Reportasje

Noko større enn deg sjølv

Ingen kan fiske etter kveite utan å tenkje magiske tankar.

BERGINGA: 14 timar med fiske gav éin fisk. Iblant er det nok.
BERGINGA: 14 timar med fiske gav éin fisk. Iblant er det nok.
Publisert

Eit fotografi i band tre av Norges dyreliv brende seg inn i minnet mitt da eg var gut, det bandet eg nesten las sund, det med fiskane: eit stort svartkvittbilete av ein mager fiskar i oljehyre og sydvest, han kikar andektig og audmjukt bort på ei kolossal kveite som er hengd opp i ein jernkrok og får mannen til å sjå ut som ein pusling. Eit slikt monster kunne eg berre drøyme om å få i min eigen fjord på Nordmøre. Slike fiskar fanst ikkje på dei kantar. Men dei finst i farvatna eg og Johannes er på veg til denne føremiddagen på tampen av august, ved Rebbenesøya i Troms. For nokre veker sidan fekk tre polakkar ei kveite på 187 kilo der ute. Om polakkar kan få slikt, kva kan ikkje nordmøringar få?

Lite i livet er så lovnadsrikt som transportetappen til ein fiskeplass der du veit at noko stort kan skje. Eg kjenner noko som liknar lett champagnerus, ei elektrisk sitring i kroppen, på vegen utover frå Ringvassøya.

Johannes voks opp i nabohuset til heimen min i Todalen. Han er ti år yngre enn meg, og for nærare 40 år sidan sat eg barnevakt for han og las frå dyresogene til Torgeir Bjørnaraa. Når eg no ser han styre båten utover mot Skagøysundet, og ser strekane på kartplottaren som fortel om eit utal tidlegare turar same vegen, kjennest det som om det er eg som er barnet. Det er Johannes som har tilgang til båt og stiller med utstyr, det er han som har røynsla, kjenner fiskeplassane og framgangsmåten. Knivane hans er alltid nyslipte, fiskeskrina alltid velfylte. Johannes har kring 30 kveiter på samvitet, den største eit beist på 95 kilo. Eg er berre med. Og gjennom åra har eg blitt vand med at han som regel får meir fisk enn meg, også når vi fiskar på same stad til same tid. Slik er det visst berre.

Med ti års mellomrom gjekk eg og Johannes den same fiskarskulen i Todalen: først småaure med handsnøre i bekkane og berggylte med agn frå ferjekaia, seinare torsk frå svaberga og smålaks i elva. Men Johannes har teke det mykje lenger enn eg har. Han har fiska blå marlin ved Kapp Verde, barrakuda i Kenya og påfuglåbor i Amazonas. Men kveitefisket ligg nærare både hjartet hans og heimen hans i Tromsø.

– Å brenne av 100 liter diesel for å få ein marlin som du berre skal sleppe ut att, var ikkje noko for meg, seier Johannes.

Han fiska etter kveite i fem år før han fekk si første. Det meste handlar om å finne dei rette plassane, så treng du berre å tilsetje tid og håpe på hell. Johannes undrar seg over at han har blitt så glad i kveitefisket, der timar og dagar kan gå utan fangst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement