCode Genetics på Wikipedia er på fleire titals sider.

Og så er det som nemnt kontroversielt og har skapt debattar om personvern. Frykta er at private helseopplysningar skal kome i hendene på forsikringsselskap og arbeidsgjevarar. Folk kan rett nok reservere seg mot å ta del i forskinga, men då må dei melde frå, for gjer dei ikkje det, er det såkalla «pårekna samtykke».

Og så er det kome eit populært biprodukt ut av dette arbeidet – Íslendingabók. Dette er ein av Islands mest besøkte nettstader, og som det står på framsida: Vi¿ erum öll skyld. Vi er alle i familie. Dei fleste islendingar har Íslendingabók på mobiltelefonen, og når dei treffer nokon dei ikkje kjenner, treng dei ikkje lenger spørje Hverra manna ert ¿ú? Dei kan berre skrive inn namnet, og på sekund kjem svaret. Jo, vi er tremenningar, firmenningar, og når dei kjem attende i sjuande, åttande og niande generasjon, er det som dei skriv: Vi er alle i familie.

Fri¿rik Skúlason har òg laga eit skriverettingsprogram for det islandske språket, som han kallar Púki. Det tyder demon. For innsatsen blei han i 2018 tildelt Hin íslenska fálkaor¿a. Den islandske falkeordenen er den einaste ordenen på Island og blei innstifta av Kristian X i 1921. Den blir tildelt folk utanlands og innanlands som har gjort noko stort for Island eller menneskeætta generelt.

Ja, det var no litt om islendingar og namn.

Eg går ut for å kjøpe papirutgåva av Morgunbla¿i¿, for eg vil no lese heile nekrologen til Raggi. Det har alt skya til, og er knapt ti grader, så det var det Siglufjör¿ur skulle få av sol denne dagen. Matbutikken Samkaup ligg like nedanfor kyrkja, og eg betaler og blar opp.

På side 35 ser eg biletet av han. Han har fått tre nekrologar, og med mobilen omset eg opninga til den fyrste: «Kjære onkel Raggi, eller Raggi Raudmage, som vi pla kalle deg. Det er eit ganske stort gap du no etterlèt deg, fordi du har vore i livet vårt så lenge vi kan hugse. Du lærte oss å plystre …». Den andre byrjar slik: «I byrjinga av året kom ideen om å reise til Kanariøyane. Raggi skulle til sola for fyrste gong. (…) Ein dag spurde eg om han ville vere med til stranda, og han svara roleg: Eg er ein gamal bulldosarmann frå Skagafjör¿ur, eg har ingenting der å gjere.»

Med avisa under armen trakkar eg opp trappene til den kvite murkyrkja. Utanfor står gravferdsbilen svart og polert. Ein raud bil svingar inn på parkeringsplassen, og ut stig ein mann og ei dame i syttiåra. Han ber ein krans, ho ein nykel. Og i det dei låser seg inn, skundar eg meg opp trappa og spør om eg kan få sjå kyrkja.

– Nei, nei, seier mannen surt.

– Det skal vere gravferd her i dag, seier ho mildt.

– Eg veit det, svarar eg, eg såg det her. Eg held opp Morgunbla¿i¿. Ragnar ¿ór Steingrímsson, seier eg på så snerrande islandsk eg klarar, og meir skal det ikkje til, eg kan no gjerne få ta ein kikk, seier ho. Det er eit enkelt kyrkjerom, ikkje nokon barokk katolisisme, men nakne vegger. Altertavla er eit måleri av sju oljehyrekledde fiskarar i ein seglbåt på opprørt hav, og oppe i høgre hjørne kjem ein lysande, kjortelkledd Jesus gåande over bølgjene.

Fleire kamera er rigga opp, for gravferda skal direktesendast på YouTube, fortel ho, live in 3 hours. Det var under koronapandemien dei byrja med det, og så har dei berre halde fram. Slik kan alle som kjende han over heile landet, følgje han til den siste kvila. Under altertavla står den kvite kista til Raggi.

– Er ho open?!

– Ja, fram til elleve kan dei som vil, kome og ta farvel. Så legg vi på loket før seremonien startar.

Ho forsvinn ut, og det er berre Raggi og eg i kyrkja. Eg har faktisk aldri sett eit dødt menneske, og no har det opna seg ein sjanse, så eg går nokre skritt opp midtgangen, snur meg, framleis åleine. Eg tek nokre raske skritt til. Kjem det nokon? Nei. Tre skritt til… Nei, dette kan eg ikkje gjere, der går grensa. At islendingen Ragnar ¿ór Steingrímsson skal vere det fyrste døde mennesket eg ser, nei…

Det smell i døra, og så er ho tilbake. Ho skal låse, så eg må gå, men eg er no velkomen tilbake klokka eitt. Eg vurderer om eg skal bli, men kva skal eg ha på meg? Eg veit ikkje kva som er kleskode i islandske gravferder, og det er mogleg svart skinnjakke er innanfor, men ho ville nok gjeve meg meir merksemd enn eg vil ha. «Kven er han i skinnjakka?» Ei gravferd er for dei næraste. Eg må kome meg sørover mot Reykjavík. Det er nær førti mil, og eg må nok overnatte ein plass undervegs. Kan hende skal eg køyre til Reykholt, der Snorre Sturlasson heldt til.

Eg er komen til Sau¿árkrókur, og her må eg fylle bensin på Bjartur, det blir vel tredje gong på denne reisa, så spesielt tyrst er han ikkje. Når eg har fylt tanken opp, ser eg at klokka alt er over eitt, og kjem på gravferda til Raggi.

På mobilen går eg inn på YouTube, og ser at dei er godt i gang. Kyrkja er nær full. Ein mann syng, ein nydeleg tander tenor, og melodien er kjend, men eg kjem ikkje på kva salme det er. Presten står i kvit skrud med ryggen til, og så kjem han til det som må vere gravtalen, og eitt og anna ord skjønar eg. Han byrjar som i nekrologane med å nemne namn på far og mor, og sidan er det alle syskena. Han var glad i mat, fortel presten, men ikkje i pizza. Raggi flytta til Keflavík, arbeidde på fiskebåt, men så kjøpte han sin eigen. Og så kjem ei lang historie om ein Ford Taunus, og det må vere ei morosam historie, for kyrkjelyden humrar, og presten seier:

– Mamma sag¿i: Hvar er bíllinn?

På spørsmålet frå mora om kvar bilen var, svara Raggi noko som får heile kyrkja til å knekke saman av latter. Etter den gode stemninga å døme har Ragnar ¿ór Steingrímsson hatt eit godt liv. Her var døden korkje uventa eller uvelkomen, og dei minnest han med glede. Som det står i Håvamål, og her finst eit utal ulike omsettingar:

Fe døyr,

vener døyr,

døden kjem òg til deg.

Men eg veit om noko

som aldri døyr:

ettermælet til den døde.

Nede på stranda i Sau¿árkrókur står fleire bilar parkerte. Det er polske hobbyfiskarar. Eg ruslar nedom og forsøker å innleie ei samtale, men dei står med hovudet inn i bagasjerommet og er meir opptekne av øl og agn enn av meg.

– Eg har eit spørsmål: Er det slik at polsk og islandsk er like språk?

Det var ein polsk lyrikar som meinte det. Eg høyrde eit intervju med han på den engelskspråklege podkasten til RÚV. Han fortalde at han hadde studert språket, og at han no skreiv dikt på islandsk. Og reint fonetisk, og delvis grammatisk, var ikkje språka ulike. Meinte han.

No, no, no, seier den eine fiskaren.

Very different!

Nei, ein skal ikkje tru alt ein høyrer. Det er over tjue tusen polakkar på Island, og dei utgjer nær 40 prosent av innvandrarane. Langt bak kjem litauarar med 6 prosent, og filippinarar, som utgjer 4 prosent. På grunn av den store polske innvandringa sender nasjonalkringkastaren RÚV nyhende på tre språk: islandsk, engelsk og polsk.

Klokka er snart halv åtte, og eg er komen til Reykholt, staden der den maktsjuke intrigemakaren Snorre Sturlasson levde fram til Árni beiskur, eller Arne den bitre, gav han banesår hausten 1241. Snorre er vel den mest kjende islendingen gjennom tidene, og kva hadde Noreg som nasjon vore utan han? Ikkje mykje. Det er takka vere hans kongesoger at vi har ei historie.

Nei, eg veit ikkje heilt kva eg hadde forventa, men hadde eg brukt fornufta, ville eg skjøna det ikkje er mange spor igjen etter Snorre i dag. Eit besøkssenter er sett opp, ei kyrkje, og ein statue laga av Gustav Vigeland. Men alt dette er frå vår tid. Sjølv badet hans er ein rekonstruksjon.

Den einaste plassen å overnatte her i Reykholt-dalen er Fosshotel, «eit romantisk spahotell, der du kan gløyme dagens kjas og mas med ein drink framføre peisen».

Det er ikkje anna å gjere enn å sjekke inn. Eg får eit vestvendt rom med utsikt mot kyrkja og besøkssenteret, og bakom går den raudnande sola ned.

Den natta vaknar eg. Heile senga ristar. Endeleg! Jordskjelv.

Hallgeir Opedal

hallgeir.opedal@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er over tjue tusen polakkar på Island, og dei utgjer nær 40 prosent
av inn­vandrarane.

Heilt sidan Landnåms­boka har islendingane vore opp­tekne av slekter.

Her er jo vakkert!
Men varmt er det ikkje, kjenner eg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis