JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Psykiatrispråket

Kva kan ein psykiatrisk journal fortelja om eit menneske i krise?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6982
20220520
6982
20220520

Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er del fire av seks. Heile serien finn du her.

Å vera pårørande til eit psykisk sjukt menneske er for det meste å stå på utsida.

Reint fysisk, innimellom, ved ei dør som ikkje blir opna, til dømes fordi den sjuke har sagt at han eller ho ikkje vil ha vitjing akkurat no. Hadde ein kome attende ein halvtime seinare, ville ein kanskje ha sloppe inn, om den sjuke er ambivalent nok i kjenslene. Men slik må det vera, viljen er i det lengste fri.

Elles handlar det i stor grad om ikkje å få vita. Om å spørja, fordi ein ynskjer å forstå og kunne hjelpe, men få til svar at det og det ikkje er informasjon som kan delast utan særskilt løyve. Slik må det kanskje òg vera, på grunn av teieplikta og av omsyn til personvernet, sjølv om ein del psykiatriske pasientar nok ville ha tent på det om familien fekk djupare innsikt i situasjonen deira.

Essensen

Om den sjuke til slutt døyr, til dømes i sjølvmord, har ein som nær etterlaten plutseleg sterkare rettar. Då kan ein få lesa praktisk talt alt som finst av dokumentasjon – så lenge sensitive opplysningar om ein tredjepart ikkje blir avslørde; i slike tilfelle kan delar av materialet måtte sladdast.

Dei psykiatriske journalane er fulle av repetisjonar. Bakgrunnshistorikken skal repeterast både tidt og ofte, og utdjupast med detaljar om somatisk sjukdomshistorie, medikamentbruk og liknande. Men om ein får rydda formalitetane til sides, og i tillegg ser bort ifrå den varierande kvaliteten på språkføring og rettskriving, sit ein att med eit substrat som gjerne kan likne ein roman, eller iallfall ei novelle. Er endepunktet eit sjølvmord, blir dramaturgien endå betre.

Idet pasienten blir innlagd, eller kjem inn til ein konsultasjon, kan journalen til dømes gje ei utførleg skildring av åtferd og utsjånad: «Pasienten er alminnelig velstelt, gir grei kontakt.» «Ser uopplagt ut, med meget nedsunket kroppsholdning.» «Kommer for sent til timen, virker uflidd og sløvet.» Klede, hygiene, mimikk, rørsler, stemmeleie, ordbruk – alt som seier noko om tilstanden til pasienten, er relevant.

Ein karakter som kjem inn på scena, altså.

Det finst forskarar som har fordjupa seg i tekstar skrivne av offentlege autoritetar av typen rettsvesen og psykiatri. Det som gjerne kjem for dagen, er at den tørre og faktaorienterte nøytraliteten ein tenkjer på som ein kjerneverdi i klassisk «kansellistil», løyner retoriske grep som på meir eller mindre subtilt vis feller sosiale eller moralske dommar, og endåtil skjønnlitterære skrivemåtar meint å mana fram ei slags «god historie», ein logisk heilskap.

Som forfattar veit eg jo at dramaturgi er viktig. Men livet i den røynlege verda vil ofte ikkje passe inn i dei rammene ei forteljing treng for å bli interessant og spennande lesnad.

Språk og maktspråk

I psykiatrien har dei som skriv, heldigvis sjeldan eigeninteresse i å undergrava truverdet til han eller ho det blir skrive om – den faren kan nok vera større i andre sektorar. Men dei korte og konsise passivsetningane i psykiatrijournalane kan likevel ha ein autoritativ klang. Det omtalte mennesket vil sannsynlegvis aldri koma til å lesa det som blir skrive i journalen, medan skrivaren i beste fall røper nærværet sitt gjennom forkortinga «u.t.». Dommar blir felt over framferda og røyndomsforståinga til pasienten. Kor nøytral er no eigentleg innleiinga: «Pasienten påstår at…» «Pasienten mener seg utsatt for…» «Visstnok skal han ha opplevd å…»

Det skal seiast: Når eg les korleis far min i psykotisk tilstand «hevder å ha sett» sjelene til døde menneske på himmelen over Nidarosdomen, kan eg vanskeleg krevja at vakthavande lækjar skal vera ein så uklanderleg relativist at han omtalar desse påstandane som like gyldige og truverdige som alle andre framstillingar av røynda.

Men går ein til kjernen av saka, finn ein – som i så mange andre samanhengar der einskildmennesket møter systemet – eit asymmetrisk makttilhøve. Einkvan som har falle på rangstigen, eller som aldri har hatt særleg status i samfunnet, møter eit velutdanna menneske i eit høgstatusyrke og skal, midt i ein krisesituasjon, brette ut sitt eige kjensleliv og si eiga livshistorie.

Då spørst det jo kva pasienten vel å dele. Orda i journalen blir ståande der dei står, som den endelege og arkiverte forteljinga, men er sjølvsagt berre eit utsnitt av røynda, mest som eit bilete: Kor mykje ser ein, og kva finst utanom ramma?

Eg har møtt psykologistudentar som har fått meg til å tenkje at ein pasient nok vil bli friskare av å snakke med ein tilfeldig gråsporv på eit fuglebrett. Ikkje dimed sagt at det ikkje finst gode psykologar. Men lite kan vera viktigare i dette yrket enn mellommenneskelege evner, og oppskrifta på slike finst neppe i ei lærebok.

Løyndommar

Politiet var litt vrange når det galdt rapporten om fars sjølvmord; dei kravde at eg måtte koma til stasjonen og sitja der og lesa papira, og det var ikkje lov til å ta bilete av sidene eller eingong notere ifrå dei. Men dei psykiatriske journalane var det overraskande lett å få innsyn i: Det heldt å sende ein e-post med dokumentasjon på at eg var son til avlidne, og så kom tjukke bunkar ramlande ned i postkassa mi. Eg fekk jamvel tilbod om å koma inn på det distriktspsykiatriske senteret til ei samtale om det eg las.

Journalane gav meg innblikk i heilt nye sider ved fars siste leveår. Eg hadde lenge vore pårørande til ein alvorleg sjuk mann, men eigentleg ikkje visst noko som helst utover det vesle han sjølv fortalde om tilstanden sin og helsehjelpa han fekk. Journalane skildrar tankar eg knapt visste at han tenkte, men handlar òg om psykosar, sjølvmordsforsøk og andre dramatiske hendingar som var ukjende for meg. Til dømes lærte eg at far, nokre månader før han døydde, vart fråteken førarkortet på grunn av køyring i medikamentpåverka tilstand. Det må ha vore eit hardt slag for ein mann som elska fridommen det gjev å kunne koma seg rundt. At han heldt fram med å køyre bil også etter dette, fleire gonger med meg som passasjer, og endåtil køyrde til ferjeleiet på den siste dagen sin, kan eg i dag ikkje anna enn le av.

Ikkje minst fekk eg lesa om dei mange freistnadene – i ulike institusjonar og med ulike fagfolk involverte – på å finne ei velfungerande handsaming av sjukdommen hans. Dei fåe oppturane er godt dokumenterte, så vel som dei mange nedturane.

På dei beste dagane verkar han klår og kvikk; det er gjerne når journalen presenterer han som «relativt velkledd» eller fortel at han «ler og spøker en del».

Stundom snakkar han òg om ungane sine, korleis han føler at han har svikta dei. På eitt tidspunkt seier han til psykologen at han mange gonger har vurdert å ta livet sitt, men at han førebels ikkje har hatt samvit til det, fordi han tenkjer på korleis det vil bli for ungane.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Framhald neste veke

Heile serien finn du her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis