JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Noko større enn deg sjølv

Ingen kan fiske etter kveite utan å tenkje magiske tankar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
BERGINGA: 14 timar med fiske gav éin fisk. Iblant er det nok.

15999
20200911
15999
20200911

peranders@dagogtid.no

Eit fotografi i band tre av Norges dyreliv brende seg inn i minnet mitt da eg var gut, det bandet eg nesten las sund, det med fiskane: eit stort svartkvittbilete av ein mager fiskar i oljehyre og sydvest, han kikar andektig og audmjukt bort på ei kolossal kveite som er hengd opp i ein jernkrok og får mannen til å sjå ut som ein pusling. Eit slikt monster kunne eg berre drøyme om å få i min eigen fjord på Nordmøre. Slike fiskar fanst ikkje på dei kantar. Men dei finst i farvatna eg og Johannes er på veg til denne føremiddagen på tampen av august, ved Rebbenesøya i Troms. For nokre veker sidan fekk tre polakkar ei kveite på 187 kilo der ute. Om polakkar kan få slikt, kva kan ikkje nordmøringar få?

Lite i livet er så lovnadsrikt som transportetappen til ein fiskeplass der du veit at noko stort kan skje. Eg kjenner noko som liknar lett champagnerus, ei elektrisk sitring i kroppen, på vegen utover frå Ringvassøya.

Johannes voks opp i nabohuset til heimen min i Todalen. Han er ti år yngre enn meg, og for nærare 40 år sidan sat eg barnevakt for han og las frå dyresogene til Torgeir Bjørnaraa. Når eg no ser han styre båten utover mot Skagøysundet, og ser strekane på kartplottaren som fortel om eit utal tidlegare turar same vegen, kjennest det som om det er eg som er barnet. Det er Johannes som har tilgang til båt og stiller med utstyr, det er han som har røynsla, kjenner fiskeplassane og framgangsmåten. Knivane hans er alltid nyslipte, fiskeskrina alltid velfylte. Johannes har kring 30 kveiter på samvitet, den største eit beist på 95 kilo. Eg er berre med. Og gjennom åra har eg blitt vand med at han som regel får meir fisk enn meg, også når vi fiskar på same stad til same tid. Slik er det visst berre.

Med ti års mellomrom gjekk eg og Johannes den same fiskarskulen i Todalen: først småaure med handsnøre i bekkane og berggylte med agn frå ferjekaia, seinare torsk frå svaberga og smålaks i elva. Men Johannes har teke det mykje lenger enn eg har. Han har fiska blå marlin ved Kapp Verde, barrakuda i Kenya og påfuglåbor i Amazonas. Men kveitefisket ligg nærare både hjartet hans og heimen hans i Tromsø.

– Å brenne av 100 liter diesel for å få ein marlin som du berre skal sleppe ut att, var ikkje noko for meg, seier Johannes.

Han fiska etter kveite i fem år før han fekk si første. Det meste handlar om å finne dei rette plassane, så treng du berre å tilsetje tid og håpe på hell. Johannes undrar seg over at han har blitt så glad i kveitefisket, der timar og dagar kan gå utan fangst.

– Eg fiskar jo for å få fisk, ikkje for å fiske.

Vinsten i dette fisket er likevel stor nok til å nære tolmodet. Det er eit vesen utanom det vanlege vi er ute etter. Kveita er den største beinfisken med fast tilhald i Nord-Atlanteren. (Makrellstørja er berre på besøk her nord, og kjempehaiane brugde og håkjerring er bruskfisk.) Ho kan bli meir enn tre meter lang og over 300 kilo tung. I seg sjølv gjev dette ei brusande kjensle: Vi skal fiske etter noko som kan vere større og sterkare enn oss sjølve.

I tillegg er det vona om å ha med noko heim. Betre matfisk enn kveita kjenner eg ikkje. Det faste, feite, syrlege kjøtet har vore ettertrakta sidan steinalderen. Helleristingar som førestiller kveite, er funne mellom anna ved Altafjorden, på Helgeland og i Rogaland, og ein storskrytar ved Skarnsundet i Trondheimsfjorden hogg inn heile tolv kveiter i berget. Kveite og laks er dei einaste attkjennelege fiskane i helleristingar i Noreg, udødeleggjorde på line med storvilt som elg og bjørn.

Opphøgd var denne fisken også i mellomalderen. Det gammalnorske namnet kveite viste til den kvite buken, men med kristendomen kom namnet hellefisk – heilag fisk, kanskje fordi han vart eten på heilagdagane. På same vis heiter han halibut på engelsk og heilbutt på tysk. Kveita dukkar opp i norrøn mytologi, den skipbrotne Pietro Querini fortalde om vindauge av kveitebuk på Røst i 1432, og Petter Dass skreiv dikt der han tiltalte fisken personleg: Du smuckeste Queite, du Dronning i Vand. Dronningtittelen er høveleg: Alle kolossane er hokveiter, hannane er småtassar som sjeldan blir meir enn 50 kilo.

Truleg var kveita den første saltvassfisken som vart overfiska i norske farvatn. Ho brukar kring sju år på å bli kjønnsmogen, og slike artar er sårbare for hard hausting. I 1930-åra fann fiskarar mange av gyteplassane i fjorddjupa der kveita samlast på vinteren, og eit intenst garnfiske gav mangedobling av fangstane – så lenge det varte, og det var ikkje lenge. I 1937 vart kveita freda i gytetida, men overfisket tok ikkje slutt. Fram til 2006 stod kveita på den norske raudlista som truga art, men sidan da har bestanden teke seg opp, i alle fall i Nord-Noreg. Ein mogleg grunn er påbodet om skiljerist i reketrålen: Mykje småkveite vart teken som bifangst av reketrålarane før dette.

Vi rundar Straumsneset og går mot nordaust gjennom Skagøysundet. Det er eit hardt og strengt landskap vi rører oss i. Karlsøy kommune er eit bistert arkipel. Rebbenesøya tronar i nord, med ruvande fjell som skyt opp frå sjøen. I vest er sundet vidope mot storhavet, og rikdomen under yta og fattigdomen på land har lokka mange til å ta store sjansar her ute. Da Eilert Sundt granska dødsårsaker i Noreg i 1840-åra, oppdaga han at kvar fjerde mann i Nord-Noreg døydde ved drukning. Her i Karlsøy var det enda verre: Her enda kvar tredje mann livet sitt på sjøen, og snittalderen til dei drukna var litt over 31 år.

For meg og Johannes er det ingen fare. Vi gjer dette for moro skuld, i ein 20 fots aluminiumsbåt driven av 70 spreke japanske hestar, og sjekkar Yr frå time til time for å vite om det er vêromslag i vente. Det skal blåse opp til kvelds, men enno er det lenge til. Vi har god tid. Den beste tida vi kan ha.

Ved enden av Rebbenesøya svingar vi inn i det smale Vargsundet. Somme stader set seg i sjela på særskilt vis, dei blir eit referansepunkt og dukkar opp i draumar. For meg er Vargsundet ein slik stad, utan at eg heilt veit kvifor. Det er ikkje på grunn av myten om at Jan Baalsrud svømte over dette sundet på flukt frå tyskarane. (Han vart rodd over av to jenter.) Kanskje er det berre noko som er heilt rett i komposisjonen av landskapet, i straumen som går stri som ei elv gjennom denne tronge kanalen (nordover når det fjørar, sørover når det flør), og mylderet av liv i vatnet under oss.

Eg kom hit for første gong for tre år sidan. Da skimta vi store stimar av tobis nede i straumkvervlane, og ein infam tjuvjo trakasserte ei terne til å gje frå seg fangsten sin gong på gong. Og her fekk eg mi første og einaste kveite. Ei stor glede, sjølvsagt, men det var ikkje ei ordentleg kveite, berre sju kilo, så vidt over minstemålet. Det som verkeleg sette seg i minnet, var opplevinga av å ha hatt ei ordentleg kveite på.

Henne tok eg på berre fire­–fem meters djup, oppunder ein holme ved sørenden av sundet. Eg trudde eg hadde stramma bremsa på snella godt, men snøret berre rann ut i rasande fart. Alt eg kunne gjere, var å tvihalde på stonga og håpe det beste. Var ho femten kilo, var ho femti, var ho meir? Det fekk eg aldri vite. Kroken glapp ut av kjeften, og eg skreik i pine. Like fullt: Dei sekunda eg hadde storkveite på kroken, er av dei beste eg har hatt i livet. Eg vil så gjerne kjenne den krafta igjen.

Det er fallande sjø. Johannes stoggar motoren ved sørenden av sundet. Vi finn fram stengene, slepper ut jiggane – gummifiskar med store krokar og forunderleg livaktige halar – og lèt oss drive gjennom sundet.

Kva er gleda ved å fiske? Eit dumt spørsmål. Kjenner du den kjensla, treng eg ikkje å forklare henne. Kjenner du ikkje den kjensla, kan eg ikkje forklare henne.

Knapt nokon skildringar eg har sett av sportsfiske, kjem i nærleiken av å formidle kva det handlar om. Eg trur eg veit kvifor. Å skrive godt om fiskeglede er omtrent like vanskeleg som å skrive godt om sex, og av liknande grunnar. Språket vårt har ein brei palett for å skildre synsinntrykk, lydar, kjensler og tankar. Men gleda ved å få stor fisk er ei komplett, kroppsleg glede, ei vill spenning av eit slag som vi manglar vokabular for, noko som slår an djupe, instinktive strengar. Skildringar av fiske kan ikkje fange opp dette, dei blir platte, overflatiske og klumsete. Og som både sportsfiskarar og pornografar veit: Eit bilete seier meir enn tusen ord.

Mykje av fiskegleda ligg òg i uvissa. Du kan skyte ein hjort, du kan plukke molte, men du får ein fisk. Fisken kjem frå eit element der vi menneske ikkje herskar, resultatet er utanfor din eigen kontroll, og kvar fisk er ei gåve frå det store ukjende. Samstundes strevar vi fiskarar alltid etter kontroll over utfallet. Vi vil jo ha fisk. Men i kveitefiske er kontrollen enda mindre enn vanleg. Sjansen for vinst er liten, men vinsten er så stor. Og slik smett overtrua inn i oss.

Den gamle ideen om kveithaill er velkjend og ei utømeleg kjelde til dårlege vitsar kveitefiskarar imellom. Men overtrua var meir mangfaldig enn som så. Ikkje noko anna norsk fiske har så mange nemningsfordommar som kveitefiske, skreiv folkloristen Svale Solheim. Dette fisket var fullt av tabu. Ein måtte til dømes ikkje nemne kleppen ved sitt rette namn, da fekk ein ikkje kveite, og langs kysten fanst eit utal løyndenamn for den reiskapen. Kveita kunne heller ikkje kallast kveite medan ein var på sjøen, derimot var ho jomfrua, prinsessa, frua, gammelmor, besta, gamla, Abbeluna, flatekjeille, styving, den flate, lapp, lok, ballduska – eller det sjarmerande løyndenamnet frå Tysfjord: den slags fesk.

Eg og Johannes tør å seie kveite. Men å fiske etter kveite utan å tenkje magiske tankar er nær umogleg. Da vi var her for tre år sidan, påpeika Johannes at båe gongene kveita beit, hadde vi snakka om ein svært irriterande person som vi kjenner, lat oss kalle han I. Og vi snakka om I i det vide og det breie, og fortalde dei same historiene om att og om att. Vi prøver no òg. I blir ikkje mindre irriterande av dette, kan eg love.

Ein havørn svevar roleg over oss, og eg minnest ei soga eg las som barn, om ein optimistisk havørn som sette klørne i ei kvilande storkveite på grunna og vart dregen skrikande ned i djupet. Eg minnest ikkje om soga vart presentert som sann. Men ho kunne vore det.

Medan båten driv i gangfart gjennom sundet, vippar vi varsamt med stengene for å få jiggane til å danse litt over botnen, der kveita kanskje jaktar på krabbe eller flyndre. Vi har trua. Johannes har hatt hellet med seg her før, meir enn éin gong. Og eg hadde hellet med meg den første gongen eg var her. Og der, der – noko held att jiggen medan eg sveivar sakte inn – er kanskje hellet her igjen. Botnen? Nei, eg hadde alt teke inn noko snøre. Småtorsk? Kanskje – men dette kjennest tyngre og rolegare enn smånappinga til torsken. Og der! Nok eit myndig drag der nede. Eg veit kveita skal få litt tid på seg til å gape ordentleg over jiggen, men klarer ikkje vente mange sekunda før eg rykkjer til. Det blir eit slag i lufta, krafta blir ikkje møtt. Eg bannar og sveivar inn. Vi ser på jiggen: to tydelege riper i gummien bak kroken. Avstanden mellom tannmerka fortel at dette ikkje var småtorsk. Men dette er godt nytt. Kveita er her, og ho er interessert. Vi òg.

Ikkje lenge etter får Johannes kontakt. Eg ser kroppen og blikket stivne, heile mannen er ein spend boge, men heller ikkje denne gongen sluker kveita jiggen.

Eit par timar går. Vi køyrer opp mot straumen og rek gjennom sundet, igjen og igjen. Det byrjar å flø, og vi køyrer mot nord for å drive mot sør. Men Vargsundet er som regel best på fallande sjø, meiner Johannes. Så vi kryssar Skagøysundet og lèt oss drive langs Ringvassøya. Og der, nær lykta på Straumsneset, kjenner eg det tunge draget i jiggen att. Eg ventar og ventar, held att rykket, men så blir tyngda borte. Når eg sveivar inn, er den seige gummihalen på jiggen vekk. Kveitekjeften har klipt han av. Eg ular som ein banka hund.

Meir skjer ikkje denne dagen. Vi dreg til lands før den varsla vinden kjem. Medan regnet piskar mot vindauga, et vi middag av ei kveite Johannes fekk helga før, drikk oss småfulle og evaluerer fisket. I morgon skal vi ta henne.

Når vi stemnar ut Skarsfjorden att neste dag, kjennest alt rett. Berre bris er meldt heile dagen, vi har all tid i verda og eit hav fullt av kveite framfor oss. Og like etter at vi har sleppt ut jiggane i dei boblande kvervlane ved Straumsneset, er ho der og dreg i den nye jiggen min. Nye tannmerke. Inga banning denne gongen. Eg tek det som eit frampeik, ein lovnad om storfangst.

Men kveita tek ikkje ved Straumsneset. Vi flyttar oss til Vargsundet, driv gjennom sundet igjen og igjen, men ho tek ikkje der heller. Så Johannes fyrer opp motoren og køyrer ut til Andamen, eit V-forma sund på yttersida av Rebbenesøya. Han stoggar motoren ved ein holme der sundet smalnar. Plottaren viser mange kryss i nærleiken: Her har han gjort det godt før.

– Kveita er ofte større her ute, seier Johannes.

Ein kjenning av han fekk ei på over 100 kilo i Andamen.

Sjølv slit eg med å få trua. Det er vindstilt her, sola skin og vi skimtar sandbotnen. Erfaringane mine frå anna fiske tilseier at dette er fåfengt. Blir ikkje kveita redd når ho ser båten over seg? Johannes ristar på hovudet. Kveita er ikkje som andre fiskar, ho er ikkje redd for noko, ho er eineherskar på toppen av næringskjeda.

Eg held meg til den same lyse jiggen – eg har jo vore borti tre kveiter, det er ikkje noko gale med reiskapen. Johannes set på eit svart og raudt gummibeist som ikkje liknar på nokon fisk eg har sett i Noreg. Den der ville eg aldri vurdert å fiske med, tenkjer eg stille. Så ser eg Johannes stivne. Han senkar stonga roleg ned mot yta, ventar litt, og så smeller han til. Denne sit. Utrasa er ville og raske, men her på grunna kan ikkje kveita ruse ned i djupet, og Johannes gjev ikkje ved dørene. Jo lengre tid ein brukar, jo større sjanse for at kroken glepp.

På andre sida: Når det svære flaket av ein fisk kjem blafrande opp mot yta, er kveita framleis full av krefter. Eg står klar med den langskafta kleppen, men eg nøler når sjansen byd seg første gongen, her vil eg helst ikkje bomme, og kveita rusar ut. Johannes pumpar henne opp att. Denne gongen rykkjer eg kleppen i hovudet, litt langt ute på sida, faen, og vender henne med buken ut frå båten slik eg har fått instruks om, så ho ikkje kan ta spenntak med magemusklane mot båtsida. Saman får vi velta henne om bord. Slaga med sporden dundrar som torevêr mot dørken til Johannes får klubba kveita til ro.

24 kilo. Ikkje av dei største, men meir enn stor nok. Turen er berga, og vi har mange timar att før det mørknar. Eg vil jo gjerne få ei kveite sjølv òg.

Og vi fiskar. Éin time, to timar går i Andamen. Vi flyttar oss inn og ut sundet, dorgar litt langs land. Ingenting. Må prøve noko anna. Vi køyrer utover til det straumharde Grøtøysundet, ope mot havet, neste stogg i vest er Grønland. Men berre småtorsk nappar. Vi køyrer attende til Vargsundet, der ingenting nappar. Vi køyrer til Straumsneset igjen, der ei kveite kanskje har jigghalen min i magen. Men halen gav visst ikkje meirsmak.

Vi snakkar om I igjen, prøver å kome på irriterande historier vi ikkje alt har fortalt, men det hjelper ikkje.

– Slik er kveitefisket, seier Johannes.

– Ingenting skjer. Før det plutseleg skjer.

Men ingenting held fram med å skje. Vi orkar ikkje snakke meir om I. Knapt noko anna heller. Praten stilnar, rørslene for å halde liv i jiggen blir halvhjarta, og det skumrar. Når vi resignerer og set kursen mot naustet, sit vi att med éin fisk etter fjorten timars fiske denne helga. Ein rar suksess, men like fullt ein suksess. Den bleike buken i fiskekassen lyser som eit blankt ark. Det skal kome nye kapittel. Eg skal få ei kveite. Den slags fesk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kveita er ikkje som andre fiskar, ho er ikkje redd for noko, ho er eineherskar på toppen av næringskjeda.

Å skrive godt om fiskeglede er like vanskeleg som å skrive godt om sex, og av liknande grunnar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis