JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

På nytt er det varme i trønderlån frå 1740

Det kunne gått gale på garden Forberg på Ytterøya i Levanger kommune. Åshild Bjørgum Øwre og Per Anders Øwre ville restaurere den gamle låna. Før arbeidet starta, meinte ein snikkar at dei måtte kjøpe nye takstolar til heile huset.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Låna på Forberg ligg fritt og fint på eit høgdedrag over fjorden. Den eldste delen frå 1750 er til høgre. Utvidinga frå 1850 har loftsglasa litt høgre i veggen. Heilt til venstre eit lagerrom med skråtak.

Alløe illustrasjonar: Erik Solheim

8937
20230113

Restaurering

Erik Solheim har i ein del år hatt restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Dette kunne ikkje Åshild forstå. Tvilen fekk henne til å kontakte museumssnikkar Jarle Vangstad, som kom og vurderte tilstanden. Han fann ingen skade i taket, alt treverket var i beste stand. Så taket ligg framleis slik det var bygt.

I 1989 sette Åshild og ektemannen, Per Anders Øwre, i gang. Ti år seinare kunne dei flytte inn. Gjennom heile perioden hadde dei kontakt med fylkeskonservator Kolbein Dahle og museumshandverkar Jarle Vangstad. Alt dei har gjort, er i samsvar med råda frå dei og andre med innsikt i bygningsvern. Tilskot til finansieringa søkte dei ikkje om, og det gjekk med mange pengar og mykje arbeid før huset var i stand.

Namnet lån kjem av norrønt ‘lon’ som mellom anna tyder rekkje. Ei lån er ein lang bygning, på Forberg 26,5 meter. Den eldste delen av huset er frå 1740-talet. Resten vart bygt til i 1850. 1740-delen har den dag i dag den gamle inngangsdøra med eit tydeleg dekorert felt på veggen over karmen – ei typisk 1700-talsdør som framleis gjer nytten, snart 300 år gamal. Den yngre døra, frå 1850, er også vakkert snikra og framleis intakt.

I den yngre delen står vindauga på loftet høgre i veggene enn i den eldste, og dei har eit litt anna listverk.

Leiglending

Lars Gundersen Forberg, tipp-tipp-tipp-oldefar til Per Anders, kom til garden i 1701 som leiglending. Han fekk bygd låna i 1740 – då som eit såkalla treromshus med gang/kjøkken i midten og to like stover – ei på kvar side av inngangen. I 1767 fekk sonen kongebrev på garden. Etter den store nordiske krigen la kongen eigedomar frå krongodset ut til sal på auksjon for å få inn pengar til ei botnskrapa statskasse.

Garden var i slekta fram til 1866. Då var det ikkje lenger råd å drive jordbruk på markene. Der «var hus og gardar (gjerde) overalt», som det ein stad står. Ytterøen Mining Company var i gang med storstila gruvedrift. Sidan tidleg på 1500-talet hadde det vore henta kopar og koparkis frå forbergsgruvene. Lønsemda gjekk opp og ned – i periodar var det stillstand. Frå 1861 vart det stordrift, no etter svovelkis.

På det meste arbeidde over 400 mann i gruvene, som låg på denne eine garden. Dei leverte 20 prosent av verdsproduksjonen. Drifta på Ytterøya var største industrien i landet. Folk budde og leigde alle stader – på husmannsplassar, på gardane, i nybygde husmannsstover og brakker og arbeidarbustader som verket sette opp. 25 personar budde i tunet på Forberg ved folketeljinga i 1865.

Litt seinare, i 1875, gjekk det eit leirras på garden. Etterpå reiste bergverket ein ny direktørbustad ligg lenger nede i terrenget. Her kom òg eit heilt gardsanlegg.

Forbergs-låna fekk ei ny rolle. Styraren av verket hadde budd der til familien fekk seg nytt hus. Då flytte verkslegen inn. I 23 år frå 1866 var det skule i storstua. Ho tente òg som andaktsrom, tingstove, auksjonslokale, forsamlingshus og endå meir. Sist i gruveperioden var låna innreidd for fire familiar.

I 1913 vart det slutt på drifta, rundt 400 år etter at dei leverte den første koparklumpen. Foreldra til Per Anders, Helga Forberg og Anders Øwre, forpakta Forberg fram til 1927, då dei fekk kjøpe garden. Den gamle slekta etter Per Forberg, han som selde i 1866, sat igjen i tunet.

Berga huset

Då Åshild Bjørgum og Per Anders Øwre på Forberg fekk ta låna om hende, hadde ho stått kald og ubrukt i mange år. Dei ville først og fremst berge det gamle huset – det hyser så mange historier – og føre det attende til opphaveleg rominndeling.

Det har dei gjort. Veggene er dei same som låna hadde etter utvidinga i 1850. Med unnatak av skråtekkja for den austre enden, er bygningen lafta. Utvendig er kledninga ny, kopi av den gamle. Heile huset har vindauge i format og ruteinndeling som dei originale. Veggene har fått isolasjon og vindtetting utanpå tømmeret, bak kledninga.

Låna står på fjell, men noko hadde sige skeivt gjennom åra. Det er retta opp. Golva inne er av nye bord med unnatak for ei av stovene.

Inne har veggene delvis gamal panel av breie, ståande bord. I «storstu’» eller «finstu’» var planen å kopiere det gamle tapetet, men det let seg ikkje gjere her i landet. Løysinga vart kopi frå den rette tida, godkjent av Riksantikvaren.

Tidlegare var huset okerfarga utvending. No er det raudt. Det var ein vanleg brukt farge i Trøndelag. Kvit måling kravde dyrare pigment og er ein nyare skikk.

No er draumen å få på plass eit gamalt stabbur på flata attmed låna. Eit gammalt bur står der frå før – oppussa – men det var vanleg med to. Då vil tunet bli meir fullstendig, meiner Åshild Bjørgen Øwre.

Trønderlåna er det vanlege bustadhuset på landsbygda frå Romsdalen i Møre og Romsdal til Vefsn i Nordland, med ein og annan avleggar lenger nord, fortel Kolbein Dahle, tidlegare fylkeskonservator i Nord-Trøndelag. Han har skrive bøker om desse husa. Også i Jämtland bygde dei på denne måten.

Her i landet kom låna i bruk langs to vegar. Overklassen tok med seg den prestisjetunge barokkstilen ut på landsbygda på 1700-talet. Dette var personar som åtte store gardar med mange leiglendingar som betalte leige for å bruke jorda. Den andre vegen var den same som vi finn elles i store delar av landet: Dei utvida den klassiske treromsstova frå mellomalderen med ein eller fleire laftekassar i lengda og ei ny høgd over det heile. Frå jarnomnar og gruer av stein – begge var i bruk samstundes – gjekk då røyken ut gjennom mura piper i husa med to høgder.

Også husmennene kunne ha låner i tunet. Då heldt folket til i eine delen. Den andre delen var fjøs i same breidde og høgde som bustadhuset.

Storstua, finstova, med ny 1700-talstapet over brystning nede på veggen. Over rommet ligg borda på skrå mellom bjelkane. I gruvetida var her skule, auksjonslokale, andaktsrom og tingstove.

Kledninga

Frå først av hadde ikkje låna utvendig kledning. Bord var ikkje enkelt å få til utan sag, og eigarar av oppgangssager måtte ha privilegium frå kongen om dei lovleg skulle lage material for sal. Ein slik status var mest for byborgarar. Handsager kom i bruk utover 1700-talet. Då låg stokken fast på bukkar, og to mann drog saga – ein oppe på bukken og ein under. Kledninga – ståande bord som over- og underliggarar – vart spikra rett på lafteveggene, utan lekter og slikt.

Med kledninga kom kamlaft eller sinkenover i bruk. Då stikk ikkje hovuda ut om veggen, og det var lett å feste borda, også rundt novene. Nokre stader syner det likevel utanpå at tverrvegger stikk ut på langsidene, no innkledde av fjøler.

Også innvendig kom det ståande bord på tømmeret – og gjerne tapet i nystova, finstova. Då rappa dei først veggene med leire for å få jamt underlag. Mange bønder i Trøndelag var velståande; der var ikkje like stor folketrengsel der som lenger sør i landet, seier Dahle.

Tilemninga av laftestokkar, bjelkar og andre grove delar gjorde dei stort sett med øks, ikkje sag, så lenge lafteteknikken var i bruk. I det meste av Trøndelag og lenger nord bygde dei med gran, det vanlegaste bartreet. I det sørlege låndistriktet hadde dei meir fure å ta av. Nokre låner har doble tverrvegger mellom romma. Då lafta dei kasse for kasse bortover. Andre stader har dei felt langsidestokkane i hop i novene slik at dei klarte seg med éin enkel tverrvegg.

Med kledning både ute og inne var det ikkje så nøye korleis laftestokkane såg ut. Dei skulle bere huset, men ikkje syne. Korte stubbar i ombruk frå eldre hus ligg i mange vegger. Det som bar taka, var sperrer frå Røros og sørover. Lenger nord la dei åstak, rundstokkar på langs, kvilande på tverrveggene.

Til ut på 1700-talet var bjørkenever under torv den vanlege tekkja. Seinare tok teglstein frå lokale verk over, også på Forberg. Somme kunne ha spon på taket – gjerne med never under. Slike låner hadde lågare status enn dei som stod med raude takpanner.

Romma i første høgda. Den eldste delen er til høgre. Inngangen var då midt på langveggen med finstova til høgre og ei anna til venstre for gangen. Lageret utanfor kjøkkenet er ikkje teikna.

Folket

Kven budde så i desse store husa? Nokre stader var det folket på garden, gamle og unge i familien. Faste arbeidsfolk hadde gjerne drengerom og tausrom på loftet, fleire i skuvsenger på kvart rom, men skilde etter kjønn. Tenestefolket hadde òg sin plass ved matbordet. Sjølvefolket sov gjerne i kammerset i første høgda. Der var det varmare enn oppe.

Trønderlåna har vist seg å tole endringar gjennom tidene. Slik dei vart bygde i 1700–1800-åra, står lånene den dag i dag i svært mange tun. Kolbein Dahle meiner at ikkje i nokon annan del av landet set lokal byggjeskikk så tydeleg preg på landskapet som der trønderlåna fekk den sentrale posisjonen på garden.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis