JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Kor mange maskiner har elsparkesykkelen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I steinalderen var det berre stiar gjennom landskapet. Seinare kom det kjerrevegar og brusteinsgater, men dei var dårleg eigna til lauparhjul. Elsparkesykkelen føreset eit moderne urbant miljø med asfalterte gater.

Teikning: Atle Skorstad

4699
20230224
4699
20230224

Dei fleste har eit tilhøve til elsparkesykkelen. Vi brukar han gjennom bygatene fordi han er så forbaska praktisk, samtidig som vi irriterer oss over ungdommar som susar ansvarslaust av garde. Så lenge elsparkesykkelen verkar, treng vi ikkje tenkje på det avanserte maskineriet som ligg mellom.

Dei færraste tenkjer over kor mange maskiner som er bygde inn i elsparkesykkelen. Han er omtrent som ei kinesisk øskje av maskiner som er kopla saman og delvis overlappar kvarandre.

Arbeidsmaskin. Elsparkesykkelen er ei arbeidsmaskin. Arbeidsmaskiner utfører fysiske oppgåver med stor presisjon. Elsparkesykkelen flyttar deg gjennom byen med hjul som går rundt på ein aksel.

Reint mekanisk er det ikkje ein sykkel, men eit lauparhjul. Ein treng sjølvsagt ikkje sparke frå, for motoren gjer alt det nødvendige arbeidet med framdrifta.

Ein kan stå der som ein statue på fotbrettet og bestemme retninga og farten på det arbeidet som blir gjort, med enkle, intuitive rørsler.

Kraftmaskin. Dei mekaniske eigenskapane til elsparkesykkelen er hjelpte fram av ein batteridriven elektromotor, og dette er ei kraftmaskin. Kraftmaskiner kan koplast opp til allslags arbeidsmaskiner, for eksempel ei symaskin eller ein kaffitraktar.

I vårt tilfelle skapar motoren kraft til det tunge arbeidet med å drive sparkesykkelen framover. Motoren kunne for så vidt ha vore ei lita dampmaskin eller eit menneske som sparkar frå med eit av beina.

Nettverk. Gatene er eit fysisk nettverk som kanaliserer rørsleenergi hjå dei farkostane som flyttar seg gjennom det. Gatene er knytte saman på ein slik måte at du kan dra dit du vil, på elsparkesykkelen. Dette fysiske nettverket blir spegla i Google Maps.

Aktivitetane dine vert regulerte av ei sinnrik samankopling av ulike nettverk. Fysiske gateløp vert kopla til kartdata som vert kopla til dataprogram, som reknar ut posisjonen din i nettverket med hjelp av geostasjonære satellittar, bakkestasjonar og signaltårn langs vegane.

Datamaskiner. Elsparkesykkelen har ei datamaskin i sjølve farkosten og er kopla til store datasystem som firmaa driftar. Datamaskiner er baserte på strengt matematisk regelfølging og kan gjere kompliserte utrekningar automatisk og veldig kjapt.

Dei reknar ut kor lenge ein har køyrt, og kva ein skal betale. Og når ein skal parkere, reknar dei ut om ein har parkert korrekt eller må flytte farkosten. Utan datamaskiner verkar ingenting.

Mobiltelefon. Mobilen din er òg ein del av datamaskinnettverket til elsparkesykkelen. Ein app gjer at elsparkesykkelen kan aktiverast.

Appen gjev tilgang til datasystemet til firmaet og betalingstenestene til banken. Desse systema samla styrer handlingsrommet ein har med sykkelen.

Ein må ha ein personleg konto, samstundes som algoritmar plasserte i ulike datamaskiner i nettverket gjer andre viktige utrekningar. Firmaet har full kontroll på kvar sykkelen er, og kven som er innlogga til kvar tid.

Kunstig intelligens. Kunstig intelligens er dataprogram som løyser vanskelege problem og tileignar seg ny kunnskap. Når ein er ute og køyrer, blir ein kanskje usikker på retninga, og då kan ein starte navigasjonsassistenten i Google Maps.

Når ein ber om råd, analyserer systemet eit stort datamateriale for å lage ein plan, før det formulerer ei rute som vert formidla med syntetisk tale.

Medan ein susar av garde, får ein hjelp frå ei tillitvekkjande damestemme som fortel ein kor ein bør svinge. Maskina har lært seg kunstig tale ved å trene nevrale nettverk.

Autonome system. Dei mange maskinene i elsparkesykkelen gjer at han delvis kan styre seg sjølv. Autonome system utfører viktige handlingar utan at ein treng tenkje på det eller kan overstyre dei.

Elsparkesykkelen har sensorar som fortel om han rører på seg og kor i gatelekamen han er. Han har aktuatorar i form av hjul og ein motor som får han til å røre seg av seg sjølv, og han har eit tilbakeføringssystem som analyserer input frå sensorar, slik at han til dømes held fartsgrensene.

Systemet skrur på ein alarm dersom nokon prøver å bruke farkosten utan å vere pålogga eller prøver å parkere på stader der dette ikkje er lov.

Det er minst ti maskiner i elsparkesykkelen. Sjølv tekniske ekspertar forstår berre noko av alt det som går føre seg i ein slik teknologi, og ville neppe blitt einige om kor grensene går mellom ulike maskiner.

Ein ekspert på apputvikling veit lite eller ingenting om å lage effektive batteri, og ein elektroingeniør veit lite eller ingenting om å lage betalingssystem.

Slik gjensidig utelukkande spesialisering er typisk for moderne teknologi og gjer at det i praksis er uråd å seie kor mange maskiner elsparkesykkelen har.

Lars Nyre og Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis