JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Langfjella gav liv til kysten

EYDEHAVN–BØYLEFOSS: I dag fylgjer eg straumleidning­ane frå fabrikken i havkanten til kraftverket i fjellheimen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei gamle turbinane på Bøylefoss kraftverk går som klokker, men treng tilsyn og stundom ein reparasjon.

Alle foto: Håvard Rem

12520
20221118

Langfjella

Del 9. Bøylefoss

I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje.

24.6. Del 1. Hjerkinn

2.7. Del 2. Lesja

8.7. Del 3. Lærdal

15.7. Del 4. Hemsedal

21.10. Del 5. Rjukan

28.10. Del 6. Rauland

4.11. Del 7. Røldal

11.11. Del 8. Hovden

havard@dagogtid.no

Eg står med sykkelen på bryggja til det no nedlagde smelteverket på Eydehavn, under straumleidningane som ein gong dreiv dei to fabrikkane som heldt liv i barndomsbygda. I dag skal eg fylgja straumgata heilt til endes oppi fjellheimen.

Rett nok nærmar me oss den tida på året då eg som avisbod på tretten år parkerte sykkelen og kvar morgon hengde den tunge avisveska på sparken i staden, men no for tida er det godt sykkelvêr jamvel om det snart er vintermånad.

Fabrikkane

I dag endar Langfjella-ferda, eit halvår etter at eg kring jonsok la ut på den fyrste ferda, til Hjerkinn (1017 moh.), den høgstliggjande stasjonen på Dovrebanen. I åtte episodar har eg arbeidd meg sørover. Men den siste turen byrjar ved nokre fabrikkar i havkanten. Kvifor?

Det er her me ser verknaden av fallhøgda i fjellheimen. Når det gjeld kraft, endar ferda på 0 moh. Vatn gjev seg ikkje før det har nådd havet, om havkanten ligg inst i ein vestlandsfjord eller, som her eg står no, heilt ytst på kysten, på Staksnes, betre kjent som Eydehavn, i Tromøysundet, mellom Tvedestrand og Arendal.

I sørvest ser eg Tromøybrua, i søraust havhorisonten. Kva har Eydehavn med Langfjella å gjera? Mykje. Var det ikkje for Langfjella, ville det knapt ha budd folk der eg voks opp. Før 1913 var Eydehavn eit stille nes med eit par gardsbruk. Snøgt var det som ein liten by.

Krafta som fekk smelteomnane til å gløda i morgonmørkeret, kom frå fossar inni landet. Frå smelteverket, lagt ned i 2005, skal eg, via Arendal, ta meg til Bøylefoss i Froland kommune, der vatn frå Arendalsvassdraget passerer kraftverket som dreiv ikkje berre smelteverket, men Nitriden òg, ein gong den største aluminiumsverksemda i landet.

Frå fabrikkane i havkanten fer eg ei mil langs kysten, inn til Arendal, og derfrå to mil inn i landet, til Bøylefoss kraftverk. Og då er me framleis heilt nedst i Arendalsvassdraget og fjellheimen.

Straumgata

Eit par kilometer frå fabrikkane ligg huset eg budde i som gut. Det ligg fint og skjerma i skogkanten. Skogkanten kjem ikkje av noka markagrense, men av næringsomsyn. Frå kjøkenvindauget har ein utsyn mot ei snauhoggen straumgate mellom huset og den eigenlege skogen. Straumgata har vore snauhoggen i 110 år, sidan fabrikkane vart reiste, men var ein gong fylt av høge og rake furuer. Dei var masteemne til verfta som låg nedi sundet, og somme vart reiste på skipa som ein gong sytte for verksemd og velferd.

Master fyller framleis straumgata attmed huset. Utan grøne kroner eller kvite segl står dei no og deler vekta av to mil lange leidningar. Framleis syter dei for arbeid og verksemd, no som høgspentmaster mellom kraftstasjonen og småindustrien nedi hamna. For det er framleis verksemd her, men fragmentert, ikkje noko å byggja eit lokalsamfunn på, ikkje som i dei fyrste seksti åra, frå opninga i 1913 til oljekrisa i 1973.

Då fabrikkane framleis gjekk for fullt, var det på våte dagar ein eigen summeljod i leidningane, som om vassdraget hadde fått ekstra fart på seg av regnet.

Ungdomsskulen

Etter to nye kilometer kjem eg til ungdomsskulen, som for å hysa alle fabrikkborna hadde heile sju klassar per steg, ein koloss som for kort tid sidan –?nett som fabrikkhallane til Nitriden – vart jamna med jorda.

Alt skal vekk. Alt ein ikkje kan byggja om til husvære, er rive eller i fråflytta forfall. Rådhuset og barneskulen er bygde om til bustader, fabrikkhallane og ungdomsskulen er rivne. Fengselet har vorte hotell. Alt er privatisert. Straumen òg. Kven bur i alle dei nye husværa? Folketalet aukar ikkje, tvert om, men me har fått råd til å bu éin og éin.

Leilegheiter har vorte det nye, helst nær vatnet. Det nye for ein mannsalder sidan var ein større einebustad med dobbelgarasje øvst på ei hei, dit ein berre kom med bil. No går husa billig. Dei gamle eigarane har husvære i vasskanten og hytte i fjellheimen.

Ein dag i 1973, før heiane vart fylte av einebustader, tok historielæraren oss med opp på heia bak ungdomsskulen. Me passerte kyrkjegarden der foreldra og brørne mine kviler, og frå heia fekk me utsyn over Tromøysundet, der oljetankarane då låg i opplag. Oljekrisa førte til redusert verksemd på fabrikkane òg.

Nei, dei var vel ikkje eit så trygt levebrød som dei ein gong hadde vore – for fedrane og bestefedrane til dei fleste i klassen. Men læraren vår – eit par år seinare sat han på Stortinget for Høgre –?ville syna oss framtida. Så der stod me og såg ei oljeplattform som vart slept gjennom Tromøysundet, frå Eydehavn-verftet til Nordsjøen. Han fekk rett. Olja gav oss råd til å kle fjellet med hytter, heiene med hus og havkanten med leilegheiter.

Saltrød gard

Ein kilometer frå ungdomsskulen, attende på riksvegen inn til Arendal, på hi sida av vegen, ligg ærverdige Saltrød gard, der det store, kvite våningshuset var barndomsheimen til ingeniør og statsminister Gunnar Knudsen. Ein annan ungdomsskulelærar fortalde oss soga om då Knudsen førte i lag spekulanten Sam Eyde og fysikaren Kristian Birkeland.

Saman var dei om ikkje dynamitt, så i det minste salpeter, kunstgjødsel, Norsk Hydro, eit industrialisert Noreg, og nye heimstader som Eydehavn, i 1913 oppkalla etter gründeren, og døypt i champagne av fru Eyde – ikkje, som planen var, av Gunnar Knudsen, statsministeren, som laut melda sjukdomsforfall.

På veggen i kontrollrommet på Bøylefoss kraftverk er det måla eit kart over Arendalsvassdraget. På utsnittet ser me nedste delen av vassdraget og sykkelruta frå fabrikkane på Eydehavn, via Arendal, til kraftverket.

Vindholmen

Ei halv mil før Arendal tek vinden tak i sykkelen, for no kjem eg til forblåsne Vindholmen, eit nes i Tromøysundet. Eigenleg skulle mastene og straumgata ha enda her, og ikkje på Eydehavn.

Arendal Fossekompani (AFK) kjøpte Vindholmen samstundes med fossane, for her såg Eyde føre seg å leggja smelteverket, så nær heimbyen som mogeleg. Den fyrste luftlinemila frå Bøylefoss peikar straumgata rakt mot Vindholmen. Fabrikkane var alt teikna. Men det synte seg at det ikkje var god nok djuphamn her, og industristaden vart flytta til neste nes, tre kvart mil i aust, med djupare hamn, Staksnes, frå 1913 Eydehavn, frå 1922 Eydehamn, frå 1965 Eydehavn att.

Då var straummastene berre ei halv mil frå havet, ikkje mykje lenger inn i landet enn der E18 går no, ved Langerød, der ein kan sjå at straumgata plutseleg tek ein brå sving.

Det gjekk over stokk og stein. Lenge visste ikkje Eyde kva han skulle nytta all vasskrafta til. Han likte ideen om smelteverk, som ein lokal tradisjon å rekna, med alle dei gamle jarnverka kring Arendal.

Langbrygga

Vegen inn mot sentrum og Pollen går attmed Langbrygga der eg vitjar den staselege bygarden til Arendal Fossekompani. Med Arendals-krakket i 1886 gjekk byen så å seia konk, men somme tenkte nytt og vende blikket frå blåmyra til fjellheimen.

Fallhøgda syter for vasskraft. Her nede på havnivået kan ein merka Langfjella i form av verknaden, bokstavleg talt, effekten, målt i watt, ei eining for elektrisk effekt, kalla opp etter James Watt (1736­–1819), den skotske ingeniøren som laga dampmaskinen.

Då watt i 1890 vart internasjonalt godkjend måleeining, var det berre seks år til pionerar skipa Arendal Fossekompani og sikra seg fallrettane til Bøylefoss. Ein pionar var Ragnvald Blakstad.

Sam Eyde arbeidde framleis som ung ingeniør i Tyskland då Fossekompaniet vart skipa i Arendal i 1896, ti år etter krakket. Då var seglskutetida over, og ein reiarson som Sam Eyde vart ikkje reiar sjølv, men ingeniør. Med eitt var det ikkje kraft frå vind, men vatn som stod for velferda i distriktet der Det norske Arbeidarpartiet vart skipa i denne overgangstida.

Arendal Fossekompani hadde 100 prosent av inntektene sine frå kraft heilt fram til den famøse privatiseringa og dereguleringa i 1991. AFK sikra seg fallrettar før heimfallsretten kom på plass etter unionsoppløysinga, og eig framleis målet for ferda i dag, Bøylefoss kraftverk, men no kjem berre 4 prosent av inntektene frå kraft. Av dei 2200 AFK-tilsette arbeider brorparten med investeringar ­–?i energi, teknologi og digitalisering.

Arendalsbanen

På dei to mila frå AFK-kontora på Langbrygga til Bøylefoss kraftverk fylgjer me livsnerven Nidelva, hovudelva i Arendalsvassdraget, ein føresetnad for kraftutbygginga, i lag med jarnbanen som går parallelt med elva, Arendalsbanen, kjend som ein sidebane til Sørlandsbanen, med kvart den einaste sidebanen.

Opphavleg var han ingen sidebane. Han er langt eldre enn Sørlandsbanen, opna alt i 1908, og gjekk då ikkje berre til Nelaug, men fylgde Arendalsvassdraget inn i Telemark, til Treungen, der innsjøen og vassvegen Nisser går vidare til Vrådal.

Slik vart det moderne Noreg bygd. Slik større nasjonar bygde ut koloniane sine, ikkje berre attmed kysten, men i innlandet, slik bygde den tidlegare kolonien og unionspartnaren Noreg ut seg sjølv, med jarnbane som batt saman kraftverk og fabrikkar.

Lyngroth

Eg fylgjer vegen, elva og jarnbanen inn i Froland kommune, og kjem til Lyngroth, midtveges mellom Arendal og Bøylefoss. No byrjar landet å stiga.

Om ein legg inn ei rute i Google Maps og endrar framkomstmiddel frå bil til sykkel, kjem det nedst i biletet ein høgdeprofil for ruta. Skal ein kjenna Noreg, lyt ein stundom kjenna den omvende fallhøgda som mjølkesyre i låra. Slikt får ein ikkje av å trakka på gasspedalar, men sykkelpedalar. Pedalkrafta er vasskrafta motsett veg, på ein elsykkel òg. Watt, om ein vil. Eg las om ein kar som ser nyhende og fotballkampar med sveitte i andletet etter at han kopla fjernsynet frå straumnettet og til ergometersykkelen i stova.

I Froland passerer eg Lyngroth. Her arbeidde eg ein heil sumar for ein skogeigar. Tre vart ved. Eg felte, kvista, kappa, kløyvde og stabla. Fekk betalt per lakter. Det ligg mange watt i ein lakter. Eg kom i så god form av å arbeida i skogen, og ein ettermiddag sakna eg så fælt kjærasten. Ho var på familiehytta oppi Austheiane, 400 moh., så eg kasta meg på ein sykkel med både gir og bukkestyre. Eg var bukken, det var ni mil til hytta og lengst var høgdemetrane. Like vondt som det var å kjenna fallhøgda i låra, var det godt å setja sykkelen frå seg mot hytteveggen, umeld, før SMS-tida.

Bøylefoss

Bøylefoss er det eldste og største kraftverket i Arendalsvassdraget. Den grøne murbygningen frå 1913 ligg mellom ein foss og ei bøyleforma bakevje i Nidelva. Han som syner meg rundt, Jan Roald Evensen, kjenner kraftverket betre enn nokon. Han vart unnfanga i fosseduren hausten 1965 då far hans, etter å ha seglt som maskinist, gjekk i land og fekk arbeid på kraftverket og hus i nærleiken. Sumaren etter kom sonen til verda og Bøylefoss. I dag er han driftssjef.

Den 109 år gamle bygningen er eit levande museum, og Evensen kjenner kvar krik og krok.

– For fyrste gong sidan dei starta her i 1913, hadde me i 2020 stans i drifta, i seks veker.

– Kvifor?

– Av di straumprisane var så låge. Det lønte seg ikkje å driva.

– Og sidan vart dei plutseleg skyhøge?

Han ristar på hovudet.

– Etter dereguleringa har alt vorte profittbasert. Du kjem frå Eydehavn, ikkje sant?

Han peikar på straumleidningane som forsvinn søraustover frå kraftstasjonen.

–? Om dei skulle starta opp att ein omn nede på ein av fabrikkane, så ringde dei opp til oss, og så køyrde me på med meir straum. Det handla om å halda eit heilt lokalsamfunn i live. Straum var like viktig som lufta me pustar i, som vatnet i springen, og no driv spekulantar og gjer seg rike på det medan vanlege folk vert utrygge.

Nede i turbinhallen driv ein sveisar og fiksar ein av turbinane. Evensen peikar:

–? Den blå til høgre er frå 1925, bygd på Kværner, og den nyaste er frå 1975. Dei går som klokker. Men no har Noreg mista kompetanse og produksjonsmiljø. På Flatenfoss trong me nytt utstyr i 2009, men no kan ingen her heime laga det. Det vart ein Siemens der generatoren er spansk og turbinen slovensk.

Rørsla nedover

I byrjinga av Langfjella-serien freista geologar å gjera greie for prosessane bak fjellforminga og landhevinga som pregar landet frå dinosaurane forsvann til Dovre fell. Det har vorte ei ferd gjennom ein fjellheim som har forma soga vår på godt og vondt –? så uframkomeleg at Noreg som heilskap fall frå kvarandre etter svartedauden, med ei fallhøgd som sidan gav landet kraft til industrialiseringa og velferdssamfunnet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis