JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Kan eg bli operert av den flinkaste?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Risikoen for å døy etter ein operasjon ligg kring 4 prosent i europeiske land samla sett, men berre på 1,5 prosent i Noreg, ifylgje ein studie frå 2012.

Foto: Helge Hansen / NTB

5301
20230106
5301
20230106

«Kor mange slike operasjonar har du gjort før, unge mann?»

Spørsmålet overrumpla meg. Eg skulle utføra min aller første operasjon for nakkeprolaps og hadde akkurat informert pasienten om forventa resultat og risiko. Og om vegen inn til virvelsøyla og prolapsen mellom blodkar og nervar via eit snitt til høgre på halsen. Heldigvis slo han seg til ro då eg svara som sant var, at eg hadde «vore med på ein god del slike inngrep tidlegare». Operasjonen vart vellukka – eg opererte med god rettleiing av ein røynd kollega.

Spørsmålet hans var godt ­– kanskje det viktigaste du kan stilla for å finna ut om kirurgen din er kompetent. Du reknar jo med at den som har operert mange gonger, kan faget sitt.

Det er vanskeleg å tenkja seg kirurgiske inngrep heilt utan skadelege verknader. Straks kirurgen snittar i hud eller slimhinne, vert det opna for skadar som infeksjon eller bløding. Risikoen kan reduserast, men neppe eliminerast heilt. Best mogeleg planlegging, førebuing av pasienten, hygiene, utstyr, opplæring, kirurgisk teknikk, overvaking etter operasjonen – alt dette høyrer med.

Dei fleste komplikasjonane etter kirurgi, til dømes urinvegsinfeksjon eller luftvegsinfeksjon, er mindre alvorlege og gjev berre forbigåande plager. Meir alvorleg er det at varig mein eller dødsfall førekjem hjå 2­–4 prosent etter eit gjennomsnittleg stort kirurgisk inngrep utført av ein gjennomsnittleg kirurg. Risikoen for å døy etter ein operasjon ligg kring 4 prosent i europeiske land samla sett, men berre på 1,5 prosent i Noreg, ifylgje ein studie frå 2012. Slik sett er norske kirurgar – og pasientar – blant dei beste i Europa.

Forsking syner at halvparten av komplikasjonane kan førebyggjast. Mange kvalitetsforbetrande tiltak er difor sette inn dei siste åra, også i norske sjukehus, men det har vist seg vanskeleg å redusera talet på pasientskadar i nemnande grad med slike initiativ. Systematisk bruk av registerdata, derimot, har gjeve tydeleg kvalitetsforbetring langsamt og steg for steg. Leddregisteret i Noreg, til dømes, har heilt sidan 1987 levert detaljerte data om pasientar som får hofteprotese, og dermed gjeve grunnlag for å forbetra operasjonsmetoden, mellom anna slik at færre pasientar treng å få skifta ut protesen. Registeret har rangert sjukehusa og vist at resultata er betre der ein utfører over 100 slike operasjonar i året, altså at øving gjer meister.

Kirurgar finst av alle slag. Dei fleste kan jobben sin, men nokre er rett og slett mindre flinke enn andre. I ein stor studie frå USA fann granskarane at nokre få verstingar blant kirurgane hadde opptil tre gonger fleire komplikasjonar enn «normalt». Dei var ikkje mange, men dei var å finna overalt i landet, høgt og lågt i hierarkiet, og jamvel på dei beste sjukehusa.

Det kan krevja opptil 15 års konsentrert øving og praksis før ein kirurg verkeleg meistrar dei vanskelegaste inngrepa, om lag den tida det tek å bli ein virtuos musikar. Dei kirurgane som har mange års røynsle med eit inngrep, vil som regel få dei beste resultata. Ekstra kvalitetssikring blir det når to kirurgar arbeider saman på eit inngrep, særleg viktig er dette for dei yngste og dei eldste kirurgane.

Kva vil det seia å vera «flink» kirurg? Godt handlag og solid fagkunnskap har alltid vore viktig for den som skal lækja med kniven. Elles har krava til kirurgen variert med tidene.

For 200 år sidan var éin kvalifikasjon heilt avgjerande: operatøren måtte vera rask. Dei beste kunne amputera ein legg eller eit kvinnebryst på 30 sekundar utan anna døyving enn ein slurk brennevin til pasienten og til kirurgen.

Tidleg på 1900-talet, med pasienten slumrande i narkose, kunne kirurgane ta seg tid til å vera kreative og dristige: finna nye metodar, til dømes fjerna delar av tarmen og kopla resten saman så godt som råd, eller skjera over sambandet mellom pannelappane og resten av hjernen.

I dag er kirurgi blitt eit fag med ei rekkje velprøvde standardmetodar. Det er neppe mange av oss som ynskjer å bli operert av ein lynrask eller spesielt kreativ kirurg. Andre eigenskapar er viktigare, i tillegg til god operasjonsteknikk: solid røynsle, gjennomtenkt planlegging og oppfylging, godt samarbeid med pasienten og med alle dei andre i det opererande arbeidslaget. Helst skal kirurgen ha eit kaldt hovud, attåt eit varmt hjarta og varme hender. Og operasjonsresultata skal alltid vera dei beste.

Når du endeleg har funne fram til denne eineståande personen, er det tid for å tvila. Dette er kanskje ikkje nok?! Det skal nemleg langt meir til enn ein god kirurg for å sikra at operasjonen din blir vellukka.

Problem kan inntreffa når du er nyoperert: store smerter, bløding, pustevanskar, blodpropp ­– nokre av dei av meir generell art utan direkte samband med operasjonsteknikk. Uønskte hendingar – feil, avvik og pasientskadar – førekjem vel så ofte perioperativt, altså like før eller etter operasjonstidspunktet, som under sjølve inngrepet. Det er grunnen til at du treng god overvaking dei fyrste dagane, helst på eit velutstyrt sjukehus med dugande fagfolk tilgjengeleg natt og dag. Difor er det meir vitug å leita etter det beste sjukehuset for din operasjon – med mange inngrep og framifrå resultat – enn det er å spørja etter den flinkaste kirurgen.

Haldor Slettebø

hsletteb@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis