JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Kva er meininga med permisjonslivet?

Livet i permisjon må berre gå seg til. Då trengst det riktig fottøy.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

11193
20210226

Permisjon

Etter elleve år som lokalavisjournalist tek May Linn Clement permisjon. Del 3

maylinnclement@hotmail.com

Ein myte om lokalavisjournalistar er at me er ute på farten heile tida. Fyk rundt med blokka i handa og kamera rundt halsen og produserer stoff til bladet. Sanninga er at me sit i ro store delar av dagen. Me får vond rygg og må få spesialstolar, slik at det ikkje vert så vondt å sitja lenger. Om det stemmer, som dei seier ved Cornell University, at sitjing er den nye røyken, har eg vore storrøykjar lenge.

Men eg prøver å slutta. No er det ein månad sidan eg sist sat på ein kontorstol.

Permisjonstida byrja ikkje slik eg hadde trudd. Eg trudde eg skulle kjenna ei ro i kroppen av ikkje å gå på jobb, at eg i rein harmoni skulle veksla mellom å dyrka kreative prosjekt og vera driftig husmor.

I staden vart eg uroleg. Det stressa meg å ikkje gå på kontoret, å ikkje tena dei pengane eg kunne tent. Eg tok meg nær av å ikkje lenger få dei felles e-breva til redaksjonen, og eg kjende meg utanfor då eg mista tilgangen til kalenderen og den interne Facebook-gruppa til kollegaane mine i Marsteinen. Eg anka over å ikkje vera ein del av noko større. Det eg hadde gledd meg mest til, var å ikkje få meldingar frå redaktøren om eg kunne sjå nærare på den eller den saka til neste veke. I staden vart eg uroa av å ikkje høyra noko frå han.

«I made my family disappear», seier Kevin i Alene hjemme.

Nett slik kjende eg det òg.

På same måte som Kevin visste eg ikkje korleis eg skulle ta i bruk denne nyvunne fridomen. Der Kevin fyrst nytta tida åleine heime til å gjera alt han ikkje hadde lov til, vart eg lat av å ikkje ha faste rammer rundt meg. Dei fyrste vekene gjorde eg forbausande lite.

«No sakna eg eit vedlad i livet mitt, men kor skulle eg finna det?»

Er det slik det kjennest å gå av med pensjon, utan å vera heilt førebudd på den usosiale biten? På nettavisene kjem eg rett som det er over saker om pensjonssparing, om kor viktig det er å tenkja på kva ein skal leva av etter arbeidslivet. Ingen saker handlar om korleis ein skal finna meining i livet når ingen lenger treng ein som før.

WWBD – What would besten do? Han arbeidde frå han var ungdom, fyrst på fiske og deretter i utanriksfarten. På skipa reiste han verda rundt mange gongar. Den beste tannlegen han hadde vore hos, var i Japan. På stoveveggen min heng mandolinen han kjøpte i Venezia i 50-åra. I 60-åra gjekk han i land og byrja som telemontør i Televerket. I tillegg var han skytebas, noko som gav han løyve til å skyta hòl til nye telestolpar. Det var ikkje vanleg at montørar hadde dette løyvet, så besten vart ofte hanka inn når nye hòl skulle skytast ut rundt om i fylket.

Besten var alt pensjonist då eg vart fødd. Så lenge eg kan hugsa, var det ved, og alt som har med brensel å gjera, som opptok han. Han gjekk i skogen, hogg tre, saga dei opp i kubbar, fekk dei heim, kløyvde dei til ved, stabla veden til turking utandørs, deretter ny stabling i vedskjulet og til slutt var det besten som sat ved omnen og fyrte opp. Han fekk det alltid til på fyrste forsøk.

Då eg var lita, var dei ni sysken i flokken, og fleire av dei budde her i grenda. Ein etter ein døydde dei vekk. Nokon måtte vera den siste, den som overlevde åtte sysken, og det vart besten. Det var ein siger med bismak. Det vondaste tapet for han var då besto døydde. For det var jo ikkje ho som skulle døy fyrst. Éin ting fekk han likevel opp og ut: veden.

– Eg går ut og ser til vedladet, eg, sa han dagleg.

Sjølv då han var 92 år, var han ute støtt og flytta litt på nokre vedkubbar i ladet. Då besten døydde, vart det kaldt i huset.

No sakna eg eit vedlad i livet mitt, men kvar skulle eg finna det?

Ting vert ofte ikkje slik eg har sett det føre meg. I 2008 tok eg toget frå Stavanger til Oslo, der eg hadde fått praksisplass på einkameraavdelinga i TV 2. Eg gledde meg. I seks veker skulle eg produsera nyhendeinnslag, ta T-banen, drikka øl i parkar og dela kjøken og bad med sju andre studentar. Ingenting av dette fungerte for meg.

Med friskt mot møtte eg opp hos TV 2 i Karl Johans gate måndag 5. mai. Dei som kjenner meg, veit at dette er fødselsdagen min, men eg rekna sjølvsagt ikkje med å bli møtt med kake og ballongar fyrste praksisdag. Det vart eg ikkje heller, det var ingen der som visste at eg kom. Han som gav meg praksisplass, hadde gløymt meg. Eg fekk beskjed om å møta til ein ny start neste dag.

Då eg møtte opp att 6. mai, låg nøkkelkortet og venta på meg i resepsjonen. Det bar namnet «Mai-Liss Clemet», og eg sa ingenting på det.

«WWBD – What would besten do?»

Heime i Sogn studentby var det i grunnen stussleg. Me var to frå klassen min som fekk oss rom i same kollektiv. Dei fastbuande brydde seg ikkje om oss korttidsleigarane. Dei få gongane eg våga å leggja noko i kjøleskåpet, forsvann det på mystisk vis. Dei høgthengande vaskevekereglane skjønte eg fort vart forsømte.

Parklivet med øl fekk eg heller ikkje til. Eg vart sitjande og sjå over skuldra støtt, redd for at politiet kom og gav meg bot. Det er som om kroppen min fylgjer lovverket til landet eg er i. Plasser meg i Luxembourghagen i Paris ein varm seinsommardag, så skal du få sjå tytta som kan nyta parklivet til det fulle.

Men det losna. Eg fekk fylgja nokre av dei beste fotografane i landet på oppdrag og filma og klippa eigne innslag til Nyhetskanalen. Det viste seg å vera eit einsformig arbeid, men det var no eingong det eg kom for å gjera.

Kollektivet var framleis skite og kjølig, men eg hadde andre vennar å vera saman med i Oslo.

Før eg var på toget attende til Stavanger, klarte eg å drikka ein heil øl i parken. Men eg likte det ikkje.

Permisjonstilværet kom seg, om ikkje så brått. Etter å ha brukt nokre veker på å grubla om dagen og kverna tankar om natta var eg framleis i villreie om kva eg skulle nytta den nye kvardagen til. Stillstanden måtte brytast. Eg kjende det som at livet hadde gjeve meg sitronar, og køyrde heim til foreldra mine for å laga limonade.

Denne ruta kan eg godt. Då eg var lita, køyrde me frå Norheimsund til Austevoll for å besøkja besto og besten. No køyrer eg andre vegen for at borna mine skal besøkja besteforeldra sine. Eg må ha køyrt dette strekket, mellom nett dei to same husa, mange hundre gongar.

Det er ein lette å koma seg forbi flaskehalsen ved Trengereid og ta til høgre mot Kvam. Nesten ingen skal mot Kvamskogen lenger, dei skal berre over Dale, til Voss eller Myrkdalen, den nye skihovudstaden på Vestlandet. Når eg kjem til Samnanger, er det 35 minutt til eg er heime, og i det eg passerer Bjørkheim, sender eg ein tanke til lygnhalsane som arbeidde på Statoil-stasjonen der for 16 år sidan, og smiler for meg sjølv.

Året var 2005. Kollegaane mine frå Statoil Øystese og eg hadde vore på kurs i Bergen då me bestemte oss for å stoppa innom stasjonen i Samnanger på vegen heim att. Grunnen var at me på denne tida hadde ein intern menykonkurranse. Det fyrste ein lærer som stasjonspersonale, er omgrepet meirsal: å selja meir enn det kunden ber om. Når nokon kjøper ei pølse, skal ein sporenstreks tilby ei flaske drikke til maten. Då vert det ein meny. Stasjonen som selde flest menyar, vann konkurransen.

På statistikken leia Samnanger suverent: Dei selde 100 prosent menyar, veke etter veke. Internt vart dei hylla som uslåelege menykongar, og me ana ugler i mosen.

Ein etter ein gjekk me inn, undercover, for å kjøpa pølser. To av oss kjøpte pølse utan brus, og to med. Alle bad me om kvittering. Der stod det svart på kvitt. Menyane hadde dei slått inn som menyar, ved å nytta den rette PLU-koden, 3150. Pølsene utan brus var derimot slått inn som «varm mat», utan å bruka PLU-koden 3100. Desse vart difor ikkje registrerte som ikkje-menyar.

Me melde frå til sjefen vår, og ho tok det vidare opp i systemet. Neste veke var Statoil Samnanger langt nede på menystatistikken. Øvst trona Statoil Øystese med rundt 90 prosent menysal, og det med berre forsiktig bruk av «varm mat»-knappen.

I dag er begge stasjonane historie.

Framme i Norheimsund rundar eg kaien før eg køyrer opp til Tolomarka, byggjefeltet eg er fødd og oppvaksen i. Eg vert 16 år i det eg går inn dørene heime, og fell inn i den uavvendelege familiedynamikken. Her er alt ved det same. I gangen vert eg møtt av eit bilbatteri som står på lading, og i stova står far på kne framføre omnen og høgg oppfyringsved med øks. Små trefliser sprett rundt i rommet.

Eg ser ned på han og mumlar.

– Du veit det finst noko som heiter tennbrikettar...

– Hm, spør han.

– Ingenting, seier eg og vender meg mot kjøkenet, der mor står over grytene.

– Har de noko vin i huset, eller?

Bror min, som også bur i bygda, er visst òg på kjøkenet.

– Eg har øl. IPA. Smaka på det i går, trur det er det beste eg har laga til no.

Så det vert heimebrygg i staden. Det er eit tiltak å drikka heimebrygg, i alle fall når bryggjaren ser på og eg må skildra smaken etter kvar sup. Nei, dette er noko anna enn det du får i butikken. Er nedtur å ta seg ein vassen pils etter eit glas spennande IPA, ja. Åh, den fargen. Åh, den lukta.

Mellom overdriven IPA-nyting, kjeklinga til foreldra mine, bjeffinga til hunden Ronja, kvina til katten Klara og duren frå akvariepumpa der skjelpaddene Plitt og Plott bur, vert eg skuffa over mi eiga vurderingsevne: Var det verkeleg hit eg drog for å finna ro, når eg sjølv bur landleg til med skog og vatn like i nærleiken?

Det vert ein snartur denne gongen. Eg skjønar at å skifta stove ikkje endrar sinnet mitt. Alt morgonen etter vil eg heim att. Men fyrst må eg til Øystese og Skobutikken. Der, hos Dragoslav, kjøper eg alle skoa mine.

– Eg treng tursko. Vasstette. Dei må tola mykje myr, seier eg, og Dragoslav finn fram eit par lysebrune Ecco-sko.

Perfekt. Eg kjøper dei, ber han helsa kona og døtrene og dreg.

Dragoslav er eit førebilete for meg. Då tenkjer eg ikkje berre på det at han kom som flyktning frå Jugoslavia og bygde opp si eiga vesle verksemd frå ingenting i 1996.

Eg var ti år då Dragoslav lærte meg kor viktige føtene mine er. Feil sko kan øydeleggja foten, sa han. Dei skoa augo mine liker best, treng ikkje vera dei same skoa føtene likar best. Han studerte føtene mine, såg kvar skoen trykte, og fann rett fottøy. Det var skoen som skulle passa meg, ikkje eg som skulle passa skoen.

Eg rundar kaien ein gong til før eg susar heim att til Austevoll, knyter turskoa og går til skogs.

Å gå i skogen er det motsette av å sitja på ein kontorstol framføre ein skjerm. Medan eg går, kjem idear og gode vendingar til meg utan at eg aktivt har jakta dei.

Skogen byrjar 200 meter frå huset mitt, og ein sti herfrå går til det høgste punktet i Austevoll, Loddo, 244 meter over havet, men eg skal ikkje opp der. På halvvegen er det ein liten bekk som klukkar ned mot ein poll. Eg treng ikkje gå over bekken, men fylgjer han i staden. Han tek meg til ei skjerma strand av sand og småstein. På denne vesle stranda endar ferda mi.

Eg var blind, men no ser eg. Å teikna og skriva er vedladet mitt. Det er det eg kan, og det er det eg likar å gjera. Besten fann meining med pensjonistlivet. Eg har funne meining med permisjonslivet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis