JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Mål med meining

Fot for fot, tomme for tomme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Greitt å læra det fyrst som sist: Ikkje ver dogmatisk når det gjeld måleeiningar. Det er alltid noko nytt å læra.

Foto: May Linn Clement

5030
20201218
5030
20201218

Eg skulle aldri spurt. Det eg skulle gjort, var å gå ut i stova, trekkja ut skuffa øvst til høgre i skjenken, der det ligg tre måleband og to meterstokkar. Eventuelt kunne eg ha googla. Det ville teke meg ti sekund.
Men no er det for seint. Eg sit ved kjøkenbordet med avisa og har kome til ei reklameside med fjernsyn som måler 55, 65 og 75 tommar. På andre sida av bordet sit far min, og eg har nettopp spurt han kor lang ein tomme er.
Eg visste ikkje kor stort dette spørsmålet var.
Far spør kva eg meiner, om eg kan utdjupa.
– Eg lyt nesten vita kva måleeining du vil ha tommen i, seier han og kjem med nokre forslag.
– Fot, alen eller kanskje i metrisk verdi?
– Fot, seier eg.
– Eg sit her og lurer på forholdet mellom tomme og fot.
Det gjer det heile mykje lettare å svara på, men det er eit men her. For kva fot meiner eg?
Imperial fot eller dansk-norsk fot?
– Kva er skilnaden, spør eg.
– Rundt 15 millimeter. Når me måler diameteren på bildekk, bruker me imperiale tommar, eller inch. I bygging av tradisjonelle norske båtar brukar me dansk-norske tommar og fot, som er litt lengre. Me reknar tolv tommar i ein fot.
– Og ein fot er...?
– Ein fot er halvparten av ein alen.
– Så ein alen er to fot, eventuelt 24 tommar?
– Ofte stemmer det, ja. Men på Vestlandet er ein båtalen berre 21 tommar. Det bruker dei ved tradisjonell båtbygging, som ved oselvarverkstaden i Os, rett over fjorden her.

Far har stjerner i augo når han fortel.
– Ein gong snakka eg om måleeiningar for ei forsamling nede på Finnøy. Eg trur ikkje nokon klarte å henga med.
Han er gamal båtbyggjar og vart for femten år sidan med i den Finnøy-baserte stiftinga som bygde ein kopi av «Restauration», det fyrste emigrantskipet som gjekk frå Stavanger til Amerika i 1825. Ei av nøttene var å finna ut kor stort skipet var.
– Me visste lasteevna, altså volumet, men ikkje måla.
Nøkkelen fann han på Norsk Tollmuseum i Oslo. På byrjinga av 1800-talet var det nemleg Tollvesenet og ikkje Sjøfartsdirektoratet som hadde ansvaret for å måla lasteevna på skip som gjekk til og frå landet.
– Dei rekna i Amsterdam-fot, men i norske tommar. Det er mange måtar å vera rar på!
Medan ein Amsterdam-fot den gongen var rundt 283 millimeter, var den norske heile 314. Det gjekk elleve norske tommar i ein Amsterdam-fot. Kvifor tollvesenet miksa måleeiningar, er ikkje godt å seia. Ein grunn kan vera at folk i Sør-Noreg selde mykje trematertiale til utlandet, mellom anna til Nederland.
– Mange av dei berømte fasadane langs kanalane i Amsterdam står på norske trestokkar. Den gongen måtte dei òg bruka måleeiningar, kanskje var det like greitt med Amsterdam-fot.
Vil eg læra meir om dette, kan eg vitja Norsk Tollmuseum i Oslo, seier han. Der har dei hengande målestokkar i fleire ulike einingar, mellom anna ein engelsk fot, som var delt opp i berre ti tommar, men dei har òg ei spanande utstilling av fortolla varer. Det var visst toll på alt mogeleg før, både fyrstikker og sko. Ei tid var det forbode å ta tobakk ut av landet, det vart mellom anna gøymt inni trådnyste.
– Å gå på tollmuseet er eit skikkeleg kurs i smugling.

Ein kjem langt utan måleeiningar, om ein berre held seg til dimensjonar.
– Det er eit språk alle kan forstå, utan å vera redd for å mangla nokre skruplar.
Og då meiner han lengdemålet skruppel, som er 1/144 av ein tomme.
Takvinklar er mellom det som ofte er rekna ut med dimensjonar. Tre delar i lengda og to delar i høgda gjev ein vinkel på like under 34 grader, same kor mange fot eller alen det er snakk om.
Når ein snakkar om tømmer, er det i to ulike nemningar, dimensjonsnemning og funk­-
sjonsnemning.
– Det er irriterande å samtala med folk som ikkje kan skilja desse to, seier far.
Er du i butikken og skal kjøpa material, handlar du plank etter dimensjonane 2 x 4, 2 x 8 og så bortetter. Det er fyrst når du kjem heim og skal bruka materialen, at det får namn som bjelke, sperre og stender, alt etter kva funksjon han har i konstruksjonen.
– Eg har vore vitne til at folk har kome til trevarehandlaren for å kjøpa «2 x 8-bjelke». Det ikkje er eit ord eingong.

Så seier han det, endeleg, at det etter dagens definisjon er 25,4 millimeter i ein imperial tomme. Ifylgje Store norske leksikon er målet tilsvarande for ein norsk tomme, det vart fastsett 1959. Men den gamle båtbyggjaren vil ikkje tukla med skruplane: Ein norsk tomme er framleis 26,15 millimeter.
– Og det er tolv norske tommar i ein norsk fot, sjølv om dei fleste nordmenn berre har ti tomlar.
Han reiser seg, vrir på seg kjeledressen som har vore bretta ned for lunsjhøvet, og strammar skinnbeltet godt om livet, utanpå dressen.
– Ein må ikkje vera dogmatisk når det gjeld måleeiningar. Det er alltid noko nytt å læra.
Det drysser sagmugg frå håret i det han set hua på toppen. Han må koma seg ned til sjøen att, der han høyrer heime, og skru på flåten han byggjer seg.
– Ja, det er mange måtar å vera rar på, seier han og går.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis