Johannes Gjerdåker (1936–2020)
Johannes Gjerdåker vart 84 år gamal.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Johannes Gjerdåker vart 84 år gamal.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Ein god ven er gått bort. Ein diktarhøvding og språkmeister. Det er ikkje vanskeleg å finna store ord eller nemna store verk. Men det er ikkje det som kjem fyrst. Det er det karakteren som gjer, det varme, djupe mennesket Johannes Gjerdåker, lidenskapeleg interessert i alt menneskeleg til alle tider, som i sine eldre dagar kunne seia høgt om noko tema som dukka opp: «Gaman å læra noko meir om det!» Han synte respekt for alt han retta merksemd mot. Eit langt liv i bøker hadde gjort han audmjuk og meir nyfiken på livet. Det var helst då samtalepartnaren gjekk tom, at ein fekk sjå glimt av det han sat inne med. Eg tenkte ofte tanken og lyt seia det høgt no: Han var nett slik eit danna menneske skal vera. Som ein glimestein.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.