JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

I gode og vonde arbeidsdagar

Eit minnekort og to USB-pennar. Er det alt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

11658
20210219

Permisjonen

Etter elleve år som lokalavisjournalist tek May Linn Clement permisjon. Del 2

maylinnclement@hotmail.com

Det er rart å pakka saman eit elleve år langt kontorliv. Eg har alltid synest det ser så kummerleg ut på film, når nokon sluttar på kontoret. Dei får ein kasse og fyller han opp med permar, Post-it-lappar og biletet av familien som stod på pulten. Når dei går ut døra, er det ingen teikn på at dei nokon gong har arbeidd der.

Kassen med dei personlege eigedelane mine er nesten tom. Eit minnekort, eit par skriveblokker og nokre USB-pennar dekkjer ikkje eingong botnen.

I morgon byrjar permisjonen min. Utanom meg er det berre redaktøren som er på kontoret i dag. Det var han som gjorde jobbintervjuet og gav meg stillinga her for elleve år sidan. Av arbeidsprøvar hadde eg ein bråte teikningar og nokre petitar frå studentavisa i Stavanger, ingen reportasje eller portrettintervju. Likevel fekk eg jobben som journalist i Marsteinen, med full tillit frå dag éin. Her har eg fått gjera kva eg vil, så lenge eg vil noko.

Eg var 16 år då eg fekk den fyrste skikkelege jobben min. Det var å setja varer i hyllene på Spar i nabobygda Øystese. Sidan eg ikkje var 18 år, fekk eg ikkje sitja i kassa. Eg arbeidde berre om torsdagar, når varene kom.

Me var to som var kalla inn til intervju, på same tid. Ei som gjekk året over meg på teikning, form og farge ved Norheimsund vidaregåande skule, og meg. Noko så kleint. Der sat me på eit lite kontor og svara etter oppskrift på spørsmål om dei gode og dårlege eigenskapane våre. Det var om å gjera å vera mest tilgjengeleg for arbeidsgjevaren. Eg trudde det var henne eller meg før intervjuet var ferdig og arbeidsgjevaren sa:

– Me treng dykk begge to.

Så fekk me kvar vår raude genser og byrja å jobba med ein gong. Sjefen såg på hyllene som om det var eit kunstverk.

– Få varene meir fram. Tenk varetrykk, varetrykk, varetrykk!

Varetrykk betyr at det skal sjå fullt og ryddig ut i hyllene til kvar tid. Varer som står langt bak, må takast fram i lyset, fram på fremste rad. Då ser det fullt ut, om så det er heilt tomt bak.

«Den som ikkje har opplevd å bli skoten med ei kom­pres­sor­driven stiftemaskin, veit ikkje kva smerte er.»

Også i ei lita lokalavis er varetrykket viktig. Med store ord og enkle grep skapar me ein ryddig hyllekant. Me deler oss inn i grupper: redaksjonen og marknadsavdelinga. Desse to har ingenting – eg understrekar – ingenting med kvarandre å gjera. Når folk ringer meg om at dei ikkje har fått avisa, er eg beinhard på at slikt må dei ta opp med marknadsavdelinga. Eg, som er i redaksjonen, veit ingenting om abonnentar og slikt.

Og skal du ha ein annonse, må du for all del ikkje kontakta redaksjonen. Det er så langt frå mitt bord som du kjem. Det er nesten som eg ikkje veit kven dei der annonsefolka er, eingong. Eg kan absolutt ikkje hjelpa deg.

Me sparar gode idear til redaksjonsmøtet er sett, og går tenestevegen når me vil ta noko opp med leiinga. Det høyrest betre ut enn å gå over gangen og banka på ei dør.

Ein gong overhøyrde eg redaktøren seia i telefonen at han ikkje hadde høve til å koma sjølv, men at han skulle høyra med nokon i staben om dei kunne ta på seg saka. På denne tida var det berre éin person i staben, og det var meg.

Alle desse store orda verkar brått små når me sit rundt bordet i felleslunsjen om tysdagane. Er økonomiavdelinga på jobb, vert me maks seks personar.

Slik skal det vera. Ein ryddig fasade aukar varetrykket, som igjen aukar kjøpelysta til kunden.

Når eg er i ein butikk der dei sel Marsteinen, rettar eg opp avisene slik at dei ser fine ut ved kassa.

Eg har alltid likt å jobba. Å tena mine eigne pengar har vore viktig for meg. I friåret etter vidaregåande balanserte eg fire ulike jobbar i Norheimsund og Øystese. På dagtid selde eg brukskunst på Nova, som låg ved Sandven Hotel og var den finaste butikken på heile Vestlandet, minst. Om kvelden skifta eg vindaugeviskarar og selde oljefilter og grillpølser på Statoil i Øystese. Deretter tok eg nattevakt i eit bufellesskap, og ein dag i veka var eg støttekontakt.

Då eg flytta til Stavanger for å studera fjernsyns- og multimedieproduksjon, var det om å gjera å finna ei inntektskjelde på si. Med brei bakgrunn frå sal og service fekk eg jobb hos gullsmed og urmakar Bjørklund på Arkaden senter i sentrum. Eg selde glorete Dolce & Gabbana-klokker og feite sølvkjeder til usikre gangsterspirer, og dyre diamantar til sjølvsikre menn i dress. Halve jobben var å sitja ved ein liten arbeidspult og skifta batteri i alskens klokker, noko eg likte særs godt å gjera. Å liksom operera inni urverka med ørsmå skrujern og spisse pinsettar kravde ei stødig hand.

Korleis eg har landa dei jobbane eg har fått oppigjennom, er meir tilfeldig enn at eg er ein god søknadsskrivar. Dei gongane eg har blitt kalla inn til intervju, har eg i stor grad klart å øydeleggja det heile for meg sjølv med å svara både feil og flåsete og rett fram loge.

Eitt intervju minnast eg som den verste dagen i livet mitt: 12. mai 2011. Eg hadde sagt frå til redaktøren min i Marsteinen om at eg ville gje meg til sommaren. Då hadde eg arbeidd i avisa i to år, som var eitt meir enn eg hadde tenkt.

Som eit steg på vegen i å koma meg vidare i livet søkte eg på ei praktikantstilling ved NRKs nynorske mediesenter i Førde, og var no kalla inn til intervju.

– Det der fiksar du lett, sa ein kamerat som alt var uteksaminert ved senteret og hadde fått fast jobb i NRK Rogaland.

Nokre dagar før intervjuet var bestefar min, som eg hadde budd saman med i nesten to år, blitt alvorleg sjuk og var sengeliggjande på det lokale pleiesenteret.

– I morgon skal eg til Førde, på intervju hos NRK! Etterpå kjem eg rett tilbake til deg, sa eg til han.

Han lo og var stolt. Tenk, eit barnebarn i statskanalen.

– Da e’ svært, da, guddla!

Bussen frå Bergen til Førde gjekk tidleg om morgonen. Vel framme vart eg møtt av to damer som skulle gjera eit tredelt intervju med meg. Fyrst ein vanleg spørjerunde.

– Kva nettstadar er du innom kvar dag, spurde ei.

Svaret mitt gjer meg flau. Det er pinleg berre å skriva det, sjølv over ni år seinare.

– Regjeringen.no, sa eg.

Eg fylgde opp med å påstå at radioprogrammet eg likte best, var Politisk kvarter, og at eg tidt og ofte var innom Lovdata.

Damene såg på kvarandre og noterte ned svara mine etter kvart som eg slo vekk beina under meg. Eg håpar så inderleg dei notata ikkje finst i dag.

Del to av intervjuet var ei grammatikkprøve. Medan eg sat der og bøygde verb og substantiv, byrja det å dura på fullt i veska mi. Eg hadde teke telefonen på lydlaus, men ikkje skrudd av vibrasjonen. Eg såg kjapt på skjermen: «Mammo mobil, 3 ubesvarte anrop». Uvanleg av henne, det må ha vore noko spesielt som gjer at ho ringer tre gonger på rappen.

Då eg var i gang med del tre av intervjuet, som var opptak i radiostudio, heldt duringa fram. Eg skal ikkje seia at duringa åleine var årsaka til at eg gjorde det eksemplarisk dårleg i studio, men det er ei fattig trøyst å ha noko å skulda på.

Ni tapte oppringingar venta meg då eg gjekk ut frå NRK-huset. Alle var frå mor mi. Så stod eg der åleine ved inngangen og ringde henne opp att. I andre enden svara ho med oppriven gråt som smitta gjennom røret. Eg skjønte det vel eigentleg alt etter tre tapte oppringingar.

– Besten er død.

Eg leita etter ein stad eg kunne gøyma meg vekk, bak ein vegg eller noko, men det var så altfor ope utanfor NRK-huset i Førde, og vindauge overalt. Det må ha sett rart ut for dei som eventuelt såg meg frå innsida. Her har me ei som verkeleg går med kjenslene på utsida.

Med telefonen på øyra og eit andlet i oppløysing sprang eg til næraste mørke krok eg kunne pressa fjeset inni, i eit busskur på andre sida av vegen. Der vart eg ståande til bussen kom og tok meg attende til Bergen. Dette var fyrste og siste gongen eg var i Førde. Nederlag på nederlag.

Ei veke seinare vart besten gravlagd, og dagen etter kom avslaget frå NRK Nynorsk mediesenter. Så gjekk det ei veke til, og to blå strekar kunna fortelja at eg var gravid. Det hadde eg visst vore i sju veker.

Det er i slike stunder ein kan byrja å lura på om det er ei meining med alt.

– Du må ikkje slutta å jobba no, rådde jordmora då eg fortalde om framtidsplanane mine: flytta til Bergen og studera sosialantropologi.

– Dette er ikkje tida for å byrja på nytt studium. No bør du jobba så tett opp til permisjonstida du kan, slik at du får foreldrepengar frå Nav.

Som ei bortkomen dotter kom eg slukøyra krypande attende til redaktøren min.

– Eg er visst gravid. Kan eg få jobba til eg skal ut i morspermisjon?

Svaret hans rørte meg til tårer.

– Du får jobba her så lenge du vil, sa han.

Då eg trong det som mest, var arbeidsstaden der for meg. No er det eg som har bede om pause i forholdet.

«Damene såg på kvarandre og noterte ned svara mine etter kvart som eg slo vekk beina under meg.»

Det er med blanda kjensler eg førebur eit år der eg berre skal jobba heimanfrå, og ikkje veit kva eg kjem til å tena. Som lita var eg brydd over å ha ei mor som hadde arbeidsplassen sin heime. Dei andre mødrene var sjukepleiarar, lærarar og frisørar – ekte arbeidsplassar utanfor heimen, med kollegaar og faste arbeidstider. Dei fekk løn og feriepengar, og kanskje fekk dei att på skatten.

Når mor mi skulle på jobb, gjekk ho ned i kjellaren. Der, vegg i vegg med vaskerommet, dreiv ho, og driv framleis, ein rammeverkstad.

Det er her eg er oppvaksen. Eg kunne kutta passepartout før eg kunne gå. Eit av dei fyrste orda eg lærte, var moms – den mørke sida av å vera sjølvstendig næringsdrivande. Momsen var ei plageånd som innhenta mor annankvar månad. Når ho ikkje bekymra seg for momsen, dansa mor rundt arbeidsbenken og song Tor Endresen-hittar av full hals. «Ingen er så nydelig som du, hu-hu, å-hu-hu.»

Medan mor ramma inn kunst for kundar, sat eg på golvet og laga min eigen kunst.

Eg hadde uendeleg tilgang på teikne- og måleutstyr, trelim og glitter. Ikkje lett plastglitter, som dei har i tradisjonelle barnehagar, men ekte, tungt metallglitter. Slikt som vert til når ein kuttar ei metallist, og som du lett kan skjera deg på. Dette var barnehagen for dei hardhuda.

Rammeverkstaden gav meg og syskena mine eit arsenal av våpen. Den som ikkje har opplevd å bli skoten med ei kompressordriven stiftemaskin, veit ikkje kva smerte er.

Det var fyrst då eg vart eldre, at eg lærte å setja pris på rammeverkstaden i kjellaren. No ser eg kor hendig det har vore for mor å balansera middag, klesvask og innramming.

– Legg du att nøklane når du går, spør redaktøren frå kontoret.

Ja, det heldt eg på å gløyma.

Dette er berre eit komma, men her eg står på det blotta kontoret og fjernar nøklane frå den faste plassen på nøkkelknippet mitt, kjennest det som eit punktum. På det meste har me vore tre i redaksjonen, men ofte berre to, redaktøren og eg.

Eg veit kor sterk han likar kaffien sin, og han veit kor godt eg likar å bli servert kaffi utan å ha sagt noko. Eg veit kva han vil ha på rullekebaben, og han veit kva eg vil ha på min.

Eg kan fullføra setningane hans om forfattarskulen på Finnsnes og studietida i England, men når han slår over til spansk, heng eg ikkje med. Det veit han, og likevel gjer han det.

Eg har sett borna hans veksa opp. Medan han og eg har skrive avisa ferdig om onsdagane, har sønene våre spelt Pokémon på lunsjrommet.

Men ingenting av dette ligg i kassen med dei personlege eigedelane mine. Kassen er nesten tom. Å gjera kontoret klart til vikaren min for eitt år tek rundt to minutt, og då reknar eg med reingjering av tastaturet.

Eg har aldri før kjent meg så lett erstatteleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis